Brukar ti millionar på å utdanne papirlause
URETURNERBARE: Vestland fylke talar regjeringa midt i mot. No får papirlause på Vestlandet rett til kollektivtransport og utdanning på vidaregåande skular.
ENDRE NASJONAL POLITIKK: Vestland fylkesting vil endre Norges papirlausepolitikk. Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) (t.v.), Marthe Hammer (SV), Arve Helle (Ap), Sigrid Brattabø Handegard (Sp), Natalia Golis (MDG), Geir Kjell Andersland (V) og Trude Brosvik (KrF) rullar no ut to konkrete hjelpetiltak, transport og opplæring.(Foto: Vestland fylke)
– Papirlause har humanitære rettar sjølv om dei ikkje har lovleg opphald i Norge. Vårt mål er også å presse regjering og Storting til å føre ein annan politikk.
Trude Brosvik forklarar ambisjonane til fleirtalet i Vestland fylkeskommune. Ho er gruppeleiar for KrF i fylkestinget.
I januar fortalde Vårt Land at Vestland lova meir hjelp til dei som Støre-regjeringa vil ha ut av landet: Ureturnerbare eller papirlause.
Bestill abonnement her
KJØP