Kirke

Prost lovprisar handteringa frå lokalsamfunna etter dødsbrann i Vesterålen

BRANN: Den tragiske hyttebrannen ved Risøyhamn i Andøy kommune tok livet av fem menneske, kor fire av dei var barn. Prost i Lofoten prosti og sokneprest i Svolvær kyrkje skildrar lokalsamfunn i sorg.

Måndag blei namna på dei omkomne frigjorde i samråd med politiet og dei nære familiane. Luise Marie Bang (40), Mogens Pareli Krogh Hovde (15), Gustav Rane Krogh Hovde (12), Henning Christian Bang Johansen (15) og Hedda Madell Bang Winther (10) mista alle livet i brannen natt til laurdag i Risøyhamn sør på Andøya. Alle omkomne hadde sine heimar i Vågan kommune og gjekk på skule i Svolvær og Henningsvær.

Sokneprest i Svolvær kyrkje Peter Shaw Wilhelmsson skildrar ei tung sorg og nome i Svolvær og Henningsvær, men samtidig ei lette no som namna er blitt frigjorde.

— Det er fint å kunne seie namna på dei vi saknar, høgt og tydeleg. Samtidig som det er tungt, då det heile blir verkeleg ein gong på nytt, seier han.

Har valt å stå saman i krisa

Vågan er ein liten kommune fordelt over fleire små samfunn.

Prost i Lofoten prosti Kristine Sandmæl fortel at folk flaggar på halv stong. Henningsvær har knapt 500 innbyggarar. To barn frå ein skule som har under 40 elevar, er omkomne.

— Det seier noko om kor ufatteleg djup denne tragedien er for lokalsamfunnet.

Ho fortel om til saman fem pårørande familiar som blir følgde opp. Eit kriseteam og ein krisestab er oppretta for å ta hand om både familiane, medelevar og andre etterlate. Prosten og soknepresten fortel at dei er djupt imponerte over korleis kriseteam og krisestab, lærarane og skulane har handtert hendinga. Folk i Svolvær og Henningsvær har valt å stå saman i krisa, fortel Shaw Wilhelmsson.

— Ein kunne ha valt annleis — å døyve smerta, å la det vere mørkt. Det har ein ikkje gjort her. Her vel vi å gripe til kvarandre sine hender. Det er utruleg beundringsverdig.

Skulane har laga eigne minneplassar til minne om dei omkomne, fortel han. Det er stillerom med bilde, lys som brenner og roser som står attmed. Medelevar har laga minneprotokoll. Der lagar dei teikningar og skriv helsingar til dei som er borte.

Det er framleis ein til dels nomen situasjon i området, fortel han. Ein vil framover ha behov for flere minnestundar. Med omsyn til faktorar som smittevern og kohortgrupper. Arbeidet til krisestaben, med støtte og oppfølging med familiane til ungane vil halde fram.

— Vi ser fram til at vi skal få kistene og få lov til å halde gravferd. Då får vi også våre gravsteinar, seier han.

Risøyhamn 20210118. 
Lys ved ruinene etter en hyttebrann på Risøyhamn i Andøy kommune natt til lørdag 16. januar. Der fem personer mistet livet.
Foto: Jens André Mehammer Birkeland / NTB

Kyrkjene fylde med lys

Laurdag og søndag heldt skulane og kyrkjene i Svolvær og Henningsvær ope. Ordførar i Svolvær kommune fortalde om medelevar som i lag med foreldre kom til skulane for å minnast sine skulekameratar, venner og medborgarar.

Prost og Sokneprest fortel også om at kyrkjene har fylt ei stor rolle i lokalsamfunna i krisetida. I Henningsvær har over 80 personar vore innom i løpet av helga. I Svolvær har over 150 besøkt kyrkja. Kyrkjeromma er fylde med tende lys.

— Det er ikkje det same som at folk vender seg til Gud, men dei bruker kyrkja for å signalisere ein veg framover. Lysa brenn for å minne oss om det levande livet som var og som vi sjølve ber på, seier Shaw Wilhelmsson.

Kyrkjene vil halde fram med å vere ope så lenge folk har behov for det, fortel dei.

— Barna med på å løfte oss fram

At fire barn har mista livet gjer det heile ekstra ille. Ungane speler ei eiga rolle i lokalsamfunna i Svolvær og Henningsvær, seier soknepresten. Han har forståing for dei som blir redde av å sjå barn mista liva på denne måten.

— Når barn dør får vi ein kjensle av at framtida vaklar litt. Det er som om planen ikkje fungerer likevel. Idet ungane kan døy blir det som om dei beina framtida og håpet står på, sviktar.

— Det er då det er fint å sjå korleis dei andre ungane fortel om dei som har mista livet. Slik er ungane med på å løfte oss fram i dei dagane vi står i.

Shaw Wilhelmsson kjenner at han som sokneprest ikkje står åleine. Blant han står eit lokalsamfunn som held hender, men også ein Gud.

— Det har blitt veldig klart for meg i denne tida at Gud sine ord gjeld — at han elskar oss alle saman. Dei tinga har blitt veldig tydelege no.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke