Frå neste år blir «omvend Robin Hood-politikk» forbode

FATTIGDOM: SV fekk gjennomslag for å nekta kommunar å kutta i sosialhjelp til barnefamiliar. Forskar Simen Markussen kallar praksisen som no blir forboden, for «omvend Robin Hood-politikk».

h
STØTTAR FORBOD: Seniorforskar Simen Markussen meiner mange kommunar driv ein omvend Robin Hood-politikk, der dei tek barnetrygda frå dei fattigaste.
Publisert Sist oppdatert

I budsjettforliket med SV blir det forbode å kutta i sosialhjelpa til barnefamiliar, og med det følgjer ein årleg pott på over 500 millionar kroner.

Det synest Simen Markussen, seniorforskar ved Frischsenteret, er gledeleg.

– Dette er flott. Dette er ein halv milliard kroner med ein kraftig omfordelande effekt.

Markussen har vore med å skriva fleire norske offentlege utgreiingar (NOU-ar), mellom anna ei om offentleg støtte til barnefamiliar.

Han meiner trygdegrepet, som to av tre kommunar har brukt, har skapt problem med legitimiteten til heile ordninga med barnetrygd.

– Det har vore er ein slags omvend Robin Hood-politikk, der ein tok barnetrygda frå dei fattigaste. Praksisen har gjort at nesten heile argumentet for barnetrygd forsvinn. Den skal jo vera ei universell yting som alle skal få.

560 millionar kroner i budsjettet

Til no har kommunar kunne rekna barnetrygd som ein del av inntekta til folk som får sosialhjelp. Det har ført til at barnefamiliar får kutt i sosialhjelpa.

Dette omstridde trygdegrepet har SV sagt dei vil ha ein slutt på. Dette har vore eitt av tre barnetrygd-krav som partiet tok med inn i budsjettforhandlingar med regjeringa.

I forhandlingane fekk SV ikkje gjennomslag for krav om søskentillegg eller generell auke i barnetrygda for dei eldste barna. Men dei vann fram med kravet om å forby trygdegrepet.

No får regjeringa i jobb å leggja fram eit lovforbod, med mål om at det skal tre i kraft frå 1. september neste år.

Kari Elisabeth Kaski etter framleggelsen av regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet for Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
TRE KRAV: Kari Elisabeth Kaski tok med seg tre barnetrygd-krav i budsjettforhandlingane. Ho vann fram med eitt av dei.

I budsjettforliket ligg det inne 560 millionar kroner i året til denne lovendringa.

I ei utrekning frå 2018 kom Arbeids- og sosialdepartementet fram til at kommunar ville få ein meirkostnad på 430 millionar kroner om trygdegrepet vart forbode.

– Denne halve milliarden går til kommunane, som ei ekstra overføring til fattige barnefamiliar, seier Simen Markussen.

Omstridd trygdegrep

  • Kommunane har kunna rekna barnetrygd som ein del av inntekta til folk som får sosialhjelp.
  • Tal Vårt Land har henta inn, viser at 67 prosent av kommunane bruker dette grepet.
  • Når kommunar tek med barnetrygd i utrekning av sosialhjelp, fører det til kutt i sosialhjelpa.
  • Barnetrygda er no på 1.654 kroner i månaden for dei yngste barna og 1.054 kroner for dei eldste. Einslege forsørgjarar kan få opptil 1.700 kroner ekstra.

Kommunane vil ha større fridom

Mange kommunar som har brukt dette trygdegrepet, peiker på økonomi. Det kjem fram i ein rapport frå Redd Barna, som har intervjua leiarar i over 100 kommunar.

Samstundes peiker fleire kommunar på at grepet gjev dei større fridom til å ta individuelle vurderingar. Fleire av dei intervjua peikte på at foreldra ikkje alltid bruker barnetrygda på barna.

Me fann ut at det ville bli 20.000 færre barn under låginntektsgrensa, om barnetrygda hadde vore like mykje verd som det ho var i 1996.

Jon Epland, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå

Simen Markussen meiner desse kommunane i praksis flyttar pengar mellom ulike fattige familiar.

– Dei samlar jo ikkje all barnetrygd i ein stor pott for så å omfordela denne. I staden er det slik at nokon av dei fattigaste barna – som visstnok har foreldre som ikkje brukar pengane på ein god måte – ender opp med å ikkje få nokon ting.

Seniorforskaren understrekar at kontantoverføringar ikkje alltid er rette våpenet i kamp mot fattigdom. Offentlege tenester som gratis eller billig barnehage og SFO speler også ei viktig rolle.

– Det kan vera gode grunner til å vri meir av støtta mot tenester. Men svaret kan ikkje vera å berre omfordela mellom dei fattigaste familiane.

– Barnetrygd er effektivt for å få dei over den grensa

Jon Epland, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå, har forska mykje på barnefattigdom. Tidlegare har han sett på om kva som ville skje, om barnetrygda vart auka i takt med prisveksten sidan 1996.

– Me fann ut at det ville bli 20.000 færre barn under låginntektsgrensa, om barnetrygda hadde vore like mykje verd som det ho var i 1996.

d
EFFEKTIVT: Seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå Jon Epland meiner auka barnetrygd er eit effektivt grep for å redusere barnefattigdomen.

I 2019 fekk KrF gjennom ein historisk auke i barnetrygda. Sidan då har barnetrygda auka med rundt 8000 kroner i året for dei minste, og 1000 for barn over seks år.

KrF vann i si tid ikkje fram med kravet om at barnetrygda skulle haldast utanfor ved utrekning av sosialhjelp. Berre auken i barnetrygd skulle haldast utanfor. No skal altså heile barnetrygda haldast utanfor.

Barnetrygd er effektivt for å få familiar over fattigdomsgrensa

Jon Epland kjenner ikkje til forsking som viser kor viktig barnetrygd er for familiar som tek imot sosialhjelp. Men han reknar med den har ein sterk effekt.

– Mange familiar ligg rundt låginntektsgrensa. Det skal små endringar til i hushaldsinntekt før ein krysser låginntektsgrensa. Barnetrygd er effektivt for å få dei over den grensa.

Han viser til det såkalla finnmarkstillegget i barnetrygda, som vart fjerna i 2014.

– Då såg me at delen barn i låginntektshushald auka meir i dette fylket enn i andre fylke.