Den første statsuoppdateringa kjem frå Kristent interkulturelt arbeid (KIA). Den andre frå Kirkens SOS.
For akkurat eit år sidan opplevde dei to frivillige organisasjonane at Støre-regjeringas opprydding på statsbudsjettet ramma dei hardt:
Øyremerka millionløyvingar blei strokne i 2023-budsjettet. KIA mista åtte millionar, Kirkens SOS opp mot 30. Organisasjonane blei vist vidare til søknadsbaserte ordningar, som ikkje ville garantere utdeling.
[ Planla store støttekutt i det stille – overrumplet organisasjonene ]
Har sagt opp tilsette
– Kva blei konsekvensane?
Vårt Land spør Ruth Marie S. Keyes, generalsekretær i KIA, og Lasse Heimdal, generalsekretær i Kirkens SOS.
– Me har sagt opp tilsette og halvert tilbodet på særleg norskkurs, fortel Keyes og opplyser at dei vurderer «alvorlege tiltak» for å redde økonomien.

KIAs språkopplæring er eit tilbod til innvandrarkvinner, og gjev også opplæring i kultur, samfunn og arbeidsliv. Kvinner i vanskelege livssituasjonar blir prioritert.
– 2023 blei eit krevjande år. Fleire prosjekt er sette på vent. Unge som slit psykisk, også etter at koronaåra er over, når ikkje fram til oss, for me har ikkje kapasitet til å svare alle, fortel Heimdal.
Unge som slit psykisk, også etter at koronaåra er over, når ikkje fram til oss, for me har ikkje kapasitet til å svare alle
— Lasse Heimdal, generalsekretær Kirkens SOS
Må leve på sosialhjelp
Ei gruppe er hardt ramma av statsbudsjettkuttet, seier Keyes:
– Kvinner som treng å lære norsk for å få seg jobb.
– Støttekuttet sender kvinner på sosialhjelp. Når KIAs kurstilbod er halvert, er resultatet at kvinner som med vårt kurs ville fått jobb no må leve på sosialhjelp, noko som samfunnsøkonomisk er ei dårleg løysing.
Kirkens SOS opplevde at dei først etter revidert nasjonalbudsjett i mai fekk tryggare, økonomiske kår.

Regjeringa fjerna øyremerkingar
Dei to organisasjonane var to mellom mange som blei skrivne ut av statsbudsjettet. Omlegginga starta i fjor. I eit rundskriv departementet til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) lydde kravet:
Færre frivillige organisasjonar skal få øyremerka støtta via dei årlege statsbudsjetta.
Ei kartlegging frå Finansdepartementet i februar i fjor avdekkja omfanget av øyremerka tilskot: 12,8 milliardar kroner blei delt ut via 891 tilskot.
Då Støre-regjeringa la fram 2023-statsbudsjettet i oktober i fjor, var beskjeden klar:
«Tilskuddsmidler skal normalt lyses ut og fordeles på grunnlag av åpne søknadsprosesser og kjente tildelingskriterier», presiserte Finansdepartementet i Gul bok for 2023.
Omlegginga kom svært overraskande på dei som hadde budd seg på å få øyremerka kroner også i 2023.
---
Statsstøttekutt
- I statsbudsjettet for 2023 blei 100 øyremerka tilskot kutta.
- Ideelle og frivillige organisasjonar blei vist til søkbare støtteordningar, der mange ikkje var etablert.
- Ei stor gruppe organisasjonar fekk ein svært usikker økonomi.
- Fredag legg regjeringa fram statsbudsjettet for 2024.
---
Får mindre til tenester
– Kirkens SOS gjekk inn i 2023 med stor uvisse. Organisasjonen visste ikkje kor mykje statsstøtta ein ville få, ei heller var den lova søknadsordninga på plass, fortel Heimdal.
Ei hjelpande hand blei strekt ut i revidert nasjonalbudsjett i mai. Fire tilskotsordningar innan rus og psykisk helse fekk meir pengar frå Helsedepartementet. Regjeringa såg at dei hadde kutta vel hardt.
– Med desse midla klarte me nesten å komme opp på gammalt aktivitetsnivå, seier Heimdal.
Men han er kritisk til ordninga dei må rette seg etter:
Dei må sende årlege søknader om pengar, og må bruke ressursar på administrasjon som dei kunne brukt på brukarane.
Dei får berre delvis kompensert pris- og lønnsveksten i samfunnet.
– Dermed blir det mindre pengar til tenester til brukarane, fortel Heimdal.
[ Plusser på til rus og psykisk helse. Kirkens SOS: – Kjempeviktig ]

Støre rosar dei frivillige
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er glad i dei frivillige, noko han ofte gjev uttrykk for:
«Frivilligheten er noe av det fineste vi har i Norge – så viktig for alle som har nytte av aktiviteten som tilbys, og like viktig for alle som stiller opp frivillig for medmennesker og lokalsamfunn», skreiv han på eiga Facebook-side i fjor.
«Frivilligheten er en ryggrad i et liberalt demokrati hvor folk skal være trygge på hverandre», sa Støre då han helsa årsmøtet i Frivillighet Norge i sommar.
– Kva seier du om Støres rosande ord opp mot omlegginga og støttekutta?
– Støre er god med verbal støtte, det set me pris på. Men no må regjeringa følgje opp i statsbudsjettet. Me skal lese det med lykt og lupe, lovar Heimdal i Kirkens SOS.
KrF: Eit skjebnebudsjett
Det same lovar KrFs Kjell Ingolf Ropstad å gjere:
– Det kan bli eit skjebnebudsjett for mange organisasjonar dersom dei blir kutta eller ikkje får klare meldingar om støtte. I den søknadsmodellen regjeringa til no har operert med kan det jo gå langt utpå vårparten før ein får vete om ein får støtte – og kor mye. Det er frykteleg vanskeleg å både planlegge, budsjettere og lønne på denne måten.
Ropstad peikar på at Støre-regjeringa er og har vore avhengig av viktig hjelp frå frivillige og ideelle i møte med dei mange som no slit økonomisk.