– Alle er einige om å bruke mindre tvang, heilt til tragedien skjer

PSYKIATRI: Individuell fridom er ein veksande trend innan psykiatrien, ifølge Pål Grøndahl. Det kan føre til at farlege personar, som drapsmannen på Kongsberg ikkje vert stogga i tide.

Ofrene i Kongsberg minnes med blomster og tente lys. Byens basketballklubb Kongsberg Miners har valgt å utsette sine kamper kommende helg. Foto: Terje Bendiksby / NTB
TRAGEDIE: Den tragiske hendinga i Kongsberg natt til torsdag aktualiserar spørsmålet om kva ein gjer for å hjelpe dei som hamnar mellom politi og psykiatri. Den ideologiske trenden i psykiatrien er at folk skal ha rett til å gå til helvete, meiner rettspsykiater Pål Grøndahl.
Publisert Sist oppdatert

– Den ideologiske trenden innan psykiatrien har sidan 1970-talet vore at det skal vere lov å gå til helvete.

Psykologspesialist Pål Grøndahl er ein av landets mest erfarne rettspsykiatrisk sakkunnige, og skreiv i 2019 læreboka Om drap. Han meiner at terskelen for å sette i gang nødvendig behandling for alvorleg psykisk sjuke stadig er blitt heva, som følgje av ei ideologisk overtyding om at individuell fridom og sjølvstyre trumfar alle andre omsyn.

Trenden går eit halvt hundreår tilbake i tid meiner han, og viser blant anna til filmar som Gjøkeredet (1975), som teikna eit bilde av forferdelege institusjonar der bruk av tvang blir framstilt som unødvendig og tilfeldig.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP