Nyheter

Seier nei til Israel-invitasjon, Ap-statsråden vil prioritere å «løfte norsk skole»

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: Kari Nessa Nordtun vil ikkje reise til Israel. Ho takkar nei til invitasjonen frå landets utdanningsminister.

Vårt Land fortalde sist veke at stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har takka nei til å vitje Israel for å sjå nærare på herjingane terrorstempla Hamas utførte sør i landet då dei angrep 7. oktober, og drap kring 1.200 menneske.

No kan Vårt Land fortelje at også kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) takkar nei til Israel-vitjing:

«Kunnskapsministeren har mottatt invitasjonen og takket nei til den. Det vil ikke være aktuelt for statsråden å reise til Israel. Statsråden har en travel kalender i sitt arbeid med å løfte norsk skole», skriv kommunikasjonsavdelinga i Kunnskapsdepartementet i ein epost til Vårt Land.

Norges kunnskapsminister vil ikkje

Invitasjonen frå Israels utdanningsminister Yoav Kisch kom i november. «Ditt besøk vil vere av stor verdi for oss», skreiv han.

Kari Nessa Nordtun takka nei no i januar.

Kisch ønskte å ta den norske kollegaen med til Sør-Israel for å vise korleis Hamas-krigarar tura fram når dei gjekk inn i skular og barnehagar under angrepet i oktober.

Tusenvis av barn og unge mista skulane sine, fortalde Kisch i invitasjonen. Han ville personleg ta med seg Norges kunnskapsminister til øydelagde skular og barnehagar – og til sentra som er etablerte for å gje husly og utdanning til evakuerte israelarar.

… men det ville Tysklands utdanningsminister

Der Norge seier nei, sa Tyskland ja. Ei veke før jul gjesta den tyske utdanningsministeren, Bettina Stark-Watzinger, Israel saman med utdanningspolitikarar frå tyske delstatar.

Stark-Watzinger, med følgje, vitja kibbutzen Kfar Aza, møtte pårørande til gislar som blei kidnappa i kibbutzen Be’eri – og gjesta mellombelse skular for evakuerte elevar.

Hamas, terror, babyhuske, israel

Stortingspresidenten takka nei

Invitasjonen frå stortingspresident Masud Gharahkhanis israelske kollega kom i også november. Amir Ohana, president i Knesset, Israels nasjonalforsamling, ønskte besøk av han som er Norges fremste politikar.

«Eg skriv for å invitere deg som min personlege gjest», byrjar Ohanas invitasjon til Gharahkhani. Han ønskjer å ta med seg stortingspresidenten på ei omvising i det sørlege Israel, for å vise korleis Hamas-krigarar tura fram då dei gjekk inn i Israel 7. oktober, for å vise fram konsekvensane av terrorangrepet.

Men Gharahkhani takka nei til invitasjonen.

Akkurat som partikollega Nessa Nordtun har Gharahkhani ein kalender som ikkje gjev rom for utanlandsturar:

«Mr. Gharahkhani har bedt meg om å formidle at grunna parlamentariske saker og andre planlagde besøk dei kommande månadane, er han ikkje i stand til å reise til Israel på dette tidspunktet», melder Vibeke Rysst-Jensen, leiar av internasjonal avdeling på Stortinget, i svarbrevet til Knesset-presidenten.

Israels-ven refsar regjeringa

Då det blei kjent at president Masud Gharahkhani ikkje ønskjer å vitje Israel, møtte han kritikk frå organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF), som har 13.500 medlemmer.

Dagleg leiar Conrad Myrland blei opprørt over stortingspresidentens manglande vilje til å vitje Israel.

– Det er veldig trist at han ikkje vil prioritere eit slikt besøk, men avvisinga føyer seg inn i eit mønster. Etter 7. oktober har Norges regjering lagt seg på ei anti-israelsk line, sa Myrland til Vårt Land.

MIFF-leiaren meiner Norge bør gjere som naboland i Norden. I november vitja Danmarks utanriksminister Lars Løkke Rasmussen Israel og møtte landets utanriksminister, Eli Cohen – og pårørande til fleire av gislane Hamas held i fangenskap i Gaza.

Israels ambassadør Avi Nir-Feldklein på den israelske ambassaden i Oslo, sier han tror mange i Norge ikke forstår realiteten. Foto: Emilie Holtet / NTB

Ambassadør rista i statsministeren

Israels ambassadør til Norge har sidan 7. oktober kritisert Støre-regjeringa og Norge for standpunkta som er fremma sidan Hamas gjekk til angrep på Israel.

Vårt Land har spurt ambassadør Avraham Nir-Feldklein om president Gharahkhani og kunnskapsminister Nessa Nordtuns manglande vilje til å gjeste Israel. Han har ikkje svart.

I november gjekk Israels ambassadør ut i ABC Nyheter og sa at statsminister Jonas Gahr Støres (Ap) fordømming av krigføringa mot Hamas byggjer på falsk informasjon.

– I utgangspunktet vil ekspertar vere dei som dømmer betre. Likevel har eg full respekt for statsministeren. Og me er ikkje samde i denne saka, seier Nir-Feldklein, og la til:

– Eg trur ikkje de forstår røyndommen i Midtausten. Me handlar ikkje ut frå hemn, og dette er ikkje ein krig mellom Palestina og Israel.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter