Nyheter

No må tobarnsmora Faustina forlata Noreg

VEDTAK: Staten ber Faustina og ektemannen ta valet om ho skal ta barna på 2,5 år og 5 månader med seg tilbake til heimlandet.

– Dei splittar ein familie. Eg og mannen min veit ikkje kva me skal gjera no. Eg må ut av landet innan tre veker. Skal eg ta med barna, eller lata dei bli igjen? Skal me selja huset og reisa saman?

Faustina er fortvila når ho snakkar med Vårt Land fredag ettermiddag. Ho har norsk ektemann og to små barn, den yngste 5 månader gammal.

Torsdag fekk ho beskjed om at ho har tre veker på seg på å forlata landet.

Sist helg fortalde Vårt Land historia til henne og søstrene Gloria og Brenda. Dei kom til Noreg på familiegjenforeining med far i 2016. Familielivet var prega av uro og konfliktar. Etter 15 månadar under same tak, kasta faren dei ut heimanfrå.

No vil også Noreg ha ut dei tre søstrene. Den eine grunnen er at søstrene ikkje lenger «utøver et familieliv» med far.

Den grunngjevinga har vakt oppsikt og kjem til å bli diskutert på Stortinget dei komande vekene.

Ein krevjande situasjon i heimen

Utlendingsnemnda (Une) er klageinstans for utlendingssaker.

I avslaget viser Une til at Faustina fekk opphald i Noreg for å bli gjenforeina med far. Une meiner at den manglande kontakten med far inneber eit brot på «den grunnleggende forutsetningen om et familieliv i Norge».

I vedtaket skriv Une at Faustina «utvilsamt» har hatt ein svært krevjande og vanskeleg situasjon heime hjå far etter ho kom til Noreg. Une viser til fleire bekymringsmeldingar om korleis søstrene hadde det heime.

Une skriv at dei «ser hen» til at søstrene må sjåast som å vera utan skuld i at familielivet med far er brote.

Tema på Stortinget

Historia til Faustina, Gloria og Brenda blir no teken opp på Stortinget. Både Raudt og SV vil ha svar på kva vern barn har, om dei kjem på familiegjenforeining til Noreg.

– Saka om dei tre søstrene som no risikerer utkasting frå Noreg fordi dei ikkje lenger «utøver eit familieliv» med faren er heilt ubegripeleg. Den viser tydeleg at det er eit altfor dårleg rettsvern for barn som kjem på familiegjenforeining til Norge.

Brenda, Gloria og Faustina kom til Norge på familiegjenforening. De ble kastet ut hjemmefra som barn. Nå må de ut av Norge.

Det skreiv Tobias Drevland Lund i Raudt i ein e-post til Vårt Land. Han sa Raudt vil stilla forslag om å styrkja vern av barn som kjem på familiegjenforeining.

SVs Grete Wold har sendt skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). Svaret er venta neste veke.

Far leverte inn kopi av pass

UDI og Une gjev to sjølvstendige grunnar til at Faustina mister opphaldstillatinga. Dei eine er at ho ikkje lever med far. Den andre er at ho skal ha oppgjeve feil alder.

Då dei tre søstrene søkte opphald i Noreg i 2016, brukte dei pass som viste at alle tre var umyndige. I passet var Faustina 14 år. Norske styresmakter meiner desse identitetane ikkje stemmer, og at Faustina var 17 år då ho søkte.

I februar 2018 fortalde faren politiet at det var oppgjeven feil alder på døtrene. Året etter leverte faren inn kopi på tre pass på døtrene. Her er Faustina 17 år.

Det er opplysingane frå far og pass-kopiane han leverte inn, som Une legg til grunn for at Faustina har gjeve feil opplysningar til norske styresmakter.

I tillegg viser dei til at Faustina i intervju med Une ikkje svarar klart på kor gammal ho var då ho begynte på skulen.

En slik familiesplittelse vil imidlertid vere et resultat av familiens valg

—  UNE-vedtaket

Kan koma tilbake etter 2 år

I vedtaket skriv Une at dei har vurdert omsynet til dei to barna til Faustina og ektemannen Kenneth. Barna er ei jente på 2,5 år og ein gut på fem månader.

Av omsyn til dei to barna har Une redusert innreiseforbodet frå 5 til 2 år. Det betyr at Faustina kan søka om familiegjenforeining med ektemannen når det har gått to år.

Meiner ektemannen kan flytta

I vedtaket skriv Une at det minst belastande for barna vil vera å følgja med Faustina til heimlandet «sett hen til deres unge alder».

Brenda, Gloria og Faustina kom til Norge på familiegjenforening fra Ghana. De ble kastet ut hjemmefra som barn. Nå må de ut av Norge.

Une peiker på at det er mogleg for Kenneth å få opphaldsløyve i heimlandet til Faustina.

«Dersom familien ikke følger med klageren til hennes hjemland, vil familien bli splittet. En slik familiesplittelse vil imidlertid vere et resultat av familiens valg.»

Om Kenneth blir igjen i Noreg, viser Une til at familien vil kunne halda kontakt gjennom telefon, sosiale medium og eventuelle besøk til heimlandet hennar.

Eit alternativ er at Kenneth og barna blir igjen i Noreg. Une skriv at også det yngste barnet vil kunne begynne i barnehage etterkvart, men at eit relasjonsbrot med mor vil «være en stor belastning for barna».

Utreisefrist før rettssaka begynner

Gloria og Brenda fekk utreisefrist i oktober. Søstrene har gått til sivilt søksmål mot staten ved Une. Saka går 21. og 22. mars i Oslo tingrett.

Faustina er no utvist frå Noreg, med utreisefrist 16. mars. Det er under ei veke før rettssaka til søstrene tek til.

Advokatfullmektig Lise Stefanussen representerer dei tre søstrene. Ho seier ho vil be Une om ei utsett iverksetting slik at Faustina ikkje blir kasta ut før endeleg dom i Oslo tingrett.

– Det vil vera veldig synd for søstrene om dei blir kasta ut før rettssaka begynner. Denne saka er alvorleg og viktig for dei, og dei har stort behov for å følga saka, seier Stefanussen.

Stefanussen seier ho vil be om at Faustina si sak skal bli del av søksmålet til Gloria og Brenda.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter