Nyheter

Frp: Dei som skal ut av Norge vil reise til Vestland

PAPIRLAUSE: Vestland fylkeskommunes innsats for papirlause gjev von om betre tider, seier flyktningorganisasjon. Fullstendig uansvarleg av Sp, meiner Framstegspartiet.

– Dette er totalt uakseptabelt. Me kan ikkje ha ein nasjonal politikk på området og ein heilt annan regionalt. Sett på spissen kan det føre til auka tilstrøyming av asylsøkjarar til Norge – og så, i neste omgang, fleire papirlause, asylsøkjarar med endeleg avslag til Vestland, seier Frp-politikar Terje Søviknes til Vårt Land.

Han har fartstid som ordførar i den gamle Hordaland-kommunen Os og som statsråd i Solberg-regjeringa, og sit no i Vestland fylkesting.

Vårt Land fortalde måndag at medan regjeringa krev at dei som får asylavslag reiser heim, vil Vestland fylkeskommune no hjelpe papirlause med fleire tenester og tilbod, som til dømes helse og utdanning.

Både justisministeren i Støre-regjeringa og fylkesordføraren i Vestland kjem frå Senterpartiet.

Politikken fleirtalet i Vestland fører sender tydelege signal til omverda; kom til Norge, for her kan du få hjelp

—  Terje Søviknes, Framstegspartiet

Refsar Senterpartiet

– Me vil utfordre den nasjonale politikken på området, for i dag har me ikkje ein god politikk. Norge bryt menneskerettane ved å ikkje tilby papirlause betre hjelp, sa fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland til Vårt Land måndag.

Frp-toppen Terje Søviknes er sterk motstandar av politikken fylkeskommunen ønskjer å rulle ut. Han og Frp støttar opp om den strenge, nasjonale politikken justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) fører på vegner av Støre-regjeringa.

– Politikken fleirtalet i Vestland fører sender tydelege signal til omverda; kom til Norge, for her kan du få hjelp.

Dette meiner Søviknes er heilt feil, for det er dei som treng vern som skal få bli i Norge, ikkje dei som får avslag på asylsøknaden.

– Kva tenkjer du om at Senterpartiet fører ein politikk i regjering og ein annan i Vestland fylke i denne saka?

– Det må Senterpartiet ta på kammerset, men det er fullstendig uansvarleg.

Vårt Land har kontakta Justisdepartementet med spørsmål til Sps justisminister Emilie Enger Mehl om Vestlands papirlauspolitikk. Les svar i botnen av saka.

Vonar Vestland viser veg

Lene Høigård ser totalt annleis på saka. Ho leiar organisasjonen Rettferdighet I Asylpolitikken (Ria) og helsar Vestlands papirlausepolitikk velkommen.

– No er det von om endring. Vestland kan gå føre og vise veg, seier Høigård til Vårt Land.

Ho meiner Vestland fylke med innsatsen for papirlause talar den knallharde politikken til regjeringa midt i mot.

– Begge regjeringspartia, Ap og Sp, er for å hjelpe papirlause i Vestland.

Eigen dag for papirlause

Sundag 8. januar var Lene Høigård med på å markere Yemanedagen åtte stader i Norge. Dagen har fått namn etter Yemane Teferi frå Eritrea. 8. januar 2016 døydde han på eit asylmottak på Bømlo etter 24 år i asylmottak i Sverige og Norge.

Dei som står bak dagen er organisasjonen Høigård leiar, Rettferdighet i asylpolitikken, og organisasjonane Mennesker i Limbo, Awa United, Internasjonal Kvinneliga for fred og frihet og Norge Kristne Råd.

Organisasjonane bak Yemanedagen krev endringar av regelverket som styrer asyl-og flyktningpolitikken. Mellom anna at papirlause får styrka rettar i det norske samfunnet – og at eingongsløysinga for eldre, ureturnerbare asylsøkjarar blir utvida.

Arrangementa på Yemanedagen blei støtta av LO, Norsk Folkehjelp, Kirkens Bymisjon og fleire bispedømme i Den norske kyrkja.

Kommunen støttar helsesenter

Medan Vestland fylkeskommune skal hjelpe papirlause med tenester som helse, utdanning og kollektivtransport, stiller Oslo kommune opp for papirlause som treng helsehjelp.

I innspurten med 2023-budsjettet vedtok fleirtalet i Oslo bystyre at kommunen skal løyve ein million kroner til Helsesenter for papirlause migrantar i år. Pengane skal brukast til:

  • Dekkje utgifter til ein legestilling, delar av ei jordmorstilling og viktige legemiddel.
  • Sikre Oslos papirlause helsetenester, inkludert barn og gravide.
  • Sikre papirlause akutthjelp frå spesialisthelsetenesta, utan at helseføretaket sender faktura.

Mehls svar

Vårt Land har spurt Sps justisminister Emilie Enger Mehl om hjelpetiltaka Vestland vil gje papirlause. Via kommunikasjonsavdelinga svarar statsråden at personar som har fått avslag på søknaden om vern i Norge pliktar å etterleve vedtaket og reise frå landet:

«I realiteten er det svært få som ikke kan reise til sitt hjemland etter avslag dersom de samarbeider om retur. De som trenger assistanse for å returnere gis tilbud om dette gjennom ulike returprogrammer. De som ikke forlater landet innen fristen for utreise, kan politiet uttransportere med tvang. Etter regjeringens syn er det viktig at de som ikke har fått beskyttelse forlater landet for å sikre tilliten til asylordningen.

Utover dette ønsker jeg ikke å kommentere de politiske prosessene i Vestland fylkeskommune eller det lokale tilbudet som gis til personer som oppholder seg innenfor den enkelte fylkeskommune.»

---

PAPIRLAUSE

  • Nøyaktig kor mange som lever som papirlause i Norge, veit ingen eksakt. Organisasjonen Mennesker i Limbo meiner det er snakk mellom 1.500 og 2.000 lengeverande, ureturnerbare personar. Av desse er 600—700 registrerte hjå utlendingsforvaltninga.
  • Ved utgangen av desember budde det 473 personar med utreisevedtak på norske asylmottak, opplyser Utlendingsdirektoratet.
  • Mange papirlause har komme til Norge som asylsøkjarar, fått endelege avslag, men har valt å bli verande. Fleire er ureturnerbare; dei kan ikkje vende tilbake til heimlandet, til dømes seier nokre land til å ta i mot borgarar som har flykta, andre manglar godkjent ID. Andre er illegale migrantar som oppheld seg i landet utan opphaldsløyve.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter