Nyheter

PFU avviser karikatur-klage

ETIKK: Klageorganet PFU avviser klagen på omstridd Dagsavisen-karikatur.

Før helga vart ein karikatur i Dagsavisen klaga inn til pressas klageorgan Pressens Faglige Utvalg (PFU). Klagen koplar framstillinga av Israels statsminister Benjamin Netanyahu med eldre, antisemittistiske teikningar.

Tysdag kom svaret frå PFU: Dei avviser klagen.

PFU viser til to grunnar for å avvisa klagen:

  • Klagar er ikkje direkte råka. PFU skriv at når ein ikkje sjølv er omtalt, så krevst det samtykke frå den direkte råka parten.
  • Klagen er ikkje grunngjeven og gjeld ikkje ei presseetisk krenking. Sekretariatet i PFU skriv at innspelet høyrer meir heime i den offentlege debatten enn i klagesystemet til PFU. Dei minner om moglegheita for å senda inn synspunkt i form av eit lesarinnlegg til den aktuelle redaksjonen.

Dagsavisen: «godt innanfor» oppdraget og presseetikken

– Dagsavisen stiller svært strenge krav til presseetiske vurderingar, og at saker me lagar, er godt fundert. I denne saka har me konkret kritisert Netanyahu og Biden, og det er godt innanfor både vårt redaksjonelle oppdrag og presseetikken me jobbar etter.

Det skriv Andreas Heen Haaland-Carlsen, sjefredaktør og administrerande direktør i Dagsavisen, i ein e-post til Vårt Land.

Teikninga vart publisert på nett 15. mars, til kommentaren «Hvordan folkemord kan skje» om detaljane rundt Hamas-angrepet 7. oktober i fjor.

Sendte med teikningar frå nazi-avis

Det var Jacob Holm-Lupo som sendte inn klagen til PFU. Han er forfattar og musikar og halvt jødisk.

– Det er rart at ein ikkje kan klaga på det eg oppfattar som krenking av ei minoritetsgruppe, skriv Jacob Holm-Lupo i ein SMS til Vårt Land.

d

Han sendte klagen til PFU før helga, der han la ved illustrasjonar frå den nazistiske avisa Der Sturmer frå 1930- og -40-talet. Han meiner teikninga i Dagsavisen er identisk med slike teikningar.

Fekk kritikk frå leiar ved Jødisk Museum i Oslo

Jacob Holm-Lupo var mellom fleire som reagerte på karikaturen av Israels statsminister Benjamin Netanyahu og USAs president Joe Biden.

Mats Tangestuen, historikar og fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo, meinte det var ei skandale at teikninga vart publisert.

– Den scena som blir teikna opp, er lett å kjenna igjen. Den sleipe, vonde jøden med stor nase som lurer i kulissane. Jøden som styrar og orkestrerer, medan USAs president er ei hanskedukke som blir styrt, sa han til Vårt Land.

Andreas Heen Haaland-Carlsen, sjefredaktør og administrerande direktør i Dagsavisen, var ueinig med kritikken.

– Eg synest det er å dra det langt i feil retning å antyda at teikninga er antisemittisk. Det er ei teikning av dei to konkrete statsleiarane. Teikninga karikerer Joe Bidens forsvar av Israels løgner, og presenterer han som ein nyttig idiot for Nethanyahu. Dette er konkret omtalt i teksten som teikninga er publisert med, skreiv han i ein e-post til Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter