Fleire kyrkjelyder vil samarbeide med kyrkjer i Palestina: – Naturleg, seier domprost

Sokneprest i Bøler kyrkjelyd ser eit aukande engasjementet for Palestina. Kyrkjelyden har sjølv nyleg inngått venskapsavtale med ei palestinsk kyrkje i Betlehem. 

FORTVILA: Pål Kristian Balstad er domprost i Oslo bispedømme. Han seier dei er mange som er veldig fortvila over situasjonen sivile lir under i Gaza og på Vestbreidda.
Publisert Sist oppdatert

I 2024 hadde ni kyrkjelydar i Oslo bispedømme vennskapsavtale med Den evangelisk-lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land (ELCJHL), som har kyrkjesamfunn i Jordan og Palestina. Ifølgje sakspapir frå Oslo bispedømmeråd ønskjer fleire kyrkjelydar i Oslo slike vennskapsavtalar, utan å spesifisere kor mange det er snakk om. 

Vennskapskyrkjelyder er ei ordning som har eksistert lenge og handlar om at kyrkja i tillegg til å vere ei lokal folkekyrkje, har eit globalt ansvar, ifølgje domprost i Oslo bispedømme, Pål Kristian Balstad. 

– Som del av den verdsvide kyrkja ønskjer me å vere til støtte for våre søsken rundt omkring i verda, og ein del av det er å etablere avtalar i Midtausten med Den lutherske kyrkja i Jordan og det heilage land, fortel Balstad.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP