Nyheter

Vidar Helgesen blir havsjef i FN

FN: Tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen blir leiar for FNs internasjonale havkommisjon, melder VG.

Kommisjonen (IOC) er FNs spesialiserte organ for havforsking og havforvaltning.

Utnemninga av Helgesen blir kunngjord torsdag, ifølgje avisa. Samtidig blir Helgesen assisterande generaldirektør i Unesco, FNs organisasjon for utdanning og kulturarv.

Helgesen forlèt dermed Nobelstiftelsens hovudkvarter i Stockholm, der han har vore toppsjef sidan januar 2021. Frå 2015 til 2018 var han klima- og miljøminister i Solberg-regjeringa.

– Ein treng ikkje å forklare nordmenn kor viktig havet er. Men dei dramatiske endringane som no skjer med livet i havet, fortel oss to ting: vi må redde havet, og vi må bruke havet til å redde planeten, skriv Helgesen i ein e-post til VG.

Han påpeikar at det vil krevje både ny kunnskap og betre måtar å forvalte havet på. Den globale utfordringa krev større innsats frå både regjeringar og næringsliv, og dessutan sterkare samarbeid internasjonalt, meiner han.

– Eg ser fram til å gripe fatt i den utfordringa som leiar av FNs havkommisjon, legg han til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter