Innenriks

Færre kommunar avkortar sosialhjelpa mot barnetrygd

BARNEFATTIGDOM: Over 65.000 barn lever i familar som mottek sosialhjep. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ein av tre norske kommunar let vera å avkorta sosialhjelpa for familiar som får barnetrygd.

Nye tal som Vårt Land har henta inn, viser at 33 prosent av kommunane let vera å inkludera barnetrygda når dei rekner ut kva folk skal få i sosialhjelp.

I 2017 var andelen langt lågare – då gjaldt dette berre 15 prosent av kommunane.

Sosialhjelp blir utbetalt av kommunane og skal dekka heilt grunnleggande behov. Kommunane kan, om dei vil, rekna barnetrygd som ein del av inntekta til folk som får slik hjelp.

Det betyr i praksis at dei som får barnetrygd, får mindre i sosialhjelp.

I 2020 var det over 65.000 barn i familar som mottek sosialhjep, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Tønsberg-ordførar: Fleire bør gjera som oss

– Rundt 800 barn lever under fattigdomsgrensa i Tønsberg. Mange av dei lever i familiar som får sosialhjelp. Me meinte at det er urettvist at dei som har lite, skal få endå mindre.

Det seier ordførar i Tønsberg, Anne Rygh Pedersen (Ap). Tønsberg er ein av kommunane som har snudd, og som ikkje lenger inkluderer barnetrygda i utrekninga av sosialhjelp.

I Tønsberg har den såkalla «trafikklys-alliansen» fleirtal. Alliansen består av Ap, Sp, MDG og KrF. Det var desse partia som la fram forslaget for kommunestyret i desember 2019 om å halda barnetrygd utanfor utrekning av sosialhjelp.

Opposisjonen meinte me ikkje hadde råd til dette. Me meinte me ikkje har råd til å lata vera.

—  Anne Rygh Pedersen, ordførar i Tønsberg

Ordføraren seier til Vårt Land at denne endringa var den største omrokeringa dei gjorde i eit stramt budsjett for 2020. Vedtaket er anslått til å kosta rundt 7,5 millioner kroner i året.

– Opposisjonen meinte me ikkje hadde råd til dette. Me meinte me ikkje har råd til å lata vera. Fleire kommunar burde gjera det same som Tønsberg. Me bør ikkje straffa dei som har minst frå før, seier Rygh.

Skal bli avgjort i Molde

Denne debatten går i mange kommunestyre rundt om i landet.

I Molde skal kommunestyret torsdag denne veka ta stilling til eit forslag frå formannskapet om å slutta å rekna barnetrygda som inntekt. Forslaget er venta å gå igjennom.

Det synes Britt Janne Tennøy (H) er ein dårleg ide. Ho er leiar i hovudutvalet for oppvekst, kultur og velferd i Molde kommune.

– Held me barnetrygda utanfor utrekninga av sosialhjelp, er me ikkje sikre på at det kjem barna til gode. Då må kvar enkelt familie halda av barnetrygda til barna.

Ho viser til kommunedirektøren, som skriv i si innstilling:

«Ved å holde barnetrygden utenfor vil Molde kommune ikke kunne målrettet sikre barns behov, og det er fare for at barns behov ikke vil bli dekt og vi vil se økt utenforskap. Samtidig vil vi hele veien vurdere barns beste og vil gjøre individuelle vurderinger konkret i enhver situasjon med hensyn til barnet.»

Kostnaden er rekna til å ligga mellom 2,2 og 4,8 millioner kroner.

– Bekymringa mi her er ikkje kommunens auka utgifter, men at barnas behov ikke vert dekt. Eg har trua på målretta tiltak som for eksempel BUA Molde som driv utlån av utstyr, Kontantkassa og støtteordninga Fritidskortet, seier Tennøy.

Forsiktig jubel frå SV

Tala som Vårt Land har henta inn, viser at 67 prosent av kommunane i 2020 inkluderte barnetrygd i utrekning av sosialhjelp. I 2017 var talet oppe i 85 prosent.

Karin Andersen i SV er glad, men ikkje overraska over denne nedgangen.

– Dette har SV teke opp i mange kommunestyre. Eg er glad for at dette skjer.

Ho seier det trengst eit nasjonal lovendring som slår fast at barnetrygda ikkje skal med i utrekninga av sosialhjelp.

– Barnetrygda er ein stor sum for mange kvar månad. Alle får den, bortsett frå dei som treng den mest. Det er eit paradoks.

Ho peiker på at kommunale vedtak om å ikkje ta med barnetrygd i fastsetjing av sosialhjelp, ikkje alltid kjem dei fattigaste til gode.

– Sosialhjelp er ein skjønnsvurdering. Eg har høyrt om kommunar som ser vekk frå barnetrygda i fastsetjing av sosialhjelp, men som kuttar andre plassar, som i støtte til fritidsaktivitetar. Dette må stoppast.

Sosialhjelp og barnetrygd

  • Sosialhjelp blir utbetalt av kommunane og skal dekka heilt grunnleggande behov. Kommunane kan rekna barnetrygd som ein del av inntekta til folk som får slik hjelp.
  • Tala Vårt Land har henta inn, viser at 67 prosent av kommunane i 2020 inkluderte barnetrygd i utrekning av sosialhjelp.
  • Desse tala er førebelse tal frå KOSTRA-statistikken. Ni av 356 kommunar har enno ikkje rapportert inn tala, som kan endra anslaget med eit prosentpoeng.

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Innenriks