KrF vil reversere punkt som forbyr forkynning i opplæringa
SKULEGUDSTENESTE: Den nye opplæringslova forbyr forkynning i norsk skular, noko som har skapt forvirring rundt om det er lov med skulegudstenester. KrF presenterer forslag som skal rydde opp i forvirringa.
OPPRØRT: Kjell Ingolf Ropstad seier han er opprørt over den debatten som har vore rundt skulegudstenester.
Lise Åserud/NTB
Er det lov med skulegudstenester eller ikkje? Det er eit spørsmål som har skapt debatt den siste tida.
«Ja» seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). «Nei» seier styreleiar i Human-Etisk Forbund (HEF) Christian Lomsdalen.
1. august i år trådte den nye opplæringslova i kraft – som forbyr all form for forkynning i skulen. Kunnskapsministeren var tidlegare ute og sa at skulegudstenester ikkje omfattast av punktet om forbod mot forkynning, og at det dermed er lov. Andre, som Lomsdalen, meiner ein ikkje har hjemmel i det nye regelverket til å arrangere skulegudstenester.