– Han var veldig beskjeden, og eit sosialt og empatisk menneske.
Det seier Knut Vollebæk om USAs tidlegare president Jimmy Carter, som døydde søndag, 100 år gammal.
Vollebæk har møtt Carter fleire gonger, både då han jobba med bistand, som utanriksminister frå 1997 til 2000 og seinare som Noregs ambassadør til Washington, D.C.
Eit møte minnest han med latter:
– Carter skulle bli med eit rutefly frå New York til Oslo då han skulle ta imot fredsprisen i 2002. Han var forseinka, så me måtte be flyet venta. Då han kom inn på flyet, gjekk han rundt for å handhelsa på alle passasjerane, til kabinpersonalets store fortviling, seier Vollebæk, og legg til:
– Han såg menneske.
Søndagsskulelærar som bad bordbøn
Demokraten Jimmy Carter var USAs president frå 1977 til 1981.
– Eg opplevde Carter som veldig oppdatert. Han var oppteken av sosiale spørsmål og kriser i verda, seier Vollebæk.
Carter var ein aktivt truande baptist.
– Han var veldig open om trua og fortalde gjerne om at han var søndagsskulelærar. Me hadde ein middag i ambassaden i Washington før han drog til Noreg for å ta imot fredsprisen. Slik eg hugsar det, foreslo Carter bordbøn før me åt.
Carter var oppteken av å bygge bru, og hadde ei tru på det gode i mennesket.
— Knut Vollebæk, tidlegare utanriksminister og ambassadør
Etter at han gjekk av som president, vart Carter brukt som fredsmeklar og valobservatør. Han har oppretta stiftinga Carter-Menil Human Rights Foundation.
– Våga ting ut over det som var offisiell amerikansk politikk
Same året som han fekk Nobels fredspris, i 2002, tok Carter ei historisk reise til Cuba. Han var den første sittande eller tidlegare amerikanske president til å besøka den karibiske øystaten sidan revolusjonen i 1959.
– Hans engasjement på Cuba viste at han våga ting ut over det som var offisiell amerikansk politikk. Carter var oppteken av å bygge bru, og hadde ei tru på det gode i mennesket, seier Vollebæk.
Den tidlegare norske utanriksministeren og ambassadøren trekker også fram fredsavtalen mellom Israel og Egypt, som Carter fekk gjennom i 1979.
– Fredsavtalen kan nesten seiast å vera det einaste amerikanarane har fått til internasjonalt, som står igjen den dag i dag. Det er takka vera Carter.
Døyr veker før Trump tek over
I oktober, femten dagar etter at han fylte 100 år, leverte Jimmy Carter si stemme i det amerikanske presidentvalet.
Han har fortalt familien at han ønska å leva lenge nok til å støtta presidentkandidat Kamala Harris.
Det ønsket vart oppfylt, men Harris tapte mot Donald Trump.
Vårt Land spør Knut Vollebæk:
– Jimmy Carter døyr veker før Donald Trump tek til med ein ny periode som USAs president. Kva tenker du om det?
– No har Trump vore ute og sagt nokre hyggelege ting om Carter, og det er bra. Men det finst kanskje ikkje større motpolar i amerikansk politikk enn Jimmy Carter og Donald Trump. Der den eine er audmjuk og tek tak i ting for å gjera ein forskjell, verkar den andre mest oppteken av å framheva seg sjølv.
---
Jimmy Carter
- James Earl «Jimmy» Carter, Jr.
- Født 1. oktober 1924 i den lille byen Plains i Georgia. Død 29. desember 2024.
- Gift med Rosalynn (Smith) Carter fra 1946. Paret fikk fire barn.
- Tjenestegjorde i den amerikanske marinen fra 1943 til 1954.
- Delstatssenator for Demokratene i Georgia fra 1963 til 1967. Georgias guvernør fra 1971 til 1975.
- Ble valgt til president for Demokratene i 1976 og satt i Det hvite hus fra 1977 til republikaneren Ronald Reagan overtok i januar 1981.
- Fikk i 1979 Israel og Egypt til å slutte fred og undertegne den såkalte Camp David-avtalen.
- Grunnla Carter-senteret i 1982. Har siden engasjert seg sterkt i arbeid for fred, menneskerettigheter og demokrati verden over, gjennom Carter-senteret.
- Fikk i 2002 Nobels fredspris for sitt arbeid.
Kjelde: NTB
---