Prost i Nordre Follo prosti, og tidlegare Kristeleg Folkeparti-politikar, Espen Andreas Hasle, seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby har rett når det gjeld kyrkjeskatt.
Det skriv han i eit innlegg sendt til Vårt Land:
«Unge Høyres leder Ola Svenneby fronter i torsdagens Vårt Land noen drastiske, men viktige forslag for framtida til Den norske kirke. Jeg mener det er gode grunner for Den norske kirke til å se positivt på flere av ideene.»
Hasle er tidlegare gruppeleiar for KrF i Oslo bystyre, KrF Oslos listetopp ved Stortingsvalet og tilhøyrer med det partiet som var sentral i å få til økonomisk likebehandling av trus- og livssynssamfunn i 2008.
Tidlegare i veka skreiv Vårt Land om korleis Unge høgre, med Ola Svenneby i spissen, ville behalde statleg finansiering til Den norske kirke, men fjerne anna trusstøtte. Andre trussamfunn vil Unge Høgre at skal finansierast med kyrkjeskatt.
Frykta for medlemsutviklinga
Hasle meiner at dagens ordning ikkje er berekraftig, verken for for kyrkja eller Stortinget, og at me må sjå til nabolanda Sverige og Danmark.
«Den nye trossamfunnsloven av 2020 innebar et kompromiss. Jeg støttet det kompromisset da, primært i frykt for hva det ville si for medlemsutviklingen i Den norske kirke hvis det ble en besparelse knytta til å melde seg ut av kirken», skriv han vidare i innlegget.
Sverige og Danmark har begge har ei form for kyrkjeskatt. Hasle viser til i innlegget at medlemsandelen i begge landa ikkje har sokke så mykje som ein frykta, og at søsterkyrkjene våre har eit mindre økonomisk press enn Den norske kirke.
– Ikkje berekraftig på sikt
Begge nabolanda har lokale, folkevalde kyrkjelege organ som bestemmer skattenivået – noko som gir lokale variasjonar, ifølgje Hasle:
«Dette innebærer at de lokale folkevalgte blir ansvarlige både for å synliggjøre hva pengene går til og at medlemmene opplever at de får «valuta for pengene». Til gjengjeld har de mulighet til å ta inn det som trengs og det koster å drive kirke.»
Han meiner at det prinsipielt er det same som skjer i Norge, men at det her er kommunestyre og Stortinget som bestemmer satsane og gir løyvingar.
Når ein behandlar alle trussamfunn likt, vil kvar løyving til Den norske kyrkje også føre til tilsvarande løyvingar til andre trus- og livssynssamfunn, seier Hasle i innlegget.
«Dette er ikke bærekraftig på sikt, slik en rekke politiske partier har påpekt det siste året», skriv han.
Økonomisk handlingsrom
Halse vil ta til orde for at Den norske kyrkja arbeider for ei endring til ei medlemsavgift over skattesetelen, etter modell frå nabolanda våre.
Han trur det vil gi Den norske kyrkja økonomisk handlingsrom, at dei faktiske kostnadane ved å vere medlem i andre trus- og livssynssamfunn blir synleggjorde, og at det vil gjere lokale og nasjonale myndigheiter frie til å inngå samarbeid med Den norske kyrkje.