17 organisasjonar søkte om til saman 1,5 milliard kroner gjennom støtteordninga som er forvalta av Norad. Av desse fekk åtte organisasjonar innvilga søknaden.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) presenterte på eit møte i Utanriksdepartementet (UD) korleis pengane er fordelt.
– Så langt er det delt ut ein milliard kroner – som er veldig mykje. Den potten har det vore ein søkjeprosess på, og så er me inne i prosessen med å sjå på kva meir me skal gjere, seier han til Vårt Land.

Utanriksministeren er glad for at det er brei semje om forslaget til regjeringa om å auke ramma frå 75 til 135 milliardar over tid, og utvide programmet med tre år.
Den norske støtta til Ukraina skal totalt liggje på minst 35 milliardar kroner i 2025 – det vart stortingspartia einige om tidlegare i haust. Av dette seier Barth Eide at 12,5 milliardar skal gå til sivile tiltak.
185 millionar totalt til KN og Caritas
Ein av organisasjonane som har søkt på ordninga på 1 milliard, og fått pengar, er Kirkens Nødhjelp (KN).
– Me har hatt ein innsats i Ukraina sidan krigen starta, og det siste året har me etablert eit felles landsprogram med danske KN i Kyiv. Me jobbar med ulike felt – danske KN er mellom anna sterke på minerydding – og me jobbar mykje med sanitære forhold og mental helse. Dette arbeidet skal me halde fram å gjere, i stor grad med lokale ukrainske samarbeidspartnarar, seier Dagfinn Høybråten, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.
– Er de nøgde med beløpet?
– Ja, det var i nærleiken av det me søkte på. KN har fått 90 millionar kroner til sitt arbeid i Ukraina og Moldova framover. Her er det store behov og me er glade for å vere ein del av svaret på dei behova, seier Høybråten.
Han understrekar at det samtidig er større humanitære kriser andre stader i verda som får mindre verksemd.
– Situasjonen i Syria der det er påtrengande nødvendig med militærhjelp og gjenoppbygging av landet. I tillegg har me Sudan, som er den største humanitære krisa i verda, seier han.
Dei andre organisasjonane som får pengar gjennom Norad-ordninga er:
- Flyktningehjelpen (NRC): Får 325 millionar
- Røde Kors: Får 190 millionar
- Norsk Folkehjelp: Får 164 millionar
- NORCAP (del av NRC): Får 56 millionar
- Redd Barna: 45 millionar
- Caritas Norge: Får 95 millionar
- SOS Barnebyer: Får 25 millionar
– Gir enormt mykje til Ukraina
Barth Eide seier at sjølv om det er viktig å bidra med våpenhjelp og ammunisjon, skal folk også leve midt i krigen.
– Ungar må gå på skulen, ein må ha helsetenester og behandle psykiske lidingar. Dette er viktig, ikkje berre ut frå eit humanitært prinsipp om å hjelpe folk, men også for å oppretthalde moralen i befolkninga. Om det raknar bak fronten, hjelper det ikkje å ha tapre soldatar i skyttargravene, seier han.
Støtta til Ukraina gjennom Nansen-programmet kjem kvart år, men i år kjem det ekstra mykje, fordi 2025 vert eit viktig år for Ukraina, ifølgje utanriksministeren.
– Me må vere ærlege på at me gir enormt mykje til Ukraina samanlikna med resten av verda.
Barth Eide seier at Norge trass alt eit land som gir mykje til resten av verda, og viser til at ein som regel har gitt over 1 prosent av BNI til bistand.
– Mange har kutta i støtta, så me har ikkje dårleg samvit for det. Men, det er klart at Ukraina får ei heilt anna merksemd. Dei står oss nær, og det skjer på vårt kontinent og det er viktig at dei lukkast der – det er berre å vere ærleg på, seier han.
Norsk hjelp lagt merke til
Jan Egeland, generalsekretær i Flyktningehjelpen, er også klar på at Nansen-programmet spelar ei viktig rolle for arbeidet organisasjonen gjer i Ukraina og områda rundt.

– Det er ein grunnbjelke i eit kjempeprogram. Flyktningehjelpen har firedobla Nansen-pengane med europeiske og amerikanske middel. Fleksibiliteten i programmet er heilt avgjerande for oss, seier han.
Sjølv har Egeland nettopp vore Ukraina – mellom anna i Kherson – som er den absolutte fronten.
– Her opprettar me no eit nytt frontlinjekontor som skal hjelpe 140.000 menneske som er under dagleg angrep frå russiske styrkjer, fortel generalsekretæren.
Pengane frå Nansen-programmert går til nødhjelp i frontlinjeområde i sør, aust og i nordaust i landet, ifølgje Egeland.
– Her finn me dei samfunna som er mest øydelagde, der det er størst naud og der det er mykje utsette. Det er heilt hjarteskjerande å sjå. Russarane køyrer ein krig i samfunn som består av forfrosne pensjonistar og funksjonshemma. Dei treng hjelp, og den norske bistanden vert lagt merke til i Ukraina, seier han.
---
Nansen-programmet for Ukraina
- Norsk statleg sivilt og militært støtteprogram for Ukraina, som følgje av at Russland invaderte landet i 2022
- Det vart først løyva 75 milliardar kroner totalt for perioden 2023-2027, men tidlegare i haust føreslo regjeringa å forlenge perioden til 2030, og dessutan auke den totale støtta til minimum 135 milliardar kroner.
- Programmet er oppkalla etter polfarar Fridtjof Nansen (1861–1930) og hans humanitære innsats under hungersnøden i Sovjet-Russland i 1921–1923.
Kjelde: Regjeringa.no
---