– No blir det opp til Stortinget, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Vårt Land.
Ho har von om at stortingsfleirtalet kan fatte endelege vedtak som støttar Senterpartiets ståstad i abortsaka.
Fredag legg Støre-regjeringa og helseminister Jan Christian Vestre (Ap) fram forslaget til heilt ny abortlov – og sender same dag loven over til behandling i Stortinget. Dagens lov har nesten stått urørt sidan 1976.
Det er jo ulike vurderingar rundt dette, også blant oss, men me følgjer partiprogrammet
— Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister
Sp-ministrar har ulikt syn, står likevel samla
Men regjeringa står ikkje samla bak alle forslaga i loven. I to saker tek Senterpartiets statsrådar dissens:
- Ap flyttar grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18, Sp står på partiprogrammet som seier veke 12.
- Ap skrotar forbodet mot sjølvbestemt tvillingabort, Sp held på forbodet, vil ha sakene avgjort i nemnd.
– Står alle statsrådane til Senterpartiet bak dissensane?
– Det er jo ulike vurderingar rundt dette, også blant oss, men me følgjer partiprogrammet, seier Toppe.
Første dissens i Støre-regjeringa
Sp-statsråden fortel at dissensane er tufta på argumenta til abortutvalet som leverte forslag til ny lov – mindretalets syn på abortgrense og fleirtalets syn på tvillingabort.
– Kunne me forventa noko anna enn at Senterpartiet skulle følgje opp eige program og ta dissensar?
– Det låg vel litt i korta, vedgår Toppe og legg til:
– Dette er jo første gongen me tek ein dissens i denne regjeringsperioden, og me har hatt mange vanskelege saker til behandling politisk.
I Hurdalsplattforma står det at «regjeringspartiene står fritt til å søke flertall i Stortinget for sine standpunkter om abortloven».
Eg vil jobbe for at Senterpartiet sitt syn får fleirtal
— Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister
Toppe: Absolutt ikkje ei tapt sak
Arbeidarpartiet, Venstre, SV, MDG og Rødt er venta å røyste ja til forslaget om abortgrense. Det vil gje 80 representantar, fem mindre enn det som trengst for at loven skal bli vedtatt.
– Ser du for deg at dei fem trer fram?
– No har det vore undersøkingar i pressa, og fleire har jo stått fram, blant anna fem frå Frp. Men eg vil jobbe for at Senterpartiet sitt syn får fleirtal, lovar Toppe.
Ho minner om at både parti og befolkninga er delt i synet på forslaga i abortloven.
– Så det er absolutt ikkje ei tapt sak, tenkjer eg. Mykje kan skje i debatten framover.
Tekk vekk dobbeltrolle frå nemndene
Barne- og familieminister Kjersti Toppe er glad for at Ap og Sp står samla om fleire forslag i den nye loven.
– Det er semje om ei heilt ny nemndordning, for me legg ned dagens abortnemnder. Me tek vekk dobbeltrolla dei har i dag. Det blir slutt på at nemndene både skal avgjere abortsøknadar og ha ansvaret for informasjon og rettleiing. Det siste blir no helsetenesta sitt ansvar.
Ho peikar på at det faktum at nemndene ikkje blir opplevde som gode for alle kvinner.
– No skal kvinnene bli møtte på ein betre måte.
Dei nye abortnemndene skal handsame abortsøknadar for gravide som er mellom veke 18 og 22.
Lovfestar retten til å fullføre svangerskapet
Sp kan notere seg to viktige forslag i arbeidet med ny abortlov.
– Me går lenger enn abortutvalet og lovfestar retten til å fullføre svangerskapet.
– Dersom me gjer om loven slik at fleire kvinner bestemmer sjølve, så må me syte for at kvinner som vil bere fram fosteret også blir møtt på ein god måte i helsevesenet. Det har vore tilfelle der kvinner ber på foster med sjukdommar der helsevesenet har vore veldig tydelege på at her må det aborterast, fortel Toppe.
Ho minner om at gravide også har fortalt om abortpress frå både partnarar og familie.
– Lovfesting har også ein haldningsskapande effekt. Me vil få ei større forståing for det uperfekte.
Regjeringa lovfestar også helsepersonells rett til å reservere seg mot å utføre abortinngrep. I dag er dette løyst i ei forskrift.
Skal evaluere bruken av blodprøve og tidleg ultralyd
Det andre forslaget Sp og Toppe er nøgde med, er ei evaluering. Bruken av fostertesten Nipt og tidleg ultralyd skal bli evaluert av Bioteknologirådet.
Rådet starta i vår arbeidet med å evaluere bioteknologiloven, på oppdrag frå regjeringa.
I 2020 vedtok Stortinget at alle kvinner får tilbod om tidleg ultralyd i svangerskapet, og at alle over 35 år får tilbod om blodprøva Nipt, som kan avdekkje kromosomavvik.
Abortutvalet skriv: «Tilbudet representerer en stor endring i svangerskapsomsorgen i Norge. Når det gjøres funn ved tidleg ultralyd og NIPT, henvises kvinnene til videre utredning. Kvinnene vil stå overfor valget mellom å fortsette svangerskapet eller avbryte. Det er i få tilfeller behandlingsmulighet.»
Ei slik evaluering blir veldig viktig om abortgrensa blir heva til 18 veker
— Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister
«Det har vore svært viktig for meg»
– Det var eit forslag frå abortutvalet, forklarar Toppe.
– Ei slik evaluering blir veldig viktig om abortgrensa blir heva til 18 veker.
– Dette var viktig for deg?
– Det har vore svært viktig for meg.