Han kom frå ein streng kristen familie, blei statens leigemordar

Eugene de Kock.

Eller «prime evil». Som på norsk kan bli «vondskapens førstemann».

Tilnamnet fekk han av kollegaene i spesialavdelinga i politiet, men han tykte vel om det sjølv.

Han blei dekorert for jobben som leiar av statens eigen dødsskvadron. Han hadde lisens til å lemleste, snikmyrde, torturere, drepe.

Han skulle halde den svarte majoriteten unna makta, så splid mellom dei, sikre den kvite minoriteten privilegia. For all framtid.

Eg var ikkje rasist, forklarte de Kock. Eg var antikommunist, patriot og soldat.

Så, våren 1994 blei han stilt til ansvar.

Det var det rotne systemet som gjorde at han kunne utføre handlingane sine. Det same systemet hjelpte han å løyne brotsverka

—  Willem van der Merwe, dommar

Mista alt av privilegium

For 30 år sidan blei verdas mest utskjelte politiske system sendt på skraphaugen.

I dag blir namnet brukt for å stemple det utolelege.

Apartheid.

Afrikaans for å skilje, ein politisk ideologi og eit system for rasebasert segregering, praktisert i Sør-Afrika mellom 1948 og 1994.

Mandela, Mandela, ropte folket. I april 1994 valde folket frigjeringshelten Nelson Mandela som president i landets første frie val. Ei svart røyst var like mykje verdt som ei kvit.

Eugene de Kock blei strippa for privilegium; høg stilling, god løn, vide fullmakter, romsleg bustad, godt familieliv. Han blei låst inn.

anc

Prega av kalvinistisk kristendom

Han blei fødd inn i ein prominent boarfamilie – boarane er etterkommarane av dei nederlandske migrantane som slo seg ned heilt sør i Afrika.

Faren, dommaren, var ven med John Vorster, justisministeren som var ansvarleg for Rivonia-rettssaka der Nelson Mandel blei dømt til livstid i fengsel, og som i åra 1966–1978 var statsminister.

Faren var også medlem i Afrikaner Broederbond, eit hemmeleg calvinistisk, brorskap for landets politiske elite.

Sonen, Eugene de Kock, valde ein karriere i uniform. Først hærens grøne, så politiets blå. I 1978 kom han til Sørvest-Afrika, tilhøyrande ein brutalt dyktig spesialstyrke.

Oppdrag: Knuse dei som kjempa for fridom og sjølvstende, rettferd og likeverd.

Sørvest-Afrika blei i 1990 den sjølvstendige nasjonen Namibia.

sacc

Herre over liv og død

Eugene de Kock hadde så stor suksess i felten at politiet valde å opprette ei liknande avdeling i Sør-Afrika.

I 1983 kom han til garden Vlakplaas. Her blei boarsonen herre over liv og død. Han steig til graden oberst i politiet. Han blei heidra med ordenen Sølvkorset – for mot.

Frå Vlakplaas orkestrerte de Kock ein hemmeleg dødsskvadron som jakta opposisjonelle, stempla som terroristar og fiendar av staten.

Dei sende brevbomber, dei utførte terroraksjonar for å så splid, dei sprengde bilar i lufta, dei snudde folk mot sine eigne, dei kidnappa, dei torturerte, dei utførte attentat, i inn- og utland, som mot Khotso House i 1988, som husa SACC, Det sørafrikanske kyrkjerådet, som var aktive i kampen mot apartheid.

Men mest av alt likviderte dei. Dei drap, og dei drap. Som at dei la ein fanga mann over ei grop fylt med sprengstoff, for så å la ladningen gå av.

Alt for å kue dei som ønskte at svarte og kvite skulle vere like mykje verdt.

Rundt 25.000 menneske blei drepne i politisk vald i Sør-Afrika i åra 1960–1994.

Eugene de Kock var ein av to statstilsette drapsmenn som måtte sone.

splid

Ville heller lækje nasjonens sår

Sør-Afrikas nye leiarskap våren for 30 år sidan valde eit oppgjer utanom det vanlege.

Ikkje noko Nürnberg-tribunal venta dei ansvarlege frå apartheidåra. Ingen ministrar eller generalar blei stilt til ansvar for brotsverk mot menneskeslekta.

Mandelas samlingsregjering oppretta ein sannings- og forsoningskommisjonen for å avdekkje så mykje som mogleg av landets mørke historie.

Ein ville freiste å samle den splitta nasjonen. Kommisjonen fekk mandat til å innvilge amnesti til alle som stod fram og fortalde ope kva ugjerningar dei hadde vore med på. Det var ikkje naudsynt å utvise anger.

Med erkebiskop Desmond Tutu, fredsprisvinnaren, i brodden skulle kommisjonen lækje nasjonens sår.

Eugene de Kocks status blei endra frå hemmeleg helt til folkefiende.

Rettferda blir stadfesta ved at eg, ein oberst, blir ein einsam demon for å forklare all vondskapen til det gamle regimet

—  Eugene de Kock

«Eg, ein oberst, blir ein einsam demon»

Han byrja å fortelje, på TV-overførte kommisjonshøyringar, han vedgjekk talrike bestialske handlingar og drap, han svarte ja på spørsmålet «var du den mest effektive drapsmannen i politiet»:

«Eg nektar ikkje for at eg er skuldig i brotsverka eg er tiltalt for, mange av dei er fælslege. Men me på Vlakplaas, og i dei andre hemmelege avdelingane, er ikkje dei mest skuldige. Den æra går til dei som samla oss og gjorde oss til mordarar.»

Eugene de Kock etterlyste ministrane og generalane som applauderte resultata frå Vlakplaas, som dekorerte de Kock for innsatsen. Som ville halde på kvit makt.

«Rettferda blir stadfesta ved at eg, ein oberst, blir ein einsam demon for å forklare all vondskapen til det gamle regimet».

Sa Eugene de Kock. Sa den statsautoriserte drapsmannen, og retta på brille.

Han ser ut som ein lærar, ein bibliotekar, skreiv journalistane, ikkje som ein mordar.

Presidenten kom seg unna

Han skulda Pieter Willem Botha for å ha velsigna arbeidet som blei utført på Vlakplaas, som bombinga av kyrkjerådet i 1988.

Politikaren som var statsminister i Sør-Afrika i 1978–1984 og republikkens president i 1984–1989, nekta for alt, og slapp unna.

Men de Kock namngav overordna som raskt måtte be om amnesti. Obersten blei ein nasjonal løgndetektor.

Mellom dei som blei sett i nåde til var justisminister Adriaan Vlok.

SÅR

Slapp ikkje heilt unna

Akkurat som dei fremste leiarane i apartheidstaten, appellerte også de Kock til sannings- og forsoningskommisjonen om å bli innvilga amnesti, noko han fekk, i rikt monn.

Men han fekk ikkje forlating for alt.

Til sist fann domstolen det umogleg å sende Eugene de Kock tilbake til samfunnet, som ein heilt fri mann.

Han blei i 1996 dømt til to livstidsstraffer i fengsel, til saman 212 år, skuldig i seks drap som ikkje var politisk motiverte, samt eit tital andre tiltalepunkt.

Dommar Willem van der Merwe kritiserte raseskiljesystemet for å ha skapt «ein atmosfære» der de Kock kunne operere fritt:

«Det var det rotne systemet som gjorde at han kunne utføre handlingane sine. Det same systemet hjelpte han å løyne brotsverka.»

Fann leivningar av drapsoffer

I 2013 blei Eugene de Kock låst ut frå cella.

Men ikkje til ventande fridom. Han hadde sagt seg villig til å arbeide saman med eit lag av etterforskarar som spadde seg landet rundt. Dei leita etter sakna personar, menn og kvinner som hadde forsvunne under apartheidåra.

Mellom dei personar de Kock hadde tatt livet av, og spadd ned.

Den drapsdømde saumfór utpeika tomter, saman med leiaren for etterforskarane, ein tidlegare anti-apartheid-aktivist.

Saman fann dei Phemelo Moses Nteheland i 2014. Han var ein askari; ein ANC-krigar, trent i Angola, som de Kock og hans spesialistar hadde tatt hand om, ført til Vlakplaas – og torturert til å bli dobbeltagent.

SA

Erkebiskop snakka varmt om forsoning

Fengselsbetjentane kom tilbake til Eugene de Kocks celle i 2015. På nytt blei han låst ut frå fengselet.

Han blei sett fri, på prøve.

Justisminister Michael Masutha sa det slik:

«De Kock blir lauslaten «av omsyn til nasjonsbygging og forsoning» – og fordi han har uttrykt anger over eigne brotsverk samt hjelpt styresmaktene med å finne fleire av ofra.»

Avgjerda sanka ris og ros. Leiaren av sannings- og forsoningskommisjon, erkebiskop Desmond Tutu ønskte den statsautoriserte drapsmannen velkommen ut:

«Som menneske har me unike evner til å forsone, til å tilgi, til å gå vidare og til å elske igjen. Sjølv om mange kanskje ikkje kjem til å ønskje de Kock velkommen tilbake til samfunnet med opne armar, må me kollektivt – som nasjon og som folk – ta æra for det faktum at me let han vende tilbake.»

Sjølv om mange kanskje ikkje kjem til å ønskje de Kock velkommen tilbake til samfunnet med opne armar, må me kollektivt – som nasjon og som folk – ta æra for det faktum at me let han vende tilbake

—  Desmond Tutu, erkebiskop

Fekk raus løn frå staten

To år seinare blei Eugene de Kock observert på ein privat eldreheim i hovudstaden Pretoria. Der vekte hans nærvær så sterke reaksjonar i pleiestaben at han valde å reise.

I 2021 kom det for ein dag, i ei høyring til korrupsjonskommisjonen, at ANC-regjeringa brukte 200.000 rand i månaden på Eugene de Kock, og hadde gjort sidan han blei slept fri i 2015. Éin rand er i dag 59 øre.

40.000 gjekk til «løn», resten til sikre husvære.

29. mai går sørafrikanarane til stemmelokala. Dei skal velje parlament og president. Kanskje dukkar 75 år gamle Eugene de Kock opp. For å røyste.

Kjelder: The Sowetan, Times, The Guardian, SABC, Independent, New York Times, Huffington Post

---

Sør-Afrika

  • Frå opprettinga av Sør-Afrika i 1910 førte landet ein streng raseskiljepolitikk.
  • Frå 1948 stramma det kvite mindretalsstyret raseskiljet og undertrykkinga, politikken fekk namnet apartheid.
  • Apartheid-perioden blei offisielt avskaffa med Sør-Afrikas første frie demokratiske val i april 1994.
  • Frigjeringsrørsla African National Congress (ANC) har vunne alle val sidan.
  • Val på nytt parlament og president 29. mai.

---