Nyheter

Regjeringa snur om friskular: – Har sett i høyreapparatet

FRISKULAR: Same dag som tusenvis av demonstrantar protesterte mot varsla friskulekutt over heile landet, kom kontrabeskjeden frå regjeringa. – Ei skam at dette måtte til, meiner Olaug Bollestad.

– Akkurat no tok regjeringa i høyreapparatet og høyrer kva de har ropa.

Olaug Bollestad (KrF) ser utover dei fleire hundre elevane, foreldra og lærarane som er samla framfor Stortinget for å protestere mot regjeringa sitt forslag til støttekutt til friskular. Mange har plakatar med «trekk forslaget» som mantra.

Oslo. Demonstrasjonar over heile landet i prostest mot varsla kutt i støtte til friskular. Friskoler. Demonstrasjon.

Og berre få minuttar før demonstrasjonen i Oslo starta blei det klart at regjeringa gjer endringar i sitt kuttforslag. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) kunngjorde at dei varsla kutta skal bli vurderte på nytt, og at justeringa vil føre til mindre nedgang i støtta enn det ein har estimert til no.

– Det betyr at det nyttar å demonstrere, seier Bollestad til jubel frå folkemassen.

– Men at det skal vera nødvendig at barn, ungdom og foreldre i by etter by skal samlast slik som dette for å sikre retten til å velje skule, det er heilt ufatteleg, meiner stortingsrepresentanten.

Til Vårt Land kalla ho det «ei skam».

---

Friskulekuttet til regjeringa

  • I dag får friskular ein kompensasjon for smådriftsulemper både for barneskule- og ungdomsskuletrinnet. Regjeringa meiner dette gjev kombinerte barneskular og ungdomsskular ein dobbelkompensasjon som ikkje er føremålet, og føreslår difor å fase ut tilskotet fram mot 2028.
  • Regjeringa skal spare 51,5 millionar på private, kombinerte barneskular og ungdomsskular neste år. Innan fem år vil endringa utgjera meir enn ein halv milliard mindre i tilskot.
  • Ifylgje KFF si utrekning vil kuttet ha ein dramatisk effekt for om lag 130 friskular. For nokre av skulane utgjer kuttet opp til 30 prosent av tilskotet.

---

Over heile landet

Då regjeringa la fram statsbudsjettet i haust varsla dei at dei ville spare over 51 millionar kroner på private barne- og ungdomsskular neste år.

Det skulle skje ved at dei vil innføre ein ny utrekningsmetode for tilskot.

Innan fem år ville reduksjonen trappast opp til å utgjera meir enn ein halv milliard kroner årleg.

Tromsø. Demonstrasjonar over heile landet i prostest mot varsla kutt i støtte til friskular.

Friskulane har reagert kraftig på kuttet og fryktar at det vil føre til nedlagde skular. I oktober leverte ei aksjonsgruppe 32.000 signaturar til kunnskapsministeren, og onsdag 8. november arrangerte ulike friskuleorganisasjonar demonstrasjonar over heile landet mot regjeringa sine kuttforslag.

---

Her var det demonstrasjonar

  • Oslo
  • Askim
  • Arendal
  • Kristiansand
  • Stavanger
  • Bergen
  • Knarvik
  • Ålesund
  • Trondheim
  • Stjørdal
  • Tromsø
  • Nordreisa

---

Bergen. Demonstrasjonar over heile landet i prostest mot varsla kutt i støtte til friskular

– Må rydde opp i kaoset

Og trass i at regjeringa no har varsla at dei snur på visse punkt, var det fleire som ikkje berre gav dei godord frå talarstolen framfor Stortinget:

– No må regjeringa rydde opp i kaoset, seier Anna Dåsnes.

Ho er bystyrerepresentant i Oslo for Venstre.

Til Vårt Land seier ho etterpå at det er openbert at det tydelege opprøret den siste tida som har gjort at regjeringa har snudd.

– Det verkar som eit veldig lite gjennomtenkt kutt, seier Dåsnes.

– Har ein tenkt at ein skal kunne lage ein innsparingspost på statsbudsjettet og ikkje sett dei reelle konsekvensane? Fleire friskular har sagt at dette ville betydd kroken på døra for dei, seier venstrepolitikaren.

Anna Dåsnes, bystyrerepresentant i Oslo for Venstre. 
Oslo. Demonstrasjonar over heile landet i prostest mot varsla kutt i støtte til friskular.

Ho meiner dei nye signala frå regjeringa er positive, men kallar beskjeden som har komme «ullen».

– Eg kjenner meg ikkje heilt trygg på at regjeringa faktisk vil sikre friskular med trygge rammevilkår. Dei seier framleis at dei vil fjerne desse såkalla doble tilskota.

Også Bollestad seier til Vårt Land at ho framleis er usikker på kva det nye forslaget inneber:

– Så me må henge på regjeringa som ein klegg for å sikre friskulane.

Lærar: – Avhengige av det for å overleve

Ein av lærarane som har tatt turen for å protestere mot kutta er Nina Birgitte Kallestad. Ho er lærar på Ryenberget skole i Oslo. Den er driven av Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK).

Få minuttar før ho møter Vårt Land har ho fått greie på at regjeringa ser ut til å endre kurs i saka.

– Det er veldig bra viss det faktisk skjer, for me er heilt avhengige av det tilskotet me har i dag for å kunne overleve som skule, seier Kallestad.

Nina Birgitte Kallestad er lærar på DELK-skulen på Ryenberget skole i Oslo.
 Demonstrasjonar over heile landet i prostest mot varsla kutt i støtte til friskular. Friskoler. Demonstrasjon.

Ho jobbar på ein kombinert barne- og ungdomsskule, som i forslaget frå regjeringa dermed ville blitt særskilt hardt ramma av tilskotsendringane.

Held fast på kutt hjå skular med 1.-10.-klasse

I dag får friskular ein kompensasjon for smådriftsulemper både for barne- og ungdomsskuletrinnet.

Regjeringa meiner dette gjev kombinerte barneskular og ungdomsskular ein dobbelkompensasjon som ikkje er føremålet, og føreslår difor å fase ut tilskotet fram mot 2028.

Anna Dåsnes på talarstolen.
Ho er bystyrerepresentant i Oslo for Venstre. 

Oslo. Demonstrasjonar over heile landet i prostest mot varsla kutt i støtte til friskular.

Dette held regjeringa fast på. I den ferske pressemeldinga seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun:

– Det er rett å endre slik at kombinerte skular ikkje får dobbelt smådriftstilskot. Det kan vera andre delar av tilskotet til skulane som er for lågt, slik organisasjonane til skulane gjev uttrykk for, melder Nessa Nordtun.

– Føler at dei jobbar mot oss

Mange, lærar Kallestad inkludert, meiner premissen er feil, og at dei ikkje blir dobbeltkompenserte, mellom anna fordi 1.-10.-klasseskular er dyrare å drive enn reine barne- eller ungdomsskular.

– Kva signal føler du regjeringa har sendt med å ville innføre alle desse kutta?

– Me føler at dei jobbar mot oss og ikkje for oss.

For Kallestad er det viktig at det finst eit mangfald av skular i Noreg, der foreldra har fleire alternativ for barna sine.

No vil ho bruke den nye utviklinga i saka til å lære elevane sine at det hjelper å seie ifrå om ting ein ikkje er einig i.

800 i Kristiansand

I Kristiansand møtte om lag 800 personar for å demonstrere mot kutta.

Kristiansand. Demonstrasjonar over heile landet i prostest mot varsla kutt i støtte til friskular.

Siv Linda Vikse Jonasen er rektor på Oasen skule i Vågsbygd i Kristiansand. Ho seier nesten alle elevane på den vesle, kristne friskulen villa vera med på demonstrasjonen i Kristiansand då dei fekk valet:

– Det er stort engasjement hjå elevane. Dei uttrykkjer tydeleg at dei er glade i skulen sin og at det er viktig for dei å kunne velje å gå på friskule.

Rektor Jonasen seier dei brukar høvet til å lære elevane om demokrati og ytringsfridom.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter