Når statsministeren lovar at Norge skal stille opp for Ukraina, sender Dagfinn Høybråten ei klar-melding-ut til Noregs regjeringssjef, som tysdag samlar dei parlamentariske leiarane på Stortinget til møte om den militære og sivile støtta til Ukraina:
– Den samla økonomiske hjelpa til afrikanske land sør for Sahara går dramatisk ned. Difor må Norge stille opp – i år også, seier generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp (KN) til Vårt Land.
Den samla økonomiske hjelpa til afrikanske land sør for Sahara går dramatisk ned. Difor må Norge stille opp – i år også
— Dagfinn Høybråten, generalsekretær Kirkens Nødhjelp
Gav fem milliardar til fattige land
Statsminister Støre har varsla at regjeringa vil auke støtta til Ukraina, noko som betyr at Nansen-programmet blir utvida. Dette ønskjer Støre Stortingets støtte til.
Nansen-programmet er Støre-regjeringas milliardhjelp. I fjor sa Stortinget ja til 75 milliardar kroner over fem år. Årleg skal halvparten gå til militær hjelp, halvparten til sivil hjelp.
Samstundes sa Stortinget ja til ei livreddande bistandspakke på fem milliardar kroner til utviklingsland råka av Ukraina-krigen.
Norge møter stor velvilje i Afrikanske land, dei vonar på pengar
Men handsrekkinga til dei fattigaste landa var berre for 2023.
– Desse landa treng vår støtte også i år. Difor må Nansen-programmet inkludere fem milliardar til utviklingsland, seier Høybråten. Han trekkjer særleg fram land sør for Sahara, land som er herja av klima, konflikt og krig.
Generalsekretæren i KN leiar ein organisasjon som er sterk til stades i både Ukraina og på det afrikanske kontinentet.
Men fordi pengestraumen frå Vesten til Ukraina berre stig og stig – og særleg afrikanske land taper pengestøtte, finn Høybråten det naudsynt å minne Noregs regjeringssjef på stoda i Sør.
KN-sjefen fortel at Norge møter stor velvilje i afrikanske land, og når Norge no har auka inntekter på olje og gass – som følgje av krigen, har mange land store forventningar om at Norge også skal sjå deira veg når innhaldet i Nansen-programmet skal drøftast.
– Det er både politisk og strategisk viktig for Norge å gjere det, seier Høybråten.
Brukar ekstra oljemilliardar
Nansen-programmet blir finansiert med auka bruk av oljepengar, men statsminister Støre minner om at ekstraløyvingane ikkje bryt med handlingsregelen.
Midla i Oljefondet kan berre bli overført til statsbudsjettet etter vedtak i Stortinget – og: Bruken av fondsmidlar skal årleg ikkje overstige tre prosent av fondet.
Med dei ekstra store inntektene Norge no har, er det rom for å sende fem milliardar sørover i verda, også i år, utan å bryte handlingsregelen, minner Høybråten om. Han har sjølv lang røynsle som statsråd i to regjeringar.
Statsminister Støre opplyser til NRK tysdag at Norge kjem til å bruke kring 50 milliardar på Ukraina i år. Dette er pengar som går til Ukraina og til å ta i mot og busetje ukrainske flyktningar som har kome til Norge.
Fire parti stiller seg bak
Etter møtet på Stortinget tysdag fortel statsminister Jonas Gahr Støre at Norge aukar årets støtte til Ukraina med sju milliardar kroner, seks milliarder til militær støtte og éin milliard kroner til den sivile delen av Nansen-programmet. Pengane blir løyvd i revidert nasjonalbudsjett som blir lagt fram i mai.
Framover skal regjeringa drøfte støtta til Ukraina og fordelinga dei komande årene, med Stortinget, melder Støre.
KrF, SV, MDG og Raudt stiller seg bak kravet frå KN. Norge må halde fram å støtte land i Sør som blir ramma av ringverknadane av Ukraina-krigen, seier dei fire partia.