Er det lov med skulegudstenester eller ikkje? Det er eit spørsmål som har skapt debatt den siste tida.
«Ja» seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). «Nei» seier styreleiar i Human-Etisk Forbund (HEF) Christian Lomsdalen.
1. august i år trådte den nye opplæringslova i kraft – som forbyr all form for forkynning i skulen. Kunnskapsministeren var tidlegare ute og sa at skulegudstenester ikkje omfattast av punktet om forbod mot forkynning, og at det dermed er lov. Andre, som Lomsdalen, meiner ein ikkje har hjemmel i det nye regelverket til å arrangere skulegudstenester.
Ein skule i Trondheim har i forvirringa bestemt seg for å avlyse årets skulegudsteneste, og no ser Kristeleg Folkeparti seg nøydde til å handle. Derfor har dei utarbeida eit forslag der dei vil endre opplæringslova om skulegudstenester.
Eg er opprørt over den debatten som har vore, og særleg når stortinget har vore så tydeleg på at det er lov med skulegudsteneste
— Kjell Ingolf Ropstad
Ønskjer å reversere lovteksten
– Eg er opprørt over den debatten som har vore, og særleg når stortinget har vore så tydeleg på at det er lov med skulegudsteneste. Samtidig ser me at det er fleire skular som seier nei, og derfor kjem KrF med dette forslaget, seier Kjell Ingolf Ropstad, stortingsrepresentant for KrF, til Vårt Land.
Han fortel at forslaget er todelt. Det første er at dei ønskjer at alle skular skal tilby skulegudstenester. Det andre er at dei ønskjer at lovteksten skal endrast tilbake til slik den var før.
Før heitte det at «forbod mot forkynning i KRLE-faget», medan det no heiter «opplæringa skal ikkje vere forkynnande». På nettsidene til Den norske kyrkje står det at «en skolegudstjeneste er per definisjon trosutøvende og forkynnende», noko som har vore med på å skape debatt.
For å unngå uklarheit rundt dette, ønskjer KrF å reversere lovteksten i opplæringslova.
– Det lettaste hadde vore om ein hadde gått tilbake til eit forbod mot forkynning i KRLE-faget, seier Ropstad.
Vil legge debatten «død»
Ropstad meiner det først og fremst er den nye lovteksten som har skapt usikkerheita rundt skulegudstenester.
– Men, det er ingen tvil om at den bastante tolkinga frå HEF har vore med på skape endå større usikkherheit. Også debatten i Trondheim, der det kom ut feil informasjon frå skulen, har vore med på å gjere at det er mange som har valgt å ikkje arrangere skulegudstenester i år, seier han og legg til:
– Dersom lovteksten blir brukt slik den no vert forsøkt brukt, er eg bekymra for kva som vil skje med skulegudstenestene i framtida.
Stortingsrepresentanten håpar no å få lagt debatten død, slik at ein unngår dei same rundane før neste jul.
– At stortinget faktisk tek stilling til dette og ryddar tvilen av vegen trur eg er viktig, seier Ropstad.
– Djupe røter i kristendommen
– Kva er det som er viktig med skulegudstenester, kan ikkje dei elevane som vil gå på gudsteneste delta utanfor skuletida?
– Jo, det kan dei sjølvsagt, og det er det nok mange som gjer også, men Norge har djupe røter i kristendommen og desse verdiane har vore med på å forme landet – og er også grunnen til at me til dømes har juleferie. Denne rytmen meiner me det er viktig at skulen formidlar, seier Ropstad.
Han seier at elevane bør få dette tilbodet der det er mogleg å få til – men påpeiker at sidan skulegudstenesta er forkynnande, må ein også ha høve til å be om fritak.
Ropstad meiner det ikkje skal vere opp til FAU eller rektor å ta stilling til dette om skulen skal tilby skulegudsteneste.
– Ikkje innvandrarar som tek opp debatten
– Kva med skular der majoriteten har innvandrarbakgrunn og kanskje tilhøyrer ein annan religion – kvifor skal dei måtte tilby elevane skulegudsteneste?
– Dette er ein viktig del av det norske samfunnet, og når det er snakk om innvandring, er det faktisk viktig at ein både får den verdiformidlinga og den historiske- og kulturelle formidlinga i ulike fag, og også at ein får oppleve skulegudsteneste, seier han.
Han seier at hans erfaring er at det ikkje er innvandrarar som løftar debatten om skulegudstenester. Dei er ofte opptekne av religion og tru, og synest det er naturleg, meiner stortingsrepresentanten.
– Eg opplever heller at det er Human-Etisk Forbund som tar opp dette, seier Ropstad.
---
Opplæringslova:
- Ny opplæringslov trådte i kraft 1. august 2024
- Ei endring er at den no ikkje berre forbyr forkynning i KRLE-faget, men i opplæringa i skulen.
- Elevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei med rimeleg grunn opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige.
- Opplæringa om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.
Kjelder: Lovdata.no
---