– Saka om dei tre søstrene som no risikerer utkasting frå Noreg fordi dei ikkje lenger «utøver eit familieliv» med faren er heilt ubegripeleg. Den viser tydeleg at det er eit altfor dårleg rettsvern for barn som kjem på familiegjenforeining til Norge.
Det skriv Tobias Drevland Lund i Raudt i ein e-post til Vårt Land.
I helga fortalde Vårt Land om dei tre søstrene Faustina, Gloria og Brenda som kom til Noreg på familiegjenforeining i 2016.
Dei kom for å bu saman med ein far dei ikkje kjende godt. Familielivet braut saman, og far kasta dei ut heimanfrå.
Staten oppgjev «manglande utøving av familieliv» som ein sjølvstendig grunn til at jentene får opphaldstillatinga trekt tilbake.
Historia haustar reaksjonar frå både Raudt og SV, som lover å følga opp saka i Stortinget.
Opnar for lovendring
– Som Noas poengterer i artikkelen, vil barn som opplever vonde ting heime ha eit insentiv for å ikkje seia ifrå, slik lovverket er i dag. Det er problematisk, skriv Tobias Drevland Lund i Raudt.
Noas, Norsk organisasjon for asylsøkere, har til Vårt Land peika på paragraf 53 i utlendingslova. Paragrafen opnar for at ektefelle eller sambuar som kjem på familiegjenforeining og blir utsett for mishandling, kan få opphald på sjølvstendig grunnlag.
Den same bestemminga gjeld ikkje for barn som kjem på familiegjenforeining.
Tobias Drevland Lund i Raudt vil sjå på om paragraf 53 bør utvidast eller om det er trengst ei eiga lovbestemming som vernar barn som kjem på familiegjenforeining.
– Uansett, dette kjem me til å følgja vidare opp i form av forslag i Stortinget. Akkurat korleis forslaget blir sjåande ut vil me koma tilbake til, men denne saka har vist at utlendingslova har hol som det er viktig å få tetta, skriv han.
Han skriv at forslaget sannsynlegvis vil bli fremma under behandlinga av Raudts representantforslag om betre vern mot partnarvald for kvinner med flyktning- og innvandrarbakgrunn. Dette skal behandlast i Stortinget 13. mars.
Stiller spørsmål til ministeren
Også SV reagerer på historia til Faustina, Gloria og Brenda.
– Dette er nok eit døme på korleis staten let innvandringsregulerande omsyn gå framfor sunn fornuft. Denne saka er heilt urimeleg.
Det seier SVs Grete Wold til Vårt Land. Onsdag sende ho eit skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp):
«Vil statsråden ta initiativ til å sikre at barn og unge som blir utsatt for omsorgssvikt/mishandling etter de har kommet til Norge på familiegjenforening med en eller begge foreldre, får samme rett som ektefeller/samboere til å få en ny oppholdstillatelse på selvstendig grunnlag jfr utlendingslovens § 53?»
I begrunnelsen skriv Grete Wold at det er svært bekymringsfullt om barn blir redde for å kontakta barnevernet. Ho viser til at foreldre kan truga med at barna blir sende ut av landet om dei ikkje gjer som foreldra seier eller kontaktar barnevernet for hjelp.
SV-representanten seier til Vårt Land at ho i første omgang vil vita om dagens lovverk gjev nok rom for å ta omsyn til barns beste i saker rundt familiegjenforeining.
– Om det er behov for å endra lova, så er det vi politikarar som må gjera det.
[ Putins «hellige krig»: – Russland får mer støtte fra andre konservative land med retorikken ]
Fortel om krevjande forhold
Dei tre søstrene Faustina, Gloria og Brenda kom på familiegjenforeining i 2016. Familielivet med faren var prega av store konfliktar. Før jul 2017 vart dei kasta ut heimanfrå.
Søstrene seier dei ikkje vart slegne av faren, men fortel om krevjande forhold i heimen. Faren kjenner seg ikkje igjen i deira framstilling.
No lever Gloria og Brenda i skjul for politiet. Dei har saksøkt UNE og ventar på at rettssaka deira skal opp for Oslo tingrett.
Faustina ventar på at ankesaka skal opp for UNE. Ho fryktar for at ho må forlata Noreg. Ho er gift med ein norsk mann, dei har saman to barn.
To grunnar
UDI og Une gjev to sjølvstendige grunnar til at søstrene mister opphaldstillatinga. Den eine er at søstrene ikkje lever med far. Den andre er at dei skal ha oppgjeve feil alder.
Då dei tre søstrene søkte opphald i 2016, brukte dei pass som viste at alle tre var umyndige.
Norske styresmakter meiner desse identitetane ikkje stemmer. Dei meiner Brenda og Gloria var 19 år og 18 år då dei søkte opphald, medan Faustina var 17 år.
Desse opplysningane kom fram for styresmaktene etter at far involverte seg i saka.
SV: Søstrene har sterk tilknyting
– Desse søstrene har sterk tilknyting til Noreg. Det må vega tyngre enn me ser det gjer, seier Grete Wold i SV.
Ho peiker på ironien i at dei tre søstrene er utdanna helsefagarbeidarar.
– No sit me på Stortinget og behandlar saker om behov for bemanning i helsesektoren, og korleis me kan få fleire innvandrarar i arbeid. Det gagnar ikkje Noreg å kasta ut kvalifisert helsepersonell når me har mangel på den kompetansen.