Den mangfaldige katedralen
På Grønland finn du ei kyrkje med god klang og tryggande rituale som reflekterer sitt mangfaldige nabolag.
Grønland kyrkje tronar over Oslo indre aust der ho sit på ei lita høgd i Grønlandsleiret 34. Eg veit eg er på riktig veg når eg mange minutt i forvegen blir helsa av kyrkjetårnet over hustaka. Brun teglstein, ubeskriveleg høge veggar og intrikate detaljar skapar eit bilete av makt og rikdom. Ikkje rart ho har tilnamnet «austkantens katedral» frå gammalt av.
Innanfor døra blir eg møtt av ein kyrkjevert med program og salmeboka. Sett mot det store rommet ser dei trettitals besøkande ut som små prikkar. Sjølv om utsmykkinga ikkje er meir enn nokre glassmåleri ved altaret og lysekroner i taket, kjenner eg likevel den ærefrykta som ofte fossar over meg når eg drar til katedralar i utlandet. På ein måte gjer dei kvite veggane Guds allmakt om mogleg endå større, fordi her kan du ikkje gøyma deg vekk i vakre motiv på veggane.
STORSALEN: Den hippe veslesystera til tradisjonelle kyrkjelydar
Bestill abonnement her
KJØP