– Dette er ein skandale. Om Skatteetaten hadde villa kunne dei funne fram til alle som har betalt trygdeavgifta og betalt tilbake pengane. Men Skatteetaten har sete musestille og vona at få skulle fremje krav om tilbakebetaling.
Arne Viste er opprørt. I ei årrekkje har han hjelpt papirlause og ureturnerbare, personar som kom til Norge, søkte asyl, fekk endeleg avslag, men er blitt i landet fordi dei ikkje kan vende heim.
Viste snakkar om dei som i fleire år betalte inn trygdeavgift til staten fordi dei fekk lov til å ta løna arbeid, men som aldri skulle ha betalt ei krone, for dei hadde aldri medlemskap i folketrygda.
– Kor mange snakkar me om?
– Minst 3.000, og Skatteetaten kan identifisere dei aller fleste, seier Viste til Vårt Land.
Han driv eit vikarfirma, Plog2, som berre tilset ureturnerbare som vikarar. Viste kjempar for at ureturnerbare og papirlause skal få rett til å arbeide i Norge.
– Kor store summar har desse til gode hjå Skatteetaten?
– Det varierer frå person til person, men i samla sum er det snakk om mange millionar.
Om Skatteetaten hadde villa kunne dei funne fram til alle som har betalt trygdeavgifta og betalt tilbake pengane
— Arne Viste, dagleg leiar i Plog2
Må leggje fram dokumentasjon
Seksjonssjef Lene Marie Ringså i Skatteetaten går i rette med Vistes kritikk av etatens manglande innsats:
«Påstandene stemmer ikke», skriv ho i ein epost til Vårt Land.
Ringså forklarar at Skatteetaten alltid vil endre tidlegare fastsetjingar av skatt dersom ein person feilaktig har betalt trygdeavgift. Men i hovudsak må den einskilde fremje krav om tilbakebetaling:
«Dersom Skatteetaten enten har opplysninger om at en person ikke er medlem av folketrygden eller på en enkel måte kan skaffe slike opplysninger, vil vi kunne legge dette til grunn for skattefastsettingen hvis noen feilaktig har betalt trygdeavgift. I de aller fleste tilfeller vil ikke Skatteetaten selv ha, eller kunne skaffe de nødvendige opplysningane om dette, og da må den enkelte selv legge disse frem for oss.»
Tause om utfall
I 2019 avdekte Vårt Land at 79 papirlause og ureturnerbare hadde blitt ramma av ein tabbe hjå Skatteetaten. Dei hadde fremma krav om å få refundert innbetalt trygdeavgift, men sakene deira hadde blitt liggjande i åtte månader.
Skatteetaten beklaga, og lova å behandle sakene, men ville ikkje gå inn i einskildsaker då Vårt Land spurte om utfall. Vel to år seinare svarar Skatteetaten det same når Vårt Land på nytt spør om utfallet:
«Skatteetaten kan på grunn av taushetsplikten i skatteforvaltningsloven ikke kommentere enkeltsaker», melder seksjonssjef Ringså.
[ Regjeringa krev at papirlause reiser heim. Vestland vil gje dei meir hjelp ]
Får tilbake 232.250 kroner
No har ei kvinne fått tilbakebetalt hundretusen – og ventar på renter. Ho kom til Norge i 1999, søkte asyl og fekk endeleg avslag. Og enda i gruppa av ureturnerbare, for det var uråd å reise tilbake til Etiopia. Kvinna vil vere anonym. Vårt Land kjenner identiteten hennar.
I fjor fekk ho likevel opphald i Norge. Eingongsløysinga Solberg-regjeringa tilbau eldre, lengebuande asylsøkjarar med endeleg avslag omfatta henne.
Dermed søkte kvinna om alderspensjon frå Nav, for ho hadde arbeidd og betalt trygdeavgift. Runden med Nav avklarte at fordi ho ikkje hadde vore medlem av folketrygda skulle ho aldri betalt trygdeavgifta.
Kvinna kravde så refusjon. Skatteetaten returnerer 232.250 kroner for åra 2002-2011.
– Det var som å vinne i eit lotteri, seier ho til Frifagbevegelse.no.
I svarbrevet opplyser etaten ikkje noko om retten til renter på summen. Til Vårt Land fortel Skatteetaten at det skal ho og andre få:
«Personer som får tilbakebetalt feilaktig innbetalt trygdeavgift vil også få utbetalt renter», skriv seksjonssjef Ringså.
---
Trygdeavgift
- Fram til 2011 fekk papirlause og ureturnerbare personar eit D-nummer, eller eit mellombels personnummer. Dermed kunne dei få skattekort frå Skatteetaten og rett til lovleg, løna arbeid. Desse betalte også inn trygdeavgift.
- Det skulle dei ikkje gjort, for dei hadde ikkje gyldig medlemskap i folketrygda.
- No har Skatteetaten returnert innbetalt avgift til ein flyktning, som også har fått opphald i Norge.
---
Opprydding ramma papirlause
Det var Skatteetatens opprydding hausten 2010 som skapte problem for papirlause og ureturnerbare. Aftenposten avdekte at kriminelle lett kunne få godkjent falsk ID når dei søkte om mellombels personnummer.
Då Skatteetaten skjerpa inn rutinane ved årsskiftet 2010-2011, blei alle som hadde fått eit mellombels personnummer, eit D-nummer, pålagt å møte til fornya ID-sjekk for å få skattekort.
Dermed mista ei stor gruppe asylsøkjarar med endeleg avslag, i januar 2011, retten til å arbeide i Norge. Desse hadde fått D-nummer og med det skattekort. Styresmaktene konkluderte med at dei hadde tetta eit smotthol.
I åra fram til 2011 hadde dei som hadde hatt løna arbeid, heilt lovleg, betalt inn i trygdeavgift på 7,8 prosent av bruttoløn.
Fritak fra å betale trygdeavgift må kreves av den enkelte, enten på skattemeldingen eller i etterkant
— Lene Marie Ringså, seksjonssjef i Skatteetaten
Må be om refusjon
Skatteetaten opplyser til Vårt Land at dei som er i denne gruppa sjølve må vende seg til etaten og be om refusjon, etaten driv ikkje oppsøkjande arbeid:
«Skatteetaten har ikke opplysninger om hvem som ikke er medlem av folketrygden, så det legges som utgangspunkt til grunn ved skattlegging av en persons inntekt opptjent i Norge at vedkommende er medlem av folketrygden. Fritak fra å betale trygdeavgift må kreves av den enkelte, enten på skattemeldingen eller i etterkant», skriv seksjonssjef Ringså.