Nyheter

Unge finn lukkepromillen, drikk mindre for å styrkje helsa

KONSUM OG KONSEKVENS: Alkohol drep. 450 nordmenn døydde i fjor grunna alkoholbruk, mange var eldre. Unge likar smaken av måtehald.

Sommar, sol, ferie, late dagar.

For mange er det gode grunnar til å la korkane sprette, av flasker med vin, øl og anna flytande med alkohol.

Men høgt konsum over tid er farleg. I fjor drakk 450 nordmenn seg til døde, fortel Dødsårsaksregisteret. Mange var eldre.

For andre finst der fleire alternativ.

Trendane har namn som «nolo», «damp lifestyle», «sober curious».

Fleire drikk smartare, altså mindre

—  Anette Sivertstøl, nasjonal pådrivar for måtehald

---

Alkoholtrendar

  • Nolo: Ingen eller lite alkohol, kjem frå engelske «No-alcohol/Low-alcohol», og handlar om å drikke alkoholfritt og drikk med låg alkoholprosent, og er motivert av auka merksemd rundt helse og velvære.
  • Damp lifestyle: Framfor å kutte alkohol heilt vel ein moderate mengder, for å ha eit meir medvite konsum, er motivert av kroppspleie, helse og lommebok.
  • Sober curious: Vere nyfiken på kvifor ein drikk, og korleis alkoholen påverkar, igjen handlar det om meir medvite alkoholinntak.

---

fadder

Lærer unge å drikke smartare

Anette Sivertstøl er nasjonal pådrivar for måtehald. Ho står i brodden for prosjektet Lykkepromille.

– Unge lyttar til oss fordi me ikkje frontar avhald, men måtehald.

– Kva skjer?

– Fleire drikk smartare, altså mindre.

Lykkepromille er eigd av Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (SiT) og får statsstøtte frå Helsedirektoratet for å drive alkoholførebyggjande arbeid mellom studentar landet over.

Skummande godt sal av alkoholfritt

Resultata kan lesast av på målingar:

Undersøkinga UNG2023 vister at 27 prosent av unge mellom 15–25 år jamleg vel alkoholfrie alternativ til øl, vin og sprit.

Salstal frå Vinmonopolet og ølseljarane viser at dei alkoholfrie og alkohollåge drikkane er etterspurde.

I fjor selde det statlege Polet ein million liter alkoholfritt, medan bryggeria selde nesten 1,1 million liter utan alkohol.

Få timer inne i streiken begynte folk å hamstre øl og mineralvann. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Drikk mindre av omsyn til helsa

Bryggeriforeningen peikar på helse og innovasjon når dei skal forklare kvifor salet av alkoholfritt øl har dobla seg på 15 år:

– Det er ein kombinasjon av eit auka helse- og treningsfokus i samfunnet, og at ny teknologi gjer det mogleg å produsere alkoholfritt øl som faktisk smakar som øl. I dag kan du få kjøpt alkoholfritt øl i alle ølstilar, fortel informasjonssjef Hege Ramseng.

Drikk seg passe rusa

Anette Sivertstøl og Lykkepromille tilbyr eit verktøy mange unge brukar: Ein app på mobiltelefonen.

Han hjelper brukaren med å halde kontroll på kor mykje ein drikk. Lykkepromille er promillenivået mellom 0,5 og 1,0.

– Kvifor er fleire studentar blitt opptatt av måtehald?

– Merksemda rundt eiga helse er svært sterk hjå mange, seier Sivertstøl.

Ny teknologi gjer det mogleg å produsere alkoholfritt øl som faktisk smakar som øl

—  Hege Ramseng, informasjonssjef Bryggeriforeningen

Fleire drikk på seg sjukdom og død

For nokre er alkoholen dødeleg. Dei klarar ikkje å drikke med måte.

Dødsårsaksregisteret fortel om ei dyster utvikling, år for år: I 2023 blei det bokført 450 alkoholutløyste dødsfall, 55 fleire enn året før – og i 2019 var talet nede i 312.

Mest utbreidd dødsårsak var «alkoholisk leversjukdom», som åleine sto for 207 dødsfall.

90 prosent av dei 450 var mellom 40 og 80 år.

Kvinnene har starta drikkeopphentinga

Ei kartlegging frå Universitetet i Agder avdekkjer over åtti prosent av eldre mellom 60 og 79 år gjev opp at dei drikk alkohol.

Rundt éin av fire drikk to gonger i veka eller oftare.

I 1996 var kring ein av tre over 60 år i Norge fråhaldsmenneske. Ti år seinare hadde talet på nordmenn som aldri svelgde ein munnfull alkohol 2016 komme under ti prosent, viser forsking frå Universitetssykehuset Nord-Norge.

Den store endringa er at kvinner over 60 år nå drikk nesten like mykje alkohol som menn. Utviklinga blir forklart med likestilling.

Som nasjonal pådrivar for måtehald er Anette Sivertstøl oppteken av å skape gode haldningar.

– Når studentane kjem ut i arbeidslivet møter mange ein alkoholkultur som krev at ein drikk. Då er det viktig å ha med seg måtehaldshaldningar.

Sivertstøl minner også om at måtehald er viktig når ein kjem opp i åra.

Vinmonopolet ser at fleire og fleire ønskjer seg alkoholfrie alternativ. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Lærer pleiepersonale å vegleie eldre om alkohol

For å møte endringa – dagens eldre drikk mykje meir enn tidlegare generasjonar, og kjenner ikkje helserisikoen fullt ut – har Nasjonalt senter for aldring og helse via eldre og alkohol meir merksemd i ABC-opplæringa «Psykiske lidelser hos eldre». Helsedirektoratet er bestillar av opplæringa.

Målgruppa her er tilsette i helse- og omsorgstenesta i kommunenorge.

Nasjonalt senter for aldring og helse peikar konsekvensane av høgt alkoholinntak etter fylte 65 år:

Auka risiko for hjarte- og karsjukdommar som høgt blodtrykk, hjartesvikt og hjernebløding, samt for leversjukdommar, kreft og psykiske lidingar som angst og depresjon.

Serverte kostråd utan alkohol

Helse er for mange ein faktor som forklarar at dei drikke lite eller ingenting alkohol.

Men då Helsedirektoratets siste «Kostråd for god helse og gode liv» blei sendt på høyring i mars, var det utan eit ord om alkohol og helse.

Kommunar, forskingsmiljø og helsestyresmakter finn det underleg, viser høyringssvara. Mange viser til dei nye nordiske kostråda som er svært radikale: null inntak av alkohol, av omsyn til helsa.

– Undersøkingar viser at kunnskapen i befolkninga om koplinga mellom alkohol og sjukdom, er låg. Me fortener å vete kva risiko me utset oss for. Nasjonale råd er ein unik sjanse for styresmaktene til å auke kunnskapen i befolkninga, seier generalsekretær Ragnhild Kaski i organisasjonen Av-og-til.

Helsedirektoratet legg fram nye, norske kostråd i august.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter