Nyheter

Kunnskapsministeren om LHBTQ-bok: – Verkar ikkje egna for born

OPPLÆRING: Kunnskapsministeren svarar Kjell Ingolf Ropstad på spørsmål om LHBTQ-boka Gender Queer.

Før jul sendte Kjell Ingolf Ropstad inn eit skriftleg spørsmål til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), der han lurer på om kunnskapsministeren meiner at LHBTQ-boka Gender Queer egnar seg for born.

Ropstad argumenterer med at tegneserieboka har eit seksuelt innhald som han seier dei fleste vil vere einige om at ikkje er for born, noko forfattaren Maia Kobabe og forlaget også sjølv har sagt.

I spørsmålet sitt viser han til eit utdrag frå boka lese av senator John Kennedy, der sexleketøy, kjønnsorgan og oralsex vert nemnt. Forfattaren sjølv har tidlegare sagt i eit intervju med Washington Post at boka ikkje er meint som barnebok, sjølv om boka er fargerik og i tengeserieformat.

Det er de som jobber på skolen, og kjenner elevene, som har best utgangspunkt for å finne bøkene som treffer deres elever

—  Kari Nessa Nordtun (Ap)

– Verkar ikkje egna for born

Nessa Nordtun kjem med forbehold om at ho sjølv ikkje har lese boka, men uttalar seg basert på det spørsmålet frå Ropstad presenterer:

«Ut fra den korte beskrivelsen som gjengis i begrunnelsen for spørsmålet og forfatterens uttalelse, virker boken ikke egnet for barn», skriv kunnskapsministeren.

Nessa Nordtun seier at det ikkje ligg i hennar rolle å avgjere eller meine noko om ei konkret bok er eigna eller ikkje for elevar på barnetrinnet. Ho har full lit til at dei som jobbar i skulen brukar godt skjønn når dei vel ut litteratur til skulebiblioteka.

«Det er de som jobber på skolen, og kjenner elevene, som har best utgangspunkt for å finne bøkene som treffer deres elever», skriv ho.

Ville fjerne, men ombestemte seg

I desember vart boka beden fjerna frå skulebiblioteket på ein barneskule i Arendal. Skulesjefen i kommunen Karl Axel Moen sa då at det handla om å skape god tillit og samarbeid med foreldra. Han peika på at ifølgje alderstilrådinga frå Biblioteksentralen var boka for vaksne og ungdom frå 16-18 år og oppover, men at det på den aktuelle skulen går elevar i aldreren seks til 13 år.

Det vakte sterke reaksjonar at boka skulle fjernast, og mange meinte at det var eit forsøk på sensur.

Like etter snudde Agder-skulen, og bestemte at boka likevel ikkje skulle fjernast.

– Boka belyser et viktig tema, og det er viktig at bøker av ulike sjanger og med ulik tematikk er tilgjengelig for elevene våre, skreiv rektor ved Roligheden skole, Lise Dukane, til Agderposten.

Kulturredaktøren i Vårt Land var blant dei som reagerte på bokforbodet. Han skreiv at det ikkje bør vere opp til den politiske leiinga eller skulesjefen i kommunen å avgjere kva for litterære verk som skal finnast i biblioteket.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter