Går ut mot Tvedt-hyllest
Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) går hardt ut mot Vebjørn Selbekks omtale av Terje Tvedts nye bok. Sjølv meiner Selbekk at fleire bør få augene opp for Tvedts teoriar.
Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk opplever ikkje kritikken frå Norsk Luthersk Misjonssamband verken som uvanleg eller spesielt sterk. Han håper mange vil kjøpe og lese Terje Tvedts bok.
Peter Mydske
Boka Det internasjonale gjennombruddet har skapt mykje debatt sidan den kom ut i november i fjor. Historikar og forfattar Terje Tvedt skriv om utviklinga frå då Noreg vart ein bistandsnasjon og fram til dagens multikulturelle samfunn. Han er særleg oppteken av islams påverknad på det norske samfunnet.
Boka har fått variert mottaking frå bokmeldarar.
Stiller spørsmål