Nyheter

Bibelskule-lærar: Kritikk mot Israel har gjeve meir fokus på songen

EUROVISION: Bibelskulelærar og Kyrkjemøte-medlem Andreas Holm er på plass i Malmö for å følga finalen i Eurovision. – Det var på ein måte to leirar blant publikum, seier han om Israels bidrag.

– Det var ei rar stemning då Israel var på scenen under delfinalen. Ein del vendte seg vekk frå scenen, nokon gjekk ut, eg høyrte buing. Det minna om då Russland deltok i Eurovision etter å ha annektert Krim-halvøya.

Det seier Andreas Holm, som er i Malmö der han skal følga kveldens finale i Eurovision som publikum.

– Samstundes var det fleire som gav ekstra mykje applaus og positiv feedback under Israels framføring. Så det var på ein måte to leirar blant publikum.

Andreas Holm er lærar ved Bibelskulen i Grimstad, medlem av Kyrkjemøtet for Frimodig kyrkje og stor fan av Eurovision. Dette er tolvte gong han er med som publikum under Eurovision.

Han har fulgt dei to delfinalane i Mamö, og opplever at stemninga er god, men at det er mykje synleg politi og militære i byen og ved arenaen.

Religionprofessor: Israel har ganske store sjansar

– Israel har ganske store sjansar til å vinna. Landet har skapa ei stor emosjonell mobilisering blant tradisjonelle kristne Israel-vener.

Det seier Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Han har fulgt Eurovision i ei årrekke, både som forskar, journalist og privatperson.

Dag Øistein Endsjø

At Israel får vera med i Eurovision samstundes som landet bombar Gaza, har hausta mykje kritikk. Fleire har teke til orde for ein boikott av musikk-tevlinga. Endsjø trur det kan styrka Israel.

– Boikott kan vera med å styrka Israels sjansar til å vinna. Det er ingen klar kanditat for dei som vil støtta Palestina eller markera motstand mot Israels krigføring. Dei må velja mellom dei 25 andre kandidatane, medan Israel mobiliserer den harde kjernen som alltid støttar landet.

Endsjø var sjølv med i den norske finalen i 1994, i det som då heitte Melodi Grand Prix. Han var tekstforfattar og medlem av gruppa SubDiva som stilte med låta «Uimotståelig».

– Det blir ein kjempeutfordring om Israel vinn

Blant bookmakarane er Israel er blant favorittane til å vinna Eurovision. Samstundes er landet i krig på Gaza, der minst 35.000 mennersker er drepne.

– Det blir ein kjempeutfordring om Israel vinn. Om landet framleis er i krig, kan ikkje Eurovision bli halden der. I tillegg trur eg fleire land vil droppa Eurovision neste år om Israel likevel arrangerer, seier Endsjø.

Endsjø er ekspert på religion og menneskerettar. Tidlegare i vår melde han sjefen i Vinmonopolet til politiet for sal av vinar frå israelsk-okkuperte område.

Sist Israel arrangerte den internasjonale finalen, var i 2019. Endsjø peiker på at då vart fleire videoar spelt inn i okkuperte område i Aust-Jerusalem og Golanhøgdene.

– Om Israel vinn, vil landet sannynlegvis bruka alle høve til å laga eit propagandashow utan like.

h

Bibelskulelærar: Mange land har vore i krig og delteke i Eurovision

Også Andreas Holm trur at boikotten av Israel kan styrka landets vinnarsjansar.

– All kritikken mot Israel har gjeve meir fokus på bidraget. Fleire høyrer på songen, som eg tenker er ganske bra. Kritikken har slått positivt ut for Israel sin del, trur eg.

NRK meldte at 639.000 nordmenn såg semifinalen på torsdag, som er høgare enn i fjor. Sjåartala var på sitt høgaste under Israels bidrag.

Andreas Holm er likevel usikker på om Israel kjem til å vinna.

– Eg trur juryen vil vera tilbakehaldne med å gje poeng til Israel.

I finalen teller jurystemmer og folkestemmer i finalen 50 prosent av resultatet kvar.

– Kva tenker du om at Israel får vera med i Eurovision når landet er i krig?

– Når det er bestemt at dei får vera med, så synes eg at ein må visa respekt til artistane. Så er det mange land som har vore i krig og samstundes delteke i Eurovision, som då Storbritannia deltok i krigen i Irak. Under Eurovision prøver ein å samla folk tross alle forskjellane som er.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter