Då Travis Mullis blei straffa med døden for å ha drepe den tre månader gamle sonen sin, var han med på å setje ein dyster rekord.
Då Mullis og tre andre blei avretta i september i fjor, hadde 1.600 drapsdømde amerikanarar blitt ført inn i dødsrom etter at USA høgsterett gjeninnførte dødsstraffa i 1976.
Måndag 20. januar blir Donald Trump innsett som president. Han lovar meir bruk av dødsstraff.
– Me skal på nytt bli eit land der det rår lov og orden, skriv Trump på Truth Social.
USAs 47. president varslar at han vil instruere justisdepartementet til å trappe opp bruken av dødsstraff straks han tek sete i Det kvite hus.

Texas loggfører siste ord
Texas avrettar flest – 561 sidan delstaten igjen byrja med avrettingar i 1982. Texas spør også dei dødsdømde: Kva er dine siste ord?
Texas Department of Criminal Justice loggfører kvart ord.
«Etikken ved avrettingar blir ei sak mellom dykk og Gud», sa Travis Mullis før han la til:
«Det var mi avgjerd som plasserte meg her. Eg er klar.»
24. september, klokka 19.01, fekk han ein dødeleg injeksjon, stroppa fast i dødsrommet i fengselet i Huntsville.
«Eg skal heim for å vere saman med Jesus»
Nokre dødsdømde har lite å sei, andre mykje. Fleire lit på Gud når døden ventar, andre bur seg på å få møte Jesus.
Som Kimberly McCarthy:
«Takk alle saman. Dette er ikkje et tap, dette er ein siger. Eg skal heim for å vere saman med Jesus.»
Eller Carroll Joe Parr:
«Desse augo vil lukke seg, men dei vil bli opna igjen, mi oppleving av Gud er at Jesus har fått meg gjennom.»

Som Stephen Barbee:
«Eg vil at alle skal ha fred i hjarte som berre Jesus kan gje oss. Eg er klar til å reise heim.»
Eller Kosol Chanthakoummane:
«Eg vil takke Jesus Kristus, min Herre og frelsar.»
Som Larry Swearingen:
«Herre, tilgje dei. Dei veit ikkje kva dei gjer.»
---
Dødsstraff USA
- Dødsstraff er avvikla i 23 av USAs 50 delstatar.
- Seks delstatar har førebudd eit forbod, Arizona, California, Ohio, Oregon, Pennsylvania og Tennessee.
- Texas, Oklahoma, Missouri og Alabama avrettar flest.
---
Nektar Texas sjela
Eller Abel Revill Ochoa:
«Eg vil gjerne takke Gud, min far, min Herre Jesus frelsar for å ha redda meg og endra livet mitt.»
Eller Rosendo Rodriguez:
«I dag møter eg min Gud og far. Staten må gjerne ha kroppen min, men ikkje sjela.»
Eller Ramiro Hernandez:
«Takk Gud, eg går med deg.»

Som Jedidiah Murphy. Han resiterte Salme 34, som startar slik:
«Eg vil velsigna Herren til alle tider, alltid lovsyngja han med min munn. Eg er stolt over Herren, lat dei hjelpelause høyra det og vera glade. Pris Herren saman med meg, lat oss æra hans namn. Eg søkte Herren, og han svara meg, frå alt som skremde, berga han meg.»
Og sluttar slik: «Men Herren bergar livet til sine tenarar, ingen som søkjer tilflukt hjå han, blir straffa.»
Nonner møter dødsdømde kvinner
Sidan 1982 har Texas avretta seks drapsdømde kvinner. Lisa Coleman var den siste. Før ho fekk giftsprøyta i 2014, var dette hennar aller siste ord:
«Gud er god. Eg elskar deg, tante. Eg er ferdig.»
I Texas sit alle dødsdømde kvinner i same fengsel, som ber namnet til ein mann, Patrick L. O’Daniel i Gatesville. Ein gong i månaden får dei sju besøk av nonner frå ordenen Sisters of Mary Morning Star.
Søster Pia, ei av nonnene, fortel at ho var nervøs då ho steig inn i fengselet første gongen, men at ho no ser fram til kvart møte.
Ho ser på deira fengselsliv som noko som liknar klosterlivet, eit stykkje på veg.
– Eg trur me får så mykje meir frå dei enn me gjev dei, seier søster Pia til Catholic News Agency (CNA).

Er blitt katolikkar på dødscelle
Kvinnene på dødscellene i Gatesville lever i uvisse. Ingen har fått dato for avretting. Det påverkar også nonnene som kjem på besøk. Søster Pia fortel at dei bur seg mentalt på at avrettingsdagen kan komme brått.
– Det er noko me har bedt om … me ber om at me skal vere sterke.
Nonna har ei von, men er samstundes realistisk.
– Me vonar at det ikkje skjer. Me ber om at det skal skje eit mirakel, at avrettingane deira blir stoppa. Men me legg alt i Guds hender, og at dei tek imot fred og nåde når dagen kjem.
Etter møta med nonnene har fleire av dei dødsdømde kvinnene valt å konvertere, dei er blitt katolikkar, opplyser CNA. To er blitt døypte inne på dødscella dei sit på.
Diakon Ronnie Lastovica i Austin bispedømme rosar fengselsarbeidet til nonnene.
– Du vil sjå på kvinnene på dødscelle, når dei snakkar om krafta i nattverden, kva denne har gjort for dei. Gud er der. Gud er i live. Du ser at sjølv dei verste syndarane får vona tilbake.

Gav livet i julegåve
Rett før jul brukte president Joe Biden fullmakta han har. USAs statssjef benåda 37 dødsdømde som sat på dødscelle i føderale fengsel. Dødsstraffene blei gjort om livsvarig fengsel.
Det nye året 2025 starta med at den avtroppande guvernøren i delstaten Nord-Carolina gjorde om dødsstraffa for 15 drapsdømte menn til livsvarig fengsel, utan høve for prøvelauslating.
– Dette er mellom dei vanskelegaste avgjerdene ein guvernør kan ta, og dødsstraff er den strengaste straffa staten kan gje, sa Roy Cooper, og slo fast at omgjering var det einaste rette.
I Texas sit 174 drapsdømte på dødscelle. Sju av dei er kvinner.