FN stiller drivstoffkrav til Gaza
FN seier dei må avslutte det humanitære arbeidet på Gazastripa om dei ikkje snarleg får nye drivstofforsyningar.
Israelske soldatar står vakt kring ein drivstoffbil. Det er no stor mangel på drivstoff på Gaza.
AMIR COHEN/SCANPIX
Det melder BBC.
Assisterande sekretær i FN, general Angela Kane, seier matdistribusjonen til 650.000 flyktningar står i fare for å bli kansellert. Også innsamling av søppel frå 500.000 personar kan bli stansa.
Som om dette ikkje er nok: Endå ein halv million har allereie utilfredsstillande avfallskapasitet og sjukehus og klinikkar manglar drivstoff.
Bestill abonnement her
KJØP