Innvandringsminister Kallmyr skryt av at han koplar returavtalar med bistand
Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) brukar statsbudsjettet til å skryte over at regjeringa har drege i land avtalar om retur av asylsøkjarar med endeleg avslag.
Jøran Kallmyr (Frp) blei justis- og innvandringsminister i mars i år. Måndag la han fram sitt første statsbudsjett, her legg han mellom anna vekt på å få til fleire returar av asylsøkjarar med endeleg avslag.
Adrian Nielsen
– Det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land, skriv Justisdepartementet (JD) og med det statsråd Jøran Kallmyr i budsjettproposisjonen som blei lagt fram på måndag.
Konkret kva land det er snakk kunne ikkje Justisdepartementet opplyse i går, men i 2020-budsjettet listar Kallmyrs departement opp land som har fått såkalla prosjekttilskot til migrasjonstiltak frå JD. Mellom dei er Somalia, Sudan, Etiopia, Marokko, Tyrkia, Irak, kurdiske sjølvstyrestyresmakter i Irak, Nigeria og Palestina.
LES MEIR: Kallmyr: – Eg kjem til å vere hard i klypa