Raudt-superpar skal lesa heile Bibelen på eit halvt år

– Eg trur eg blir eit klokare og betre menneske av å lesa Bibelen. Det er jo eigentleg det som er målet.

Mímir Kristjánsson (37) kikkar bort på sambuar, medforfattar, kollega og sjef Sofie Marhaug (34). Dei sit saman i eit sparsamt møblert husvære i Oslo sentrum. På stovebordet ligg ein flunkande ny Bibel.

Fram til jul skal Raudts superpar lesa Bibelen frå start til slutt. Ingen av dei er kristne, men begge er nysgjerrige på å bli betre kjend med bøkenes bok.

Sofie Marhaug smiler lurt og seier ho har meir «åndelege tilbøyeligheter» enn sambuaren.

– Eg prøver å utfordra det å skulle ha eit såkalla rasjonelt blikk på alt. Eg tenker me er meir styrt av kjensler enn me likar å innrømma. Då trur eg at Bibelen kan vera ein god stad å begynna, seier ho.

Mímir Kristjánsson (Stortingsrepresentant for Rødt) og Sofie Marhaug (nestleder i Rødt) har begynt å lese Bibelen. Tatt inne på pendlerboligen deres.

Ein pustepause frå politiske sakspapir

Veggane er glisne og bøker ligg stabla bak TV-en og i skapet i entreen. Paret har enno ikkje fått opp ei bokhylle i pendlarhusværet. Her bur dei i lag når dei ikkje er i Stavanger.

I tillegg til å vera sambuarar, er begge representantar for Raudt på Stortinget. Dei har skrive bok saman om rike skatteflyktningar. I mai vart Sofie Marhaug vald til nestleiar i Raudt, i konkurranse med mellom anna Mímir Kristjánsson.

No er Bibelen neste prosjekt for paret. Mímir Kristjánsson seier han gler seg.

– Me les mykje sakspapir i det daglege. Bibelen er liksom det motsette av sakspapir. Det kjennest kjekt og overskotsprega å skulle lesa Bibelen saman.

Eg likar ikkje så veldig godt når folk seier at Jesus var den første sosialisten.

—  Mímir Kristjánsson

Har gradvis fått opp auga for bodskapen i Bibelen

– Den kristne bodskapen handlar om heilt grunnleggande spørsmål som me også stiller oss i politikken: Kva er rettferdig? Kva er godt? Me som er sosialistar, har all mogleg grunn til å gå til Bibelen og sjå på den med eit friskt og fordomsfritt blikk, seier Sofie Marhaug.

Mímir Kristjánsson fortel at det gradvis har gått opp for han kor radikal den kristne bodskapen er.

– Ta ideen om at alle menneske er like framfor Gud. Ideen er ekstrem – ein form for kommunisme – i mine auge. At ingen skal stå mellom deg og Gud og tolka eller bestemma eller styra. Du står åleine til ansvar for Gud som dømmer.

---

Raudts superpar:

  • Mímir Kristjánsson (37) Raudt-politikar, forfattar og tidlegare journalist. Han er stortingsrepresentant for Rogaland og medlem av Stortingets arbeids- og sosialkomité.
  • Sofie Marhaug (34) er nestleiar i Raudt, forfattar og litteraturvitar frå Universitetet i Bergen. Stortingsrepresentant for Hordaland, andre nestleiar i Energi- og miljøkomiteen. Tidlegare medlem i Bergen bystyre.

---

Samstundes åtvarar Kristjánsson politikarar mot å «kolonisera» Bibelen og ta tekstane til inntekt for eige syn.

– Eg likar det ikkje så veldig godt når folk seier at Jesus var den første sosialisten. Det synest eg er litt fornærmande mot Jesus. Den kristne bodskapen skal ein få lov til å ha, enten ein står på høgre- eller venstresida. Ideane som er i Bibelen, tilhøyrer for meg ei slags pre-politisk tid.

Venstresida inga hindring

Partiet som dei to representerer, er basert på marxistisk teori. Men sjølv om den tyske filosofen Karl Marx er kjend for uttrykket «religion er opium for folket» – om korleis religion kan vera ei sløvande verkelegheitsflukt som hindrar dei undertrykte frå å gjera opprør – meiner paret at det er litt utdatert å hevda at venstresida har fordommar mot kristendommen.

Mímir Kristjánsson (Stortingsrepresentant for Rødt) og Sofie Marhaug (nestleder i Rødt) har begynt å lese Bibelen. Tatt inne på pendlerboligen deres.

– Det er lenge sidan Ap begynte å orientera seg i retning bedehusa og droppa parolane om å stryka kristenkorset frå flagget. I 1930 gjorde Ap eit elendig val, etter å ha foreslått å fjerna kristendomsundervisning, seier Mímir Kristjánsson.

Han peiker på at også SV har hatt «ein veldig sterk kristen-sosialistisk tradisjon» og meiner venstresida lenge har vore prega av kristendommen.

Sofie Marhaug meiner mykje av venstresidas motstand har botna i maktkritikk.

– Kristendommen i Noreg har i periodar vore undertrykkande. Den har vore makta. Men slik er det jo ikkje lenger.

Bergensaren var sjølv kristen som barn, kanskje påverka av prestefrua som var lærar på barneskulen. Ho seier ho ikkje har hatt dårlege møte med kyrkja eller kristendom.

– Eg har sett Den norske kyrkja innlemma kvinner og homofile. For mange i min generasjon har ikkje kyrkja hatt ein undertrykkande funksjon.

Historiene handlar om det vonde som er i verda, og som Gud ikkje fiksar for deg.

—  Sofie Marhaug

Sofie Marhaug festar seg ved dei brutale forteljingane

Bibelen som ligg på stovebordet, er bunden inn i grøn tekstil med marmorerte kantar. Måleriet Solen av Edvard Munch dekker dei to første sidene. Dette er 2024-utgåva av Folkebibelen, som vart utgjeven av Bibelselskapet i mars i år.

Vårt Land spør Raudt-paret om kva historier som dei kjenner best frå Bibelen.

For Sofie Marhaug handlar historiene som har festa seg hjå henne, ofte om ein Gud som er vanskeleg å forstå.

– Som i påskefortellinga når Jesus heng på korset og spør kvifor Gud har forlate han. Eller forteljinga i Mosebøkene om Abraham og ofringa av sonen. Historiene er veldig brutale og viser det vanskelege ved kristendommen, der Gud set menneska på prøve. Kvifor gjer Gud det?

Mímir Kristjánsson (Stortingsrepresentant for Rødt) og Sofie Marhaug (nestleder i Rødt) har begynt å lese Bibelen. Tatt inne på pendlerboligen deres.

Som del av litteraturstudiane har Sofie Marhaug lese ein del i Bibelen. Ho finn klangbunn for dei vanskelege forteljingane i verda av i dag.

– Historiene handlar om det vonde som er i verda, og som Gud ikkje fiksar for deg. Det er gripande både menneskeleg og litterært, for i verkelegheita så skjer det sånne ting hele tida, og me klarar ikkje å forsona oss med det.

Identifiserer seg med den bortkomne sonen

Mímir Kristjánsson seier at han er «veldig svak» for likninga om den bortkomne sonen. Guten som reiste ut og sløste vekk pengar i eit vilt liv, men vart feira av faren med fine klede og ein storslegen fest då han vende angrande tilbake.

– Han identifiserer eg meg med. Han styrer og tullar og bruker pengane på horer, og så kjem han tilbake og blir teken imot på den måten. Det handlar om nåden, som eigentleg er noko av det mest basale og fantastiske med kristendommen.

Han kallar det ein «sinnssjukt radikal tilgjevingsbodskap» når sonen kan koma heim og bli heidra.

– Eg synest det er utruleg fint. Og det kjem av at eg føler eg har eit behov for tilgjeving heile tida.

Kristendommen seier at det finst noko som er heilag og som ikkje kan kjøpast og seljast.

—  Mímir Kristjánsson

Kallar kristendommen ein naturleg alliert til venstresida

For fem år sidan las Mímir Kristjánsson boka til Pave Frans. Boka «Let Us Dream» las han då han skreiv ei bokmelding i Klassekampen.

Det var ein augneopnar for Raudt-politikaren.

– Boka har ein moralsk argumentasjon mot ulikskap. Den seier at det er gale at nokon har veldig masse og at nokon har veldig lite.

Å kunna snakka om moral, og ikkje berre kva som er logisk riktig, er inspirerande for Mímir Kristjánsson. Han meiner at dagens venstreside ofte tyr til tørre tal og logikk for å dekka over verdiane som ligg til grunn.

Mímir Kristjánsson (Stortingsrepresentant for Rødt) og Sofie Marhaug (nestleder i Rødt) har begynt å lese Bibelen. Tatt inne på pendlerboligen deres.

– Venstresida lagar rapportar om at mykje ulikskap er dårleg for produktiviteten og gjer oss utrygge. Den måten å argumentera på er sikkert nyttig og riktig, men eg trur at ein av og til skal argumentera moralsk. Om at noko er riktig eller gale. Det har politikken godt av.

Han meiner at kristendommen og venstresida kan ha samanfallande interesser i kampen mot nyliberalismen.

– I dag er marknaden det totalitære systemet. Då blir kristendommen ein naturleg alliert til venstresida. For kristendommen har ikkje eit nyliberalistisk blikk på ting. Den seier at det finst noko som er heilag og som ikkje kan kjøpast og seljast.

Det hadde ikkje vore meg imot å begynne å tru på Gud, men eg får det ikkje til.

—  Mímir Kristjánsson

Gler seg til å bli betre kjend med Det gamle testamentet

Raudt-paret er mest spente på å lesa Det gamle testamentet.

– Evangelia har me lese og har ganske god kontroll på. Det gamle testamentet er mest framand for oss, seier Sofie Marhaug.

Mímir Kristjánsson har vore med å skriva ein biografi om Rosa Luxemburg. Då han sette seg inn i det jødiske, kommunistiske miljøet rundt henne, ramla han over mange sitat frå Det gamle testamentet.

– Eg hadde alltid tenkt at Det nye testamentet er det politisk progressive, medan Det gamle testamentet er konservativt og tilhøyrer høgresida. Men folk i miljøet rundt Rosa Luxemburg klarte tydelegvis å finna ting i Det gamle testamentet som dei knytte seg opp til.

Sofie Marhaug følgjer opp med eit spørsmål:

– Ja, kanskje er det nokre antisemittiske fordommar som speler inn? Tankar om at Det nye testamentet er bra, men Det gamle testamentet er dårleg. Det trur eg me har godt av å utfordra. Eg trur ikkje det er sant.

ILLUSTRASJON: Mimir Kristjansson og Sofie Marhaug fra Rødt (R) har bestemt seg for å lese Bibelen.

– Trur de bibellesinga vil opna dykk for Gud?

– Eg trur ikkje det å lesa tekst er nok. Då har eg meir tru på at store emosjonelle hendingar, som dødsfall, kan opna meg for åndelege ting. Men du skal aldri seia aldri, seier Sofie Marhaug.

Mímir Kristjánsson seier rett ut:

– Det hadde ikkje vore meg imot å begynne å tru på Gud, men eg får det ikkje til.

Han nærmar seg Bibelen meir som ein slags sjølvhjelpslitteratur.

– Eg er open for å bli påverka ganske mykje av Bibelen. Den har mykje å seia om det med tilgjeving og å sjå nærare på sitt eige liv. Men det ville overraska meg om eg vart frelst av dette.

Me som er sosialistar, har all mogleg grunn til å gå til Bibelen.

—  Sofie Marhaug

Mímir vil ha strenge tidsskjema

Paret har starta så smått med bibellesinga. Dei har lese høgt for kvarandre, på kveldane eller når dei lagar middag i lag.

Sofie Marhaug blar opp for å finna kor langt dei har lese.

Mímir Kristjánsson (Stortingsrepresentant for Rødt) og Sofie Marhaug (nestleder i Rødt) har begynt å lese Bibelen. Tatt inne på pendlerboligen deres.

– Det er jo veldig tynne sider då. Me er framleis på Første Mosebok.

Mímir Kristjánsson ser strengt på sambuaren.

– Me må gå over til heimelekser. Det er koseleg å lesa høgt saman, men me må laga tidsskjema for å koma gjennom dette. Eg tenker det er logisk at me prøver å få lest ferdig til julaftan.

Sofie Marhaug trur både par og vener kan ha godt av å lesa Bibelen i lag.

– I vår kultur er det masse snakk om kven du er og korleis du blir den beste versjonen av deg sjølv. Alt er utruleg individfokusert. Av og til kan det vere bra i relasjonar å gløyma seg sjølv. At alt ikkje berre er meg og deg, men noko anna.

Ho blar vidare. Seier noko om at dei akkurat var på hyttetur med vener og då vart det ikkje noko bibellesing.

– Det er litt pinleg at me ikkje har komne lenger. Men no har me inga unnskyldning. I alle fall når me går ut med det i media.