Ernas truverde
Statsminister Erna Solberg har hatt tunge dagar: Det store politiske prosjektet hennar har knaka i samanføyningane i hardkøyret frå Frp mot KrF, og basketaket fekk lov å halde på for lenge før statsministeren kom på bana sjølv.
Erna Solberg har tunge dagar.
Johansen, Carina
Men Solberg har likevel gode evner til å stå i eit stormkast. Dei siste dagane har ho dessutan markert seg med både brodd og med sårbar varme.
Ta til dømes den twitter-meldinga ho sjølv skreiv etter eit møte med innvandrarkvinner. Ho rosa dei, men hadde ein klønete skrivefeil som raskt vart kommentert – og med det vart skrivefeilen ei «stor sak». Solberg rykka her raskt og godt ut: Ho ville frita sine underordna for ansvaret for skrivefeila. Ho stod ope fram med sin dysleksi – og forsvarte dessutan at ho sjølv skriv på sosiale media for å vere i dialog med veljarar, framfor å overlate dette til sekretærane sine som kan halde stø norsk.
Ho var trygg og varm på fjernsynet då ho forklarte dette. Det avtvingar respekt at ho ikkje gjer noko forsøk på å løyne dysleksien og etterlyser meir hjelp til elevar som slit.
Bestill abonnement her
KJØP