Nyheter

Han har skapt fem IT-selskap. No går Dror i protesttog

VÅRT LAND I ISRAEL: Dror Salee såg i vinter at no var det hans tur. IT-utviklaren klappa saman PC-en og gjekk ut i gatene. Han protesterer mot den svært omstridde rettsreforma til Israels regjering.

TEL AVIV: – Har alle flagg? No går me.

Etternølarar smyg seg inn i toget. Vårvinden får dei israelske flagga til å blafre på Kaplangata i Tel Aviv.

– Dette, seier Giroa Biran, og rullar ut dagens største flagg, er blitt Israels fremste protestsymbol i kampen mot rettsreforma til regjeringa.

Demonstrasjonstoget er av det heller uvanlege slaget.

Ikkje fordi det berre samlar eit hundretal – dei største demonstrasjonstoga i Israel samlar no om dagen hundretusental. Men fordi det samlar menn og kvinner frå Israels viktigaste industri. Folk som har vore immune mot politiske skifter, knapt løfta blikket frå PC-skjermen, samlar seg kvar tysdag klokka 12 for å vise at også dei ropar ut mot statsminister Benjamin Netanyahus «maktran».

gull

Har skapt fem IT-selskap

– Israel er ikkje eit diktatur.

– Israel er eit demokrati.

Gull Ben-David styrer den største megafonen. Ho ropar ut, demonstrasjonstoget svarar. Langs ruta står folk og klappar. Ei gammal kvinne med rullator slepper taket og viser V-teiknet med høgrehanda.

IT-industrien demonstrerer på tysdagar i Tel Aviv. Dror Salee ropar med når Ben-Davids megafon ljomar.

– Dette er 11. gongen IT-industrien går i tog, fortel Salee.

56-åringen har vore og er med på å setje Israel på det teknologiske verdskartet. Fem oppstartsselskap har han utvikla. Det siste selde teknologen til eit konsern i USA i fjor haust. Han er særleg god på mobiltelefonteknologi.

---

Strid i Israel

  • Benjamin Netanyahu (73) blei på nytt statsminister i desember, etter det femte valet på fire år, han har vore regjeringssjef i 16 år.
  • Netanyahus regjering er den mest ytterleggåande og høgrenasjonalistiske i landets historie; Israel er 75 år i mai.
  • Varsla lovendringar har utløyst store demonstrasjonar, hundretusental har protestert i gatene, særleg i helgene, sidan januar.
  • Dei største demonstrasjonane finn stad i Jerusalem og Tel Aviv.

---

Regjeringa og parlamentet vil svekkje høgsterett

Sidan januar har stadig fleire israelarar teke til gatene for å vise misnøya med statsminister Benjamin Netanyahus nye og svært kontroversielle regjering.

Han sikra seg ein ny periode med hjelp frå konservative ortodokse parti og omstridde parti langt ute på høgresida. Som politisk betaling kravde støttepartia rettsreformer. Desse blei lagt fram i januar:

  • Nasjonalforsamlinga Knesset skal kunne vedta lover landets øvste domstol har avvist. Det betyr at Knesset med simpelt fleirtal, 61 av 120 representantar, vil kunne overstyre høgsterett.
  • Regjeringa skal få retten til å utnemne fleirtalet av medlemmene i panelet som vel ut nye dommarar til høgsterett. Dermed vil regjeringa få full kontroll over nominasjonar av dommarar til den øvste domstolen.

Ei lovendring er allereie i støypeskeia. Israels riksadvokat skal miste retten til å erklære statsministeren uskikka. Endringa skaper sterke protestar ettersom Netanyahu står for retten, tiltalt for korrupsjon.

– Får regjeringa viljen sin med høgsterett, kan dei gå laus på pressa i neste runde, fryktar Salee.

Israel produserer einhjørningar

På 20 år er Tel Aviv blitt Israels teknologihovudstad. Firmaskilta på blanke, skinande høghus fortel at her ekspanderer IT-industrien.

Tala frå Israels teknologibransje, som har forsynt verda med ei lang rekkje innovative produkt, er imponerande:

  • Utgjer vel 15 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP).
  • Sysselset ti prosent av landets lønna arbeidsstyrke.
  • Står for kring 25 prosent av skatteinntektene.
  • Produserer einhjørningar på løpande band. Ein «einhjørning» er eit selskap som på kort tid blir verdt meir enn éin milliard dollar – eller nesten 11 milliardar kroner.

Eg har brukt mange år framfor PC-en, arbeidd lange dagar på kontoret. No er det min tur til å protestere

—  Dror Salee, IT-utviklar og demonstrant

Hentar inspirasjon i farens krig i 1948

– I vinter såg eg det, eg måtte ut og demonstrere. Eg har brukt mange år framfor PC-en, arbeidd lange dagar på kontoret. No er det min tur til å protestere, forklarar Dror Salee der han vandrar gatelangs, med flagg.

– Kvifor?

– Eg er ein patriot. Me vil redde Israel. Eg vil vere med, akkurat slik far min var med i 1948, seier Salee, og går 75 år tilbake i tid, til den arabisk-israelske krigen som var med å skape staten Israel, tre år etter Holocaust.

Faren var son av ein russisk jøde som kom til landet inst i Middelhavet i 1917. Mora var einaste overlevande frå ein søskenflokk av polske jødar som mista livet i Holocaust.

vakt

Er redd vald vil bli brukt

Planen til regjeringa er å fullføre den politiske vedtaksprosessen innan byrjinga av april. Meiningsmålingar viser at kring kvar fjerde israelar støttar rettsendringane, medan 50 prosent er imot.

Dror Salee fortel at saka delar folket i to polariserte leirar – og at dei fredelege protestane kan ende med valdelege samanstøyt.

– Det kan bli stygge scener i gatene.

Under ein demonstrasjon kom ein mann bort til Salee og fortalde at han hadde vore skarpskyttar i hæren – og gjerne ville ha ein demonstrant i siktet.

Dagens marsj blir vakta av eit stort oppbod politikvinner- og menn.

DROR

Paradokset Netanyahu

Protesttoget har parkert, demonstrantane har vendt tilbake til PC-ane sine. Dror Salee drikk vatn i grådige slurkar etter timen i vårsola.

Den røynde teknologen blir ottefull når han snakkar om dei økonomiske konsekvensane av politikken til Netanyahus regjering:

– 85–90 prosent av pengane som bli investerte i Israels IT-industri, kjem frå USA, 15 til 25 milliardar dollar i året. Etter tre månader med ny regjering ser me at investorar vegrar seg for å satse i Israel, seier Dror Salee, og legg til:

– At Netanyahu står i spissen for denne antidemokratiske politikken som vil ramme IT-industrien hardt, er eigentleg eit paradoks. For han var ein svært god økonomiminister og la grunnlaget for Israels blømande IT-industri. Hans første statsministerperiode var også god, sett frå min IT-ståstad.

– Kvifor gjer Netanyahu det han gjer?

– Han gjev store konsesjonar til ytterleggåande og høgrenasjonalistiske parti for å redde seg sjølv frå fengsel. Og han vil svært gjerne vere statsminister.


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter