Nyheter

Flyktningar må ha hjelp for å få tilbakebetalt pengar frå staten

MILLIONKRAV: – Dei som har rett på å få tilbake innbetalt trygdeavgift vil ikkje få ei krone om dei ikkje får hjelp, seier Trude Hellesø i Mennesker i Limbo. Raudt ber finansministeren gripe inn og instruere Skatteetaten.

Ei etiopisk kvinne som hadde lov til å arbeide, men ikkje skulle betalt trygdeavgift, får betalt tilbake den feilaktig innkravde avgifta på 232.250 kroner, pluss renter, fortalde Vårt Land onsdag.

Fordi ho ikkje var medlem av folketrygda skulle ho aldri betalt trygdeavgifta.

Skatteetaten opplyser til Vårt Land at dei som er i same situasjon som kvinna, må sjølve fremje krav om å få tilbakebetalt trygdeavgifta.

Mange er uvitande

På Stortinget reagerer fleire parti på Skatteetatens praksis:

– Eg tykkjer det som kjem fram i denne saka er heilt vilt. Dette er menneske staten skuldar store summar for feilinnbetalte trygdeavgifter, og Skatteetaten har ikkje gjort jobben sin for å finne dei og betale dei tilbake, seier Raudts Tobias Drevland Lund til Vårt Land.

SVs Grete Wold tek opp saka med finansministeren i eit skriftleg spørsmål til Trygve Slagsvold Vedum (Sp), for «(...) det kan være mange som ikke «oppdager» det som er skjedd urettmessig», skriv ho.

Ho ber Vedum svara på kva som er gjort:

«Hva har statsråden gjort for å sikre at flest mulig av ofrene for den feil innkrevde trygdeavgift nå har fått den nødvendige informasjon slik at de ikke lever i villfarelse?»

Vedum må svare på Wolds skriftlege spørsmål innan slutten av neste veke.

Trude Hellesø fra Mennesker i Limbo

Er avhengige av hjelp

Organisasjonen Mennesker i Limbo, som hjelper papirlause og ureturnerbare, filleristar praksisen til Skatteetaten:

– Dei som har rett på å få tilbake innbetalt trygdeavgift vil ikkje få ei krone om dei ikkje får hjelp, seier Trude Hellesø.

Som aktiv i organisasjonen over år kjenner ho godt dei mange som er i målgruppa for å få tilbake pengar frå Skatteetaten.

– Mange strevar med norsk, både munnleg og skriftleg. Dei vil ikkje klare å skrive eit kravbrev til Skatteetaten. Dei strevar endå hardare med å orientere seg i det norske byråkratiet, til dømes finne fram til rett dokumentasjon som dei kan leggje ved kravet, fortel Hellesø.

Mange tusen kan ha krav

Ho seier at Mennesker i Limbo har begrensa med ressursar, men at dei prøver å hjelpe så mange dei kan.

Arne Viste, som har årelang røynsle med å hjelpe denne gruppa, gjennom eit vikarbyrå, fortel at mange ikkje ein gong veit at dei har krav på å få betalt tilbake summen dei betalte i trygdeavgift. Han meiner at kring 3.000 flyktningar hadde skattekort og løna arbeid og betalte inn trygdeavgift fram til praksisen blei stramma inn i 2011.

Utan hjelp hadde ho ikkje evna å fremje kravet til Skatteetaten

—  Frivillig hjelpar

Frivillig er byråkratilos

Den etiopiske kvinna som har fått tilbakebetalt 232.250 kroner, og ventar på rentesummen, hadde ein hjelpar.

– Utan hjelp hadde ho ikkje evna å fremje kravet til Skatteetaten, seier hjelparen som vil vere anonym.

Vårt Land kjenner identiteten til vedkommande.

Kvinna fekk avslag på asyl etter å ha komme til landet i 1999, men arbeidde lovleg fram til 2011 då reglane blei stramma inn. I 2021 fekk ho likevel opphald i Norge. Ho blei omfatta av eingongsløysninga for eldre, lengebuande asylsøkjarar med endeleg avslag.

Hjelparen til den etiopiske kvinna omtalar seg som ein «frivillig», og starta å hjelpe henne i 2011.

– Ho møtte eit komplisert byråkrati, som ho opplever svært vanskeleg å finne fram i.

Då flyktningen søkte om alderspensjon, fekk ho beskjed om at ho ikkje hadde rett på dette sidan ho ikkje var medlem av folketrygda.

---

Trygdeavgift

  • Fram til 2011 fekk papirlause og ureturnerbare personar eit D-nummer, eller eit mellombels personnummer. Dermed kunne dei få skattekort frå Skatteetaten og rett til lovleg, løna arbeid.
  • Desse betalte også inn trygdeavgift. Det skulle dei ikkje gjort, for dei hadde ikkje gyldig medlemskap i folketrygda.
  • No har Skatteetaten returnert innbetalt avgift til ein flyktning, som også har fått opphald i Norge.

---

Representantforslag om å sikre barn individuell klagerett etter barnekonvensjonen.

Ber Vedum instruere etat

Tobias Drevland Lund (R) meiner finansminister Trygve Slagsvold Vedum kan løyse saka:

– Eg vil oppmode finansminister Vedum om å instruere Skatteetaten til å prioritere å få løyst desse sakene så raskt som mogleg. Dersom det er så mange som 3.000 eller fleire, må dette bli prioritert. Det handlar om rettferd.

Vårt Land stilte politisk leiing i Finansdepartementet to spørsmål torsdag:

  • Korleis skal dei som snakkar/les dårleg norsk og er avhengige av hjelp for å fremje refusjonskrav, klare å fremje krav til Skatteetaten?
  • Kan det bli aktuelt å endre Skatteetatens praksis i desse sakene?

Kan hjelpe på engelsk

Kommunikasjonsrådgjevar Celine Lyse Augdal svarar på e-post:

«Personer kan henvende seg til Skatteetaten på engelsk og også andre språk dersom de ikke forstår norsk, for å få bistand og veiledning.»

«Skatteetaten har verken opplysninger om hvem som oppholder seg ulovlig i Norge, eller hvem som ikke er medlem av folketrygden. Skatteetaten vil derfor ikke på eget initiativ kunne finne frem til personer som feilaktig har betalt trygdeavgift. Derfor må personer som feilaktig har betalt trygdeavgift, be om endring på skattemeldingen eller i etterkant.»

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter