Sist veke meldte Vårt Land at Mental Helse og Kirkens SOS driftar landets største krisetelefonar utan å vita om dei får statsstøtte for i år.
Som mange andre organisasjonar har dei blitt nulla på statsbudsjettet, og må heller søka om støtte.
Denne veka kom fasiten frå Helsedirektoratet: Mental Helse og Kirkens SOS får 27 millionar kroner kvar for 2023. I tillegg får Mental Helse Ungdom 2,5 millionar kroner. Seks andre organisasjonar får også støtte.
Me har alt kutta i stillingar, og ser for oss å kutta yttarlegare stillingar i næraste framtid
— Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse
Kirkens SOS: – I praksis er dette eit kutt
Meldinga utløyser ikkje jubel hjå dei to største krisetelefonane. Dei peiker på at løyvinga ikkje tek høgde for prisvekst.
– Det er mindre enn me hadde håpa på. Me får ein halv million kroner mindre enn i fjor, og det i ei tid med stor prisvekst. I vår kjem eit lønsoppgjer som er varsla å bli dyrt for arbeidsgjevarane, seier Linda Berg-Heggelund, generalsekretær Mental Helse.
– I praksis er dette eit kutt. Me får 1,3 millionar kroner mindre enn i fjor. I tillegg kjem høg pris- og lønsvekst, som for vår del er på 2–3 millionar kroner i året. Det vil bli meir krevande å driva krisetenester framover, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Kirkens SOS.
Må kutta i stillingar
Mental Helse sine svartenester hadde i fjor eit meirforbruk på over 6 millionar kroner. Det kom av ein auka pågang frå folk som treng hjelp, seier generalsekretær Linda Berg-Heggelund.
– Me vil få ein reduksjon i tilbodet framover. Me har alt kutta i stillingar, og ser for oss å kutta ytterlegare stillingar i næraste framtid, seier Berg-Heggelund.
Ho vil ikkje talfeste tal på stillingar som blir kutta, men anslår at det blir fleire enn to. Dette skjer samstundes som mange står i krise, peikar ho på.
– Fleire slit med økonomien, og det er mangel på fastlegar. Mange psykologar og psykiatrar viser til oss når det ordinære helsevesenet er stengt på kvelden eller i helgene.
Må leita etter nye inntektskjelder
Medan Mental Helses svartenester er bemanna av tilsette, bruker Kirkens SOS i stor grad frivillige.
Kirkens SOS har 47 årsverk fordelt på 60 tilsette, og rundt 1.100 frivillige. Mental Helse har rundt 40 årsverk totalt på hjelpetelefonar og chat-tenesta sidetmedord.no.
Lasse Heimdal i Kirkens SOS seier dei førebels vil halda oppe tilbodet.
– Men om me ikkje finn andre finansieringskjelder framover, vil me på sikt måtte kutta i tilbodet.
I dag kjem halvparten av inntektene til Kirkens SOS frå statstilskot. Heimdal ventar at denne delen vil gå ned i tida framover.
– No må me leita etter alternative inntektskjelder. Me vil trenga meir drahjelp frå fond, legat, private givarar og arvegåver. Det betyr at me må jobba meir med administrasjon for å få finansiering.
Også Mental Helse er i gang med eit arbeid for å finna andre inntektskjelder, seier generalsekretær Linda Berg-Heggelund.
[ For første gang er kirkelig konfirmasjon lavere enn humanistisk i Oslo ]
Frå statsstøtte til søknad
Tidlegare har Kirkens SOS og Mental Helse fått øyremerkte pengar over statsbudsjettet for å driva hjelpetelefon og chat-tenester.
I fjor kutta regjeringa støtta, og innførte ei søknadsbasert ordning, formidla av Helsedirektoratet. Det kom inn 62 søknader frå 56 organisasjonar.
Denne veka vart det klart at berre åtte av desse organisasjonane kom gjennom nålauga. Dei deler på ein fellespott på 72 millionar kroner.
Svært mange av søknadane ber preg av at søkar ikkje har lese eller forstått regelverket.
— Elise Husum i Helsedirektoratet
80 prosent fekk avslag
– Det har vore ekstremt stort trykk på tilskotsordninga, seier Elise Husum, avdelingsdirektør for tilskot i Helsedirektoratet.
Heile 47 av 56 organisasjonar fekk avslag. Det er over 80 prosent. Det store fleirtalet av dei som har fått avslag, er nye tilbod, opplyser Husum i Helsedirektoratet.
– Svært mange av søknadane ber preg av at søkar ikkje har lese eller forstått regelverket, seier Husum.
Ho fortel at det er fleire grunnar til at søknadar har fått avslag: Dårleg kvalitet, låg forventa måloppnåing, avgrensa geografisk utstrekning og lågt tal på brukarar.
Kirkens SOS og Mental Helse har vore kritiske til at dei må drifta i fleire månader utan å vite om dei får inntekter.
– Vil dei måtte vente til uti mars på å få svar neste år også?
– Denne gongen var det store endringar i statsbudsjettet som gjorde at me måtte få på plass eit nytt regelverk. Me tek sikte på ein tidlegare søknadsfrist for neste omgang, seier Husum i Helsedirektoratet.
---
Desse 47 organisasjonane fekk avslag:
- ADHD Norge
- A-larm bruker og pårørende organisasjon for åpenhet om rus og behandling
- Alternativ møteplass i Gamle Oslo
- Autismeforeningen i Norge
- Beatus Cras
- Bipolarforeningen Norge
- Caritas Norge
- Danielsen Johansen webtjenester
- Deborah Borgens Stiftelse
- Fontenehuset Oslo Øst
- Foreningen 20 prosent
- Foreningen vi som har et barn for lite
- Gjøvik kommune
- Helseutvalget
- Hjelpekilden Vest
- Kurdish Women Rights
- Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse Oslo
- Lillehammer brukerstyrt senter
- Lillesand ressurssenter
- Lillestrøm kommune oppvekst
- Link Bergen og omegn
- Mannsforum
- Norsk OCD og angstforening
- Norsk tourette forening
- Norske kvinners sanitetsforening
- Opplysning om kosthold og matfrihet
- Organisasjonen ATROP støtte & Ettervernsenter
- Oslo kommune bydel 2 Grünerløkka
- Oslo kommune bydel 5 Frogner
- Oslo Krisesenter og kompetansesenter for vold i nære relasjoner
- Rådgivning om spiseforstyrrelser
- Spillavhengighet Norge
- Spiseforstyrrelsesforeningen
- Stiftelsen Amathea
- Stiftelsen angstringen i Norge
- Stiftelsen Institutt for Spiseforstyrrelser
- Stiftelsen Kirkens Bymisjon Rogaland
- Stiftelsen Kirkens Bymisjon Vestfold
- Stiftelsen pårørendesenteret
- Stiftelsen Retretten
- Stiftelsen SMISO Nordland
- Stiftelsen Tryggere
- Stord kommune
- The human aspect
- Veien tilbake
- Vennesla Frivilligsentral
- Wildheart Movement Kristine Tjensvoll
---