Nyheter

Republikanske Janne har hatt ei god valnatt

USA-VALET: Donald Trump har erklært seier i presidentvalet. Norsk-amerikanar og delstatssenator Janne Myrdal meiner det går i riktig retning, medan norsk bibelskulelærar seier Gud regjerer uavhengig av kven som blir ny president.

Då Vårt Land ringte tidlegare i dag, var norsk-amerikanske Janne Myrdal optimist og i godt humør etter dei første valmålingane.

– Det ser veldig bra ut akkurat no, eg trur Trump blir president og at me får heile Kongressen også. Det blir nok ein mykje sterkare siger enn folk trudde.

Janne Myrdal, Nord-Dakota

Myrdal flytta frå Skien til USA for over 30 år sidan, og busette seg på den vesle plassen Edinburg i Nord-Dakota. No er ho amerikansk statsborgar, bonde og republikansk delstatssenator i Nord-Dakota. Dette er ein stat som er veldig konsekvent konservativ.

Trur Trump vil styre landet betre

Det Myrdal ser mest fram til med Trump som president, er endra politikk på fleire felt som har vore viktige i valkampen.

– Eg har sagt det mange gongar før, at ein av sakene som kjem i fokus kvart val i Nord-Dakota, er abort. Her er det ein klar skilnad på Trump og Harris sin politikk, seier Myrdal.

Ho nemner også at ho trur Trump vil handtere den amerikanske økonomien betre, og dessutan strengare grensekontroll og innvandring. Ho meiner dei siste fire åra med Joe Biden som president, har vore farleg for Amerika.

– Då Trump var president var verda mykje tryggare, seier ho og legg til:

– Eg skal ikkje gifte meg med han, men eg vil ha ein leiar som er sterk.

Myrdal er klar på at ho ikkje likte tanken på Harris som president.

– Eg har møtt Trump personleg fleire gonger, men har også sete i Kongressen og høyrt på Harris når ho talar, og ho har ikkje dei eigenskapane ein leiar skal ha, seier ho.

Ungdom i Oppdrag

I Montana bur og jobbar Gabriel Aslaksen. Den tidlegare studentane ved bibelskulen SBS underviser no andre i Bibelen.

– Dei fleste av vennane mine stemmer republikansk. Dei er vel forholdsvis nøgde no tenkjer eg, utan at eg har snakka med dei, fortel Aslaksen.

Gabriel Aslaksen

Opptakten til valdagen har vore roleg i miljøet rundt skulen, ifølgje han.

– Folk følgjer sjølvsagt med, og mange har vore usikre på utfallet, men valet har ikkje tatt overhand, seier den unge sørlendingen.

Uansett kven det er som er president, så er det Gud som regjerer. Dette går igjen blant elevar og tilsette ved skulen, og dessutan pastorar som forkynner

Aslaksen skildrar ei haldning der Gud kjem framfor politikk.

– Uansett kven det er som er president, så er det Gud som regjerer. Dette går igjen blant elevar og tilsette ved skulen, og dessutan pastorar som forkynner.

– Det opplever eg som ei sunn haldning, legg han til.

Aslaksen opplever at mange kristne er opptekne av å ikkje vere opprørske. Dei prioriterer det viktigaste, og set Gud framfor den som er leiar, meiner han.

Seierstale

Klokka 7 onsdag, norsk tid, stengde dei siste vallokala i USA. No har amerikanarane gitt frå seg sine stemmer, og seinare på formiddagen heldt Trump ein seiertale framfor sine fans og støttespelarar.

I presidentvalet i 2020, stemte drygt 158 millionar amerikanarar, noko som gav ei valdeltaking på 66,8 prosent. I år hadde rundt 250 millionar amerikanarar stemmerett, anslår den amerikanske tenkjetanken Bipartisan Policy Center, og om lag 78 millionar amerikanarar hadde førehandsstemt.

Fleire leiarar i verda har gratulert Trump med sigeren. Blant anna Noregs statsminister Jonas Gahr Støre.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Julian Mellingsæter

Julian Mellingsæter

Julian Mellingsæter er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter