– Me vil visa Støre at vindkraft er totalt uønskt her oppe. Me vil ikkje ha noko nytt Fosen i Finnmark.
Det seier Ragnhild Rajala Lautz, leiar i Folkeaksjonen Mot Davvi Vindkraftverk – Álbmotaksuvdna Davvi Bieggamillor.
– Målet er å visa Støre at det er massiv motstand i befolkninga mot vindprosjektet, både blant samar og andre grupper som bruker utmarka, seier ho.
Torsdag klokka 15 held Støre ein tale for Sametinget i plenum. Før og etter talen til Støre kjem aksjonistar til å halda appellar på Sametinget. Markeringa er ein protest mot regjeringas handsaming av Fosen-saka. Mellom appellantane på programmet er også aksjonsgruppa mot den nye vindparken Davvi.
Me vil ikkje ha noko nytt Fosen i Finnmark
— Ragnhild Rajala Lautz, leiar i Folkeaksjonen Mot Davvi Vindkraftverk

Turbinar nært heilagt fjell
Vindparken Davvi er planlagd sør i Lebesby kommune. NVE skal snart senda planane ut på høyring. Planane inkluderer 160 vindturbinar over 63 kvadratkilometer med ein samla effekt på inntil 800 megawatt.
– Då eg fekk høyre om dette, vart eg raudglødande sint. Dette er det siste store urørte naturområdet me har her. Vidda og fjellet betyr mykje for mange – det er rekreasjon, jakt og fiske. Slik har det vore i generasjonar, seier Ragnhild Rajala Lautz.
Ho er sjølv samisk. Vindmøllene skal ligga ni kilometer unna Rásttigáisá, eit heilagt fjell for samane.
– Det er så respektlaust å sette opp turbinar nær Rásttigáisá, seier ho.
Muotka: Omfattar kanskje fleire enn Fosen-møllene
Støre møter også sametingspresident Silje Karine Muotka. Også ho er kritisk til Davvi-prosjektet.
– Davvi-saka er svært alvorleg. Dei planlagde vindmøllene vil ramma mange ulike grupper, både reindriftssamar og andre brukarar av utmarka. Davvi-planane omfattar kanskje ei større gruppe enn Fosen-vindmøllene.
Det har gått over 500 dagar sidan Høgsterett-dommen kom om at vindmøllene på Fosen er oppført i strid med urfolks rettar.
– Gjer Høgsterett-dommen i Fosen-saka at du trur det er større sjanse å stansa planane i Davvi?
– Det synest eg er vanskeleg å vurdera, all den tid staten strevar med å få slutt på pågåande menneskerettsbrot i Fosen, svarer Muotka.
Lover arbeidsplassar
Konsesjonssøkar for Davvi Vindpark er Grenselandet AS, som er eigd av energikonsernet St1 og Ny Energi.
På nettsidene lover Davvi Vindpark fleire positive ringverknader om prosjektet blir realisert:
- 55 millionar kroner årleg i eigedomsskatt til Lebesby kommune ved full utbygging.
- 40 millionar kroner i grunneigarkompensasjon i året.
- 30 nye permanente arbeidsplassar når anlegget er i drift.
- Låge straumprisar for innbyggarane i Lebesby. Kommunen har forhandla fram ein straumpris på 10 øre per kilowattime i parkens levetid.
– Det er eit politisk vedtak i Finnmark om å ha i drift 2.000 megawatt vindkraft innan 2030, og me meiner Davvi Vindpark er eit prosjekt som kan bidra til ny fornybar energi, i et område me meiner kan sameksistere godt med reindrifta.
Det skriv Svein Skudal Aase, dagleg leiar i Grenselandet AS, i ein e-post til Vårt Land.
Kritisk til private avtalar
Sametingspresident Silje Karine Muotka er kritisk til framgangsmåten til Grenselandet AS, som er konsesjonssøkar for vindparken.
– Selskapet har kontakta einskilde rettigheitshavarar med tilbod om pengar og opsjonar på pengar for å godta anleggsarbeid. Dei har gjort slike avtalar både med reineigarar og sanke- og jaktlag i området, seier Muotka.

Ho understrekar at ho berre kjenner til desse privatrettslege avtalane gjennom oppslag i media.
– Me kjenner ikkje til pengestraumane her, for me har ikkje innsyn i desse avtalane. Men slike avtalar skaper mykje bråk. Folk blir mistenksame mot kvarandre. Dei set enkeltpersonar under press.
Har avtale med eit av tre reinbeitedistrikt
Svein Skudal Aase i Grenselandet AS har fått lesa kritikken frå Muotka. Han føretrekker å svara skriftleg. Han skriv i ein e-post at selskapet har hatt møte med dei råka distrikta sidan 2009.
– Me har gått i dialog og prøvd å finne avtalar med dei som blir råka av ein eventuell vindpark, slik det også blir gjort i alle andre større industrielle prosjekt i Norge.
Det er tre reinbeitedistrikt som ville blitt påverka av vindparken. Davvi har avtale med ein av dei.

Aase meiner vidare at vindparken ikkje fortrenger reindrifta. Han viser til at planområdet ligg heilt i sørenden av sommarbeitet for reindriftsdistrikt 13. Ifølgje selskapet sine undersøkingar blir området heller ikkje brukt av reinen som luftingsområde.
– Etter våre vurderingar vil ikkje eit eventuelt inngrep utgjere ein trussel mot reindrifta, seier han.
På nettsidene omtaler Grenselandet AS området for vindparken som karrig, beståande stort sett av blokkstein: «Dette er et naturleg unnvikelsesområde for rein.»
Fire vindparkar i Finnmark skal snart på høyring
Davvi er ein av fire aktive vindkraftsaker i Finnmark. Dei tre andre er Laksefjorden, Digermulen og Sandsfjellet. Alle desse områda er også tilknytt beiteområde til rein.
NVE planlegg høyring av dei fire områda i løpet av vinter og vår 2023.