Nyheter

Jøde vil bu saman med andre jødar

ALDERDOM: Jødiske Elias Zagory ønskjer å få flytte til Norges einaste jødiske alders- og sjukeheim. Lørenskog kommune seier nei.

– Han må få eit verdig liv i alderdommen, han vil så gjerne bu saman med andre jødar, seier ekskona Maj-Britt Zagory.

Ho talar hans sak i den snart eit år lange kampen mot kommunen.

I dag bur Elias Zagory i eigen bustad i Lørenskog. Der han får kommunal heimehjelp.

Men fordi helsa hans er sterkt sviktande, ønskjer Zagory to ting, der det andre er særs viktig for han:

Få flytte på institusjon.

Til Norges einaste jødiske alders- og sjukeheim, som ligg i nabokommunen Oslo.

Berre ein i Norge

Jødisk Bo- og Seniorsenter (JBSS) fortel Vårt Land at dei har ledig plass til Elias Zagory – og at dei har bebuarar frå andre kommunar enn Oslo.

Hjå JBSS får eldre jødar eit unikt jødisk tilbod, ingen andre institusjonar kan tilby det same – og han er nasjonal, ikkje berre for jødar busette i Oslo får Vårt Land opplyst.

Etter at PST høgna trusselnivået i Norge, ønskjer ikkje leiinga ved institusjonen å stå fram med namn.

Bu- og seniorsenteret ligg vegg i vegg med synagogen og samfunnshuset til Det Mosaiske Trossamfund (DMT).

For Elias Zagory er synagogen særleg kjær. Fram til helsa svikta, var han her nær kvar helg.

oslo

Har sterkt ønskje om koshermat

– Sidan han kom til Norge frå Israel for 50 år sidan har synagogen betydd særs mykje. No strevar han hardt med å komme seg dit, fortel Maj-Britt Zagory.

JBSS serverer også koshermat, noko Elias Zagory helst vil ha, men som han ikkje evnar å lage seg sjølv.

– Elias vil så gjerne leve som jøde, i dei åra han har att. Det vil JBSS hjelpe han med, forklarar ekskona.

Alders- og sjukeheimen er eigd og drifta av Det Mosaiske Trossamfund, og har ein kontrakt med Oslo kommune som strekkjer seg fram til 2027, og som kan bli forlenga.

Ein må ikkje vere jødisk for å få plass, og det kostar det same om ein bur på Jødisk Bo- og Seniorsenter eller i ein kommunal institusjon, opplyser DMT.

Han må få eit verdig liv i alderdommen, han vil så gjerne bu saman med andre jødar

—  Maj-Britt Zagory

Har særskilt ansvar for minoritetar

Elias Zagorys familie minner om, i klagebrev til Lørenskog kommune, at Norge har eit særleg ansvar for landets minoritetar. Jødane er ein av fem nasjonale minoritetar.

I 1999 ratifiserte Norge det som heiter Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar.

Det betyr at staten har «forpliktet seg til å legge forholdene til rette for at nasjonale minoriteter skal kunne bevare og videreutvikle sin egenart, sine språk og sin kultur», står det å lese på regjeringen.no.

Dette ansvaret har også kommunane i Norge, seier påpeikar Maj-Britt Zagory.

Fekk først nei, så blei det ja

Fire år tilbake i tid opplevde ei jødisk kvinne busett i Stockholm det same som Elias Zagory.

Ho ønskte å flytte frå Sveriges hovudstad til Jødisk Bo- og Seniorsenter for å ha dei siste leveåra der, fortalde Aftenposten.

Oslojenta overlevde krigen ved å flykte til Sverige då ho var 12 år gammal. Ho kom ut av verdskrigen utan foreldra.

I 2020 var Cecilia Sara Liewen sjuk og levde åleine.

Oslo kommune avslo søknaden om å betale for ein plass på JBSS. Kvinna kunne få eigen bustad i ein bydel og få heimehjelp.

Statsforvaltaren avgjer søknaden

Til sist overprøvde Fylkesmannen i Oslo og Akershus avslaget. Liewen fekk plass på JBSS.

No vonar Maj-Britt Zagory på same utfall – at Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus skal overprøve Lørenskog kommunes avslag.

For etter først å ha søkt om plass ved JBSS i fjor haust, fått avslag, anka og fått nytt avslag, går slike saker automatisk til statsforvaltar.

moss

Må fylle visse vilkår

Når Vårt Land spør Lørenskog kommune kvifor dei seier nei til Elias Zagorys ønskje om få flytte til JBSS for å vere saman med andre jødar, svarar Margrethe Tangre, verksemdleiar fag og forvaltning, i ein epost at «kommune kan ikke uttale seg om enkeltsaker og vil besvare spørsmålet på generelt grunnlag».

Tangre skriv:

«Når en innbygger i Lørenskog kommune søker om institusjonsplass, er det et sett med kriterium som må oppfylles for at dette skal kunne innvilges. Jødisk Bo- og Seniorsenter tilbyr plass til de personer som har fått et kommunalt vedtak om institusjonsplass. Dersom en innbygger ikke fyller vilkårene for institusjonsplass, kan den heller ikke få innvilget plass ved Jødisk Bo- og Seniorsenter.»

Svarar ikkje på konvensjonsspørsmål

Vårt Land har stilt kommunen to spørsmål til:

– Kva vurderingar har Lørenskog kommune gjort i høve Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar?

Det svarar ikkje Tangre på.

– Kvifor tok det lang tid å behandle søknaden?

Tangre svarar:

«Når det gjelder saksbehandlingstiden i kommunen er dette noe vi jobber kontinuerlig med for å kunne gi innbyggere gode vurderinger på sine søknader i tråd med vilkårene.»

Margrethe Tangre fortel kva kommunen har gjort no:

«Innbyggere som får avslag på søknad om institusjonsplass, kan klage. Dersom klagen ikke blir tatt til følge, sender vi den til Statsforvalteren som da behandler saken.»

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter