Frå styreverv til milliontildeling
Audhild Rotevatn gjekk rett frå styreverv i Dag og Tid til utval som kåra avisa til vinnarar i kamp om statlege millionar.
Audhild Gregoriusdotter gjekk ut av styret i Dag og Tid då ho blei tilbydd plass i eit offentleg utval som skulle vurdere om avisa var kvalifisert for statleg pressestøtte. - Dette viser kor problematisk ordninga er, meiner generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund.
Scanpix
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er medlem i eit mediefagleg utval nedsett av Norsk kulturråd. Utvalet vurderer Dag og Tid som ei av dei mest støtteverdige vekeavisene i landet.
Gregoriusdotter Rotevatn var varamedlem til styret i Dag og Tid då ho blei spurt om å sitje i utvalet.
Eg informerte straks Kulturrådet om styrevervet mitt då dei spurde om eg ville sitje i dette utvalet. Deretter gjekk eg ut av styret i avisa, seier Gregoriusdotter Rotevatn til Vårt Land.
Bestill abonnement her
KJØP