Ambassadør til Vårt Land: – Kasakhstan er ikkje eit fullt utvikla demokrati
KASAKHSTAN: Ambassadør Yerkin Akhinzhanov vedgår at det kasakhstanske demokratiet har manglar, men nektar for at landet er er autoritært. – Det er sikkert ting å kritisere, men i det minste kan eg seie at vi prøver.
KASAKHSTAN: Ambassadør Yerkin Akhinzhanov med kronikken Kjell Magne Bondevik skreiv om Kasakhstan i eit PR-magasin for landet i fjor haust.
Erlend Berge
– Om du ser ein person med våpen, om du ser ein person som skyt, så trur eg inga politistyrke i verda ville ha problem med å identifisere det som terroristar. Ordren var, skyt terroristar. Kva anna ordre skal ein leiar gje, når det går føre seg målretta drap?
Det seier Kasakhstans ambassadør i Noreg Yerkin Akhinzhanov til Vårt Land når han blir konfrontert med fråsegn frå sin eigen president.
Då det som byrja som demonstrasjonar mot auka drivstoffprisar, spreidde seg til storbyen Alamaty og byrja å eskalere, gjekk president Tokajev ut med ei tv-overført tale der han sa at han hadde gjeve ordre til landets tryggleiksstyrkar om å skyte for å drepe.
Bestill abonnement her
KJØP