Nyheter

Norske Nammo leverte ammunisjon til Israel under Gaza-krigen

VÅPENEKSPORT: Delvis statseigde Nammo eksporterte i november ammunisjon til Israel. Seljar var dotterselskapet i Spania. – Øvingsammunisjon, seier Nammo til Vårt Land.

Spania suspenderte våpensalet til Israel då krigen mellom Israel og Hamas braut ut 7. oktober, har landets regjering opplyst fleire gonger.

Men i november blei det eksportert ammunisjon til ein verdi av 987.000 euro – eller 11,2 millionar kroner – til Israel, frå Spania.

Det viser tal frå Spanias utanrikshandelsportal Comex.

Ammunisjonen som blei sendt til krigførande Israel er produsert på Nammo Palencia – Nammos fabrikk i den spanske byen Palencia.

Dermed er Nammos dotterselskap Nammo Palencia underlagt spanske eksportreglar og lovverk, ikkje norske.

Nammo stadfestar salet

Lisensane for Israel-eksporten var godkjende før 7. oktober, og at leveransen er mynta på testar og demonstrasjonar, og ikkje er til krigsbruk, seier ein talsmann for Spanias handelsdepartement til den spanske avisa elDiario.es.

Kommunikasjonsdirektør i Nammo, Thorstein Korsvold, stadfestar opplysningane i ein epost til Vårt Land:

«Eksporten fra Nammo Palencia til Elbit er godkjent av spanske myndigheter. 98,5 prosent av ordren er øvings- og overtrykksammunisjon som er uegnet til bruk i strid. Det er kun levert 200 vanlige skudd, men også her er formålet teknisk testing.»

Elbit er Israels største våpenprodusent – og reklamerer for at deira våpen og militære produkt er «stridstesta». Sidan 7. oktober har Israel ført krig mot Hamas i Gaza.

Norge forbyr direktesal av våpen og ammunisjon til Israel, og har gjort det i ei årrekkje. Det har ikkje Spania gjort.

Det norske forbodet mot eksport av våpen og ammunisjon til krigførande land blei vedteke i 1959.

Norge har bidratt med store mengder tyngre våpen til Ukraina, blant annet fra Nammo på Raufoss. Slik våpeneksport er av åpenbar interesse for russisk etterretning, slår PST fast. Foto: Geir Olsen / NTB

Statleg eigarskap i våpensmiene

Norge har to store våpenprodusentar, som er delvis statseigde og vovne inn i kvarandre.

Staten, ved Næringsdepartementet, eig 50 prosent av forsvarskonsernet Nammo. Den andre halvparten eig det finske forsvarskonsernet Patria.

Den finske staten eig 50,1 prosent av Patria medan 49,9 prosent er eigd av det norske forsvarskonsernet Kongsberg Gruppen.

Staten, ved Næringsdepartementet, eig 50,004 prosent av Kongsberg Gruppen.

Norsk eksport av våpen og ammunisjon enda på rekordhøge 6,8 milliardar kroner i 2023. Auken er på 2,1 milliardar frå førre rekord i 2022. Rekordsalet skuldast hovudsakleg krigen i Ukraina, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kjøpte ammunisjonsfabrikk i 2013

Ammunisjonsproduksjonen i Palencia blei starta av den spanske hæren. Så overtok amerikanske General Dynamics, og i 2013 kjøpte Nammo-konsernet fabrikken og innlemma han som eit dotterselskap i konsernet.

Om dagens produksjon opplyser Nammo at Palencia tilbyr eit «breitt spekter av ammunisjonsprodukt for både det spanske forsvaret og internasjonale kundar» og er «blitt ein vesentleg del av Nammos europeiske produksjonsbase».

Det spanske militærmagasinet Infodefensa.com opplyser at 90 prosent av ammunisjonsproduksjonen til Nammo Palencia hamnar i utlandet, og at kundane er Nato-land, og land i Asia, Amerika og Midtausten.

... og rakettvåpenfabrikk i 2007

Nammo, som har hovudkontor og produksjon på Raufoss i Innlandet, har også eit dotterselskap i USA.

I 2007 kjøpte Nammo selskapet Talley Defense Systems, som er ein leiande produsent av skulderavfyrte våpen som panservernraketten M72.

USA er ein stor kunde, og kjøper store parti med rakettvåpen, som dei sel vidare til mellom anna Israel – eller donerer til Israel som dei gjorde i fjor haust.

Dette betyr at norske styresmakter, mellom anna Nammo-eigar Næringsdepartementet, ikkje kan bestemme kvar våpena kan bli brukt. Det avgjer USA.

Nammos amerikanske verksemd er underlagt amerikansk lov og eksportkontroll.

I november blei det kjent at USA hadde levert 1.800 rakettvåpen av typen M141 til Israel, etter at IDF hadde bedt om 3.000, melde avisa Haaretz.

nammo

Brukar Nammos M72 i Gaza

I januar la IDF ut eit foto på eiga heimeside som viser ein israelsk soldat fyre av eit rakettvåpen i Gaza, og IDF har publisert ein video frå Gaza der ein soldat brukar eit rakettvåpen.

Oberstløytnant Palle Ydstebø ved Krigsskulen sa til Dagbladet at han ikkje klarte å sjå kva versjon fotoet viste, eller kvar det er produsert, men han er viss på at våpenet er ein M72.

Nammo opplyser at M72 berre blir skrudd saman to stader i verda: På Nammos fabrikk på Raufoss og på Nammos fabrikk i Mesa i den amerikanske delstaten Arizona.

SV ber regjeringa bruke eigarmakt

Budsjettpartnaren til Støre-regjeringa, SV, likar ikkje det dei høyrer om Nammo Palencias ammunisjonssal til Israel.

– Som eigar av Nammo må regjeringa gje tydeleg beskjed om at våpensalet til Israel må stoppe. Det spelar inga rolle om produksjonen skjer utanfor Norges grenser - Nammo har ansvar for heile produksjonskjeda si anten våpna blir produserte i Arizona, Palencia eller Raufoss, seier Ingrid Fiskaa, utanrikspolitiske talsperson i SV, til Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter