Nyheter

Tek imot kyrkjeasylant: – Inga enkel løysing

KYRKJEASYL: Suel Kassembo (35) har søkt tilflukt i Herøy kyrkje. – Me tek ikkje stilling til saka hans politisk. Men me held på den gamle tradisjonen med å ta imot menneske i naud, seier soknepresten i Herøy.

Starten på midnattsmessa nyttårsaftan i Herøy kyrkje blei annleis enn vanleg. Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås har ei kunngjering, og ved hennar side står Suel Kassembo.

– Me har fått ein gjest i kyrkja i løpet av romjula, han har flytta inn i det som vi kallar kyrkjeasyl. Det er inga enkel løysing, når nokon tyr til dette, men me oppfattar at han er i naud og at dette er siste utveg for å få lov til å vere her til anken er tatt opp og rettssaka er ferdig handsama, byrjar presten.

– Me tek imot Kassembo som eit medmenneske i naud, i tråd med gammal tradisjon om at du kan søke ly i ei kyrkje. Kyrkjerommet er framleis i ei særstilling. Det betyr at då skal styresmakter og andre respektere at i kyrkjerommet skal vi halde fred. Kyrkjeasyl gjeld for heile bygget. Lukke til, Suel.

Den 35 år gamle mannen set seg i ein av kyrkjebenkane, og den økumeniske fredsgudstenesta held fram.

Suel Kassembo går i kirkeasyl i Herøy kyrkje

Blei ikkje trudd

– Han har ei veldig støtte i lokalsamfunnet.

Det fortel Seljås til Vårt Land dagen etter kunngjeringa. Ho og soknerådet fekk spørsmål om det kunne vera aktuelt å ta imot Kassembo som kyrkjeasylant.

Etter 19 år i Noreg har Oslo tingrett avgjort at Kassembo skal bli sendt ut av landet og tilbake til heimlandet Burundi. Han går i kyrkjeasyl medan han ventar på endeleg dom, opplyser støttegruppa til Kassembo.

Suel Kassembo går i kirkeasyl i Herøy kyrkje

Kassembo fekk ikkje innvilga asyl då han i 2004 kom som blindpassasjer med eit skip til Noreg, då styresmaktene tvilte på at han kom frå Burundi.

Likevel kunne dei ikkje sende han tilbake, sidan dei ikkje kunne dokumentere kva land han er frå. Dermed har han vore rekna som ein ureturnerbar flyktning.

Tidlegare i år la Kassembo fram dokumentasjon frå Burundi si ambassade i Berlin som skulle vise at han er frå Burundi. Kassembo skal no bli sendt til Burundi, trass i at Utlendingsnemnda framleis meiner at dokumentasjonen ikkje er påliteleg nok til å slå fast at han er frå Burundi.

– Forstår uretten

Seljås seier at dei ikkje tok lett på å ha Kassembo i kyrkjeasyl, men at det aldri var nokon som tok til orde for å seie nei.

– Me forstår fortvilinga og me forstår uretten det er i å vera ureturnerbar i så mange år, ikkje bli trudd av styresmaktene, for så å bli forsøkt sendt ut av landet.

Seljås seier dei er heldige som har fasilitetane til å ta imot Kassembo i Herøy kyrkje.

– Me har kanskje ei av dei beste utstyrte arbeidskyrkjene i landet, med god plass.

Herøy kyrkje i Møre bispedøme.

Seljås fortel at Kassembo bur på eit rom knytt til eitt av dei fire kjøkena i kyrkja.

– Uroleg, men takksam

Det var Erhard Hermansen som hadde preika på nyttårsgudstenesta i Herøy kyrkje.

Han er generalsekretær i den økumeniske organisasjonen Noregs Kristne Råd, men før det var han i mange år pastor i Herøy frikyrkje. Difor har han møtt Kassembo i ulike samanhengar før, og han tok ein prat med han før gudstenesta nyttårsaftan.

Suel Kassembo går i kirkeasyl i Herøy kyrkje

– Eg opplever han som ein veldig positiv og sosial person, men det er klart at dette er ein veldig krevjande situasjon der han kjenner på mykje uro. Likevel er han veldig takksam, både for all støtta han får og for måten kyrkja har tatt imot han.

Hermansen seier det gjer sterkt inntrykk på folk at Kassembo etter å ha budd størsteparten av livet sitt i Herøy og omland no ser ut til å ikkje få bli verande, og at han ikkje blir trudd av styresmaktene.

Vil ikkje ta stilling

Han nemnde saka til Kassembo i preika som handla om fred i verda:

– Me kan kjenna korleis avgjersler som vert tekne, og domar som vert dømde, opplevast uforståelege, umenneskelege. Det me kan gjera, er å vera der for Suel, og me kan be for han og situasjonen hans, slik me vert kalla til å be inn i dei ulike situasjonane, anten dei møter oss nær eller fjernt.

Hermansen fortel at dei bad for Kassembo under gudstenesta.

Suel Kassembo går i kirkeasyl i Herøy kyrkje

Sokneprest Seljås fortel at Kassembo sjølv er muslim, men at han som mange andre i lokalmiljøet av og til er innom kyrkja.

– Er det kyrkja si rolle å ta stilling i ei slik sak?

– Nei, og me ynskjer ikkje å ta stilling til saka politisk. Men me held på den gamle tradisjonen med å ta imot menneske i naud. Og me håpar at styresmaktene tek omsyn til ynsket han har om å vera her medan saka hans blir handsama, seier Seljås.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter