Nyheter

Dømmer Etiopia-praksis ulovlig. Justisministeren nektar å gripe inn

INGEN KONTROLL: Dei flykta frå regimet i Etiopia. I Norge må dei møte til avhøyr med etiopiske styresmakter, utan advokat, tolk eller politi. Ulovleg, seier statens tilsynsråd.

– Avhøyra må ta slutt, ingen skal bli utsette for slikt press, praksisen manglar rettstryggleik, seier biskop Tor B. Jørgensen.

Justisministerens eige tilsynsråd feller ein hardare dom: Praksisen er ulovleg og må opphøyre.

Dei internerte manglar grunnleggjande rettstryggleik, seier SV, MDG, Raudt og KrF.

Saka handlar om etiopiarar som har fått endeleg avslag på søknaden om asyl i Norge, men som heimlandet lenge har nekta å ta imot.

Sidan februar er dei blitt pågripne av politiet, så plasserte på Politiets utlendingsinternat, ein fengselsliknande institusjon ved flyplassen på Gardermoen.

Fordi etiopiarane manglar godkjente pass, får ikkje Norge deportert dei til Etiopia, sjølv om Norge har ein returavtale med Etiopia.

celler

Ingen observatør i rommet

Justisminister Emilie Mehl (Sp) har som mål å få tvangsreturnert dei som ikkje skal vere i landet.

Difor har norske styresmakter invitert delegasjonar frå Etiopia til Trandum – den siste kom i byrjinga av november.

På politiinternatet må flyktningar ha samtalar med styresmakter frå landet dei har flykta frå.

Samtalane, som mange etiopiarar kallar avhøyr, har eit viktig mål: Stadfeste identitet.

Først med godkjent identitet vil Etiopia ta i mot dei Norge vil tvangsreturnere.

Men: Samtalane på politiinternatet skjer utan at norsk politi, tolk eller advokat er til stades.


Justisdepartementets tilsynsråd krev stopp

Denne praksisen har Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingsinternatet klare synspunkt på, viser eit brev rådet har sendt til Politidirektoratet (POD):

«Tilsynsrådet anser praksisen som problematisk og ulovlig.»

«De internertes rettsikkerhet er tilnærmet ikke-eksisterande under de aktuelle samtalene.»

«Tilsynsrådet ber om at Politidirektoratet besørger at den aktuelle praksisen opphører.»

Pål Morten Andreassen, Statens sivilrettsforvaltning

Rådsleiar er lagdommar

Tilsynsrådet kravde tidlegare i år at Politiets utlendingseining (PU), som driftar internatet, endrar praksisen ingen har innsyn i.

PU sa nei. Difor ber Tilsynsrådet no Politidirektoratet om å overprøve PUs avgjerd.

Tilsynsrådet er oppnemnt av Justisdepartementet, medlemmene sit i to år. Dagens rådsleiar, Pål Morten Andreassen, er lagdommar i Borgarting lagmannsrett. Fleire rådsmedlemmer er juristar.

Departementet er ikke kjent med sakens fulle faktum eller de juridiske vurderinger som er foretatt

—  Emilie Mehl (Sp), justisminister

Mehl har ikkje alle fakta

Justisminister Emilie Mehl (Sp) vil ikkje gripe inn:

«Departementet er ikke kjent med sakens fulle faktum eller de juridiske vurderinger som er foretatt», opplyser ho i eit svarbrev til Stortinget.

– Mehl toar hendene sine, seier Tor B. Jørgensen til Vårt Land.

Han er biskop emeritus og engasjert i organisasjonen Mennesker i limbo, som driv hjelpearbeid blant papirlause og ureturnerbare flyktningar.

Regjeringas budsjettpartnar pressar Ap og Sp

No løftar SV – Ap-Sp-regjeringas budsjettpartnar – saka inn i Stortinget.

I eit representantforslag står SV saman med KrF, Raudt og MDG. Partia krev at «den ulovlige avhøyrspraksisen ved Trandum utlendingsinternat vert stilt i bero» til lovverket er endra.

Regjeringa må sikre dei som blir låst inne på internatet «grunnleggjande rettstryggleik», krev dei fire partia. Så er ikkje tilfelle i dag, skriv dei.

Foto: Thomas Fure / NTB

Lovgjevar utfordrar Sp-statsråden

Praksisen med at korkje politi, tolk eller advokat får observere samtalane som finn stad på politiinternatet, er også løfta opp til justisminister Mehl av SV:

«Meiner statsråden at utlendingar sin rettstryggleik er vareteken når det vert gjennomført identitetsavklarande intervju på norsk jord utført representantar frå andre land utan at advokat, tolk eller Norsk politi er til stades», spør SVs Birgit Oline Kjerstad i eit skriftleg spørsmål til Sp-statsråden.

Mehl svarar at Tilsynsrådet har vendt seg til Politidirektoratet med krav, og saka er til behandling der.

«Det er derfor ikke naturlig å vurdere eller ta stilling til ev. oppfølging av saken fra departementets side på nåværende tidspunkt», skriv Mehl.

Vil ha svar på sensitive spørsmål

Biskop Tor B. Jørgensen og Mennesker i limbo vitja fredag dei som sit innelåste på politiinternatet. Han finn praksisen utoleleg.

– Etiopiarane me snakkar med fortel at dei blir avkrevd svar på svært sensitive spørsmål frå dei etiopiske delegasjonane som har komme til internatet. Utspørjarane vil ha svar på kven dei er, kvifor dei har flykta frå Etiopia, kvifor dei ikkje vil reise heim frivillig.

– Svarar etiopiarane på dette, vil dei lett få store problem om dei blir tvangssendt tilbake til Etiopia, seier Jørgensen.

internat

Etterkjem ønskje frå utlandet

I brevet Tilsynsrådet har sendt Politidirektoratet blir det opplyst at PU har ønskt å vere «til stede under samtalene», men at «en del land» «ikke ønsker dette».

Dette aksepterer PU fordi «samtalen skjer som ledd i utenlandske myndigheters vurdering av utstedelse av reisedokument».

Tilsynsrådet finn denne fråsegna «oppsiktsvekkende ettersom den viser at norsk politi på norsk institusjon, som også inneholder frihetsberøvelse, anser seg overlatt til hva utenlandske myndigheter måtte «ønske».

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter