Nyheter

Flyktning blir tvinga til å bruke opp fersk formue

TRYGDEAVGIFT: Flyktning frå Etiopia får betalt tilbake over ein kvart million kroner frå Skatteetaten. Dermed mistar ho Nav-støtte og blir pålagt å tære på den nye formuen.

– Ho fekk beskjed frå Nav om at ho mista den supplerande stønaden frå og med 1. januar. No må ho leve på formuen, altså pengane ho fekk betalt tilbake frå Skatteetaten, fortel personen som hjelpte flyktningen med å fremje kravet om å få refundert innbetalt trygdeavgift.

Både hjelparen og flyktningen vil vere anonyme. Vårt Land kjenner identiteten deira.

Dei ureturnerbare, dei med endeleg avslag på asylsøknaden – såkalla «papirlause» – har lenge skapt overskrifter. Les tidslina nedst i denne artikkelen.

Skulle ikkje betalt trygdeavgift

Vårt Land fortalde sist veke om den etiopiske flyktningen som hadde lov til å arbeide, men som ikkje skulle ha betalt inn trygdeavgift til Skatteetaten.

I haust fekk ho betalt tilbake den feilaktig innkravde avgifta på 232.250 kroner for åra ho var i arbeid, 2002-2011. Fordi ho ikkje var medlem av folketrygda skulle ho aldri betalt trygdeavgifta. No ventar ho på rentene som er lova.

I 2021 fekk ho mellombels opphald i Norge gjennom amnestiet for eldre, ureturnerbare med lang butid i Norge. Amnestiet blei innført av Solberg-regjeringa.

Skal spare milliardar

Ved årsskiftet blei kvinna ramma av Solberg-regjeringas trygdeinnstramming, som samla fleirtal i Stortinget i 2017.

Fram til 1. januar 2018 fekk flyktningar eldre enn 67 år, som ikkje hadde oppteningstid i folketrygda, i praksis minstepensjon livet ut.

For på sikt å spare staten for opp mot fem milliardar kroner, tok Solberg-regjeringa og Stortinget alderspensjonen, eller trygda, frå flyktningane som anten var over 67 år eller uføre, og erstatta ho med ein supplerande stønad.

I praksis er dette ein statleg form for sosialhjelp, ei behovsprøvd ordning utanfor folketrygda.

Stønaden skil seg frå den gamle ordninga på eit viktig punkt: Supplerande stønad blir berre gjeve for eitt år om gongen. Mottakarane må søkje kvart år.

Motivasjonen til Solberg-regjeringa for innstramminga var likebehandling:

«Ved å fjerne særrettighetene for flyktninger blir denne gruppen likebehandlet med alle andre grupper i Norge, som norske borgere som kommer tilbake fra lange utenlandsopphold», sa dåverande arbeidsminister Anniken Hauglie (H) til NTB då ho la fram innstramminga i 2016.

trygd

Nav peikar på formue

I dag utgjer supplerande stønad for ein einsleg 17.464 kroner i månaden – eller 209.568 i årleg yting.

Nav har fleire økonomiske krav til dei som søkjer:

  • All inntekt og formue frå Norge og utlandet blir reikna med når søknad blir vurdert, inkluderer også ektefelle, sambuar og registrert partnar.
  • Samla formue må vere under 55.739 kroner.

«Staten gjev og staten tek»

– Konkret betyr dette at kvinna må leve på pengane ho får tilbake frå Skatteetaten. Når formuen har krympa til rundt 55.000, må ho på nytt vende seg til Nav og be om supplerande stønad, forklarar hjelparen til kvinna.

Staten gjev og staten tek

—  Flyktningens hjelpar

– Korleis opplever ho dette, at først lever ho på stønad, så får ho ein større sum pengar, som ho nesten må bruke opp, før ho igjen må søkje stønad?

– Staten gjev og staten tek, seier no eg. Ho opplever at akkurat no og ei tid framover har ho ein økonomisk fridom ho aldri har opplevd tidlegare.

Hjelparen fortel at kvinna lever eit svært forsiktig liv, økonomisk sett, så det blir å tære på formuen, i vissa om at ein dag må ho søkje stønad igjen.

---

Trygdeavgift

  • Fram til 2011 fekk papirlause og ureturnerbare personar eit D-nummer, eller eit mellombels personnummer. Dermed kunne dei få skattekort frå Skatteetaten og rett til lovleg, løna arbeid.
  • Desse betalte også inn trygdeavgift. Det skulle dei ikkje gjort, for dei hadde ikkje gyldig medlemskap i folketrygda.
  • No har Skatteetaten returnert innbetalt avgift til ein flyktning, som også har fått opphald i Norge

---

Skal avlaste kommunane

Ordninga med statleg sosialhjelp, eller supplerande stønad, blei innført med Utjamningsmeldinga frå 1999. Ho blei lagt fram av sosialminister i Bondevik 1-regjeringa, Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), og var meint som inntektssikring for ei lita gruppe som fall utanfor andre ordningar.

Ordninga kom for å avlaste sosialhjelpsbudsjetta til kommunane.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter