Blir nekta asyl - får søkje lovleg arbeid
Det Arne Viste kjempar for er praktisk politikk i Sverige. Asylsøkjarar med endeleg avslag kan skifte spor og søkje arbeidsløyve. Søknadsbunken er firedobla på fire år.
I 2015 kom det heile 162.000 menneske til Sverige for å søkje asyl - her kontrollerer politiet ei gruppe flyktningar som kom til Malmö med tog frå Danmark. Dei som får avslag på asylsøknaden i Sverige kan søkje arbeidsløyve i landet.(Foto: Johan Nilsson / TT/NTB scanpix)
Migrationsverkets tilbod er enkelt:
«Om du har fått avslag på søknaden om asyl, og har fått eit vedtak om utvising som har byrja å gjelde, kan du i visse tilfelle søkje om arbeidsløyve utan å reise frå Sverige.»
– Dette tilbodet er god politikk som tek vare på ei sårbar gruppe, seier Tor B. Jørgensen, styreleiar i Mennesker i Limbo, til Vårt Land. Organisasjonen han leiar prøver å hjelpe papirlause og ureturnerbare som oppheld seg i Norge.
Bestill abonnement her
KJØP