Nyheter

Støre nøgd med eiga fattighjelp – gjev meir, krev Velferdsalliansen

NYFATTIGDOM: Køane ved matutdelingane har knapt vore lengre. Regjeringssjefen meiner dei hjelper mange før jul. – Ikkje nok å vere julenisse i desember, seier Velferdsalliansen.

– Det er fint med ekstra millionar i desember, men dei som slit må ha ei inntekt å leve av resten av årets også, seier dagleg leiar i Velferdsalliansen, Honoratte BNN Muhanzi, til Vårt Land.

Velferdsalliansen er ei samanslutning av 21 organisasjonar og foreiningar som arbeider med å styrkje levekåra til økonomisk, sosialt og rettsleg vanskelegstilte.

LEIAR

«Gjer ikkje livet raust»

Etter statsminister Jonas Gahr Støres (Ap) oppsummering av hausten 2022 på tysdag, fekk Vårt Land snakke med regjeringssjefen om dei mange som no treng hjelp for å komme gjennom kvardagane – og høgtida som ventar.

– Kva tenkjer du om velferdsstatens evne til å ta hand om desse utfordringane?

– Det handlar om å sjå alvoret i den situasjonen dei er i, om å leggje til rette for at dei skal få den hjelpa dei treng for å klare seg, seier Støre.

Han vedgår at mange kan oppleve å få lite:

– Det er ikkje hjelp som gjer livet raust, men det skal ikkje vere usikkert om ein klarar å få endane til å møtast.

Vil støtte diakonale organisasjonar

Leiaren i Arbeidarpartiet meiner at den viktige hjelpa kjem frå to kantar – frå den private dugnadsinnsatsen og frå det offentlege.

– Det er hjelpa som blir gjeve frå familie, vener, nærmiljø, naboar som stiller opp for deg og frå velferdsstaten gjennom større ordningar. Dei to tinga er ein god kombinasjon.

Støre trekkjer her fram «Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors, ulike kyrkjelege organisasjonar som tek lokale initiativ».

– Eg er oppteken av at dei får støtte.

Seier regjeringa har ytt hjelp

Frå den andre kanten, frå det offentlege, har det i haust komme monaleg mykje ekstra hjelp, meiner regjeringssjef Støre.

Han listar opp:

– Me har auka bustøtta, me har auka satsane til minsteytingar, me har auka minstepensjonane og støtta til einslege forsørgjarar og til studentar.

Det er ikkje hjelp som gjer livet raust, men det skal ikkje vere usikkert om ein klarar å få endane til å møtast

—  Jonas Gahr Støre, statsminister

Fann 20 ekstra millionar

Sidan i sommar har hjelpeorganisasjonar meldt om auka pågang, særleg til utdelingane av mat og klede.

I november fann Støre-regjeringa 20 ubrukte millionar på 2022-statsbudsjettet. Kronene blei gjevne til ni organisasjonar som hjelper folk i ein vanskeleg livssituasjon. Mellom dei ni var Den norske kyrkja, Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors og Kirkens Bymisjon.

I desember fekk sosialhjelpsmottakarar ei ekstra økonomisk handsrekning frå regjeringa og SV. Alle får 1.000 kroner, pluss ytterlegare 1.000 per barn.

Ap, Sp og SV har sett av 100 millionar kroner til tiltaket. 50.000 sosialhjelpsmottakarar og 30.000 barn nyt godt av ekstrautbetaling.

---

Levekår i Norge

  • Med hjelp frå byrået Ipsos har Frelsesarmeen spurt eit representativt utval om dei har søkt ulike former for hjelp for å dekkje auka kostnader:
  • Nær ein av fire har spurt vener og familie om hjelp til å få kvardagen til å gå rundt i år.
  • Ein av fem har ikkje ein økonomi som dekkjer stadig høgare kostnader – og må be om hjelp, til dømes få mathjelp.
  • Statistisk sentralbyrå (SSB) melder at i 2021 hadde ein av ti nordmenn, ekskludert studentar, låginntekt. Det betyr at dei måtte klare seg med ei inntekt på 251.600 kroner eller lågare.

---

Ber om betre trygder

Honoratte BNN Muhanzi i Velferdsalliansen gjev Støre og regjeringa ros for å funne fram ekstra millionar i førjulstida.

– Men det er ikkje nok å vere julenisse i desember, det trengst ekstra kroner i dei 11 andre månadane også. Dei som slit økonomisk må få betre levekår heile året.

– Kva trengst å bli justert opp?

– Trygder, stønader og sosialhjelpssatsar, meiner Muhanzi.

Velferdsalliansen meiner ekstrautdelingane i desember er for «brannsløkking» å rekne. For dei som slit i desember, slit også over nyttår.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) besøker Frelsesarmeens institusjon, Elevator på Alnabru i Oslo.

Pressar på for betre ordningar

Sosialsjef Lindis Evja i Frelsesarmeen er samd. Akkurat som Muhanzi i Velferdsalliansen er Evja glad for ekstraløyvinga frå regjeringa. Frelsesarmeen har fått to millionar kroner.

– Behovet for mat er stort i Norge no, og over heile landet deler Frelsesarmeen ut, fortel Evja.

Men, understrekar ho, endå viktigare er det å få «gode ordningar» via Nav. Sosialsjefen peikar konkret på to grupper: Barnefamiliar må få meir i barnetrygd, og dei som står utanfor arbeidslivet treng betre ytingar.

Evja fortel at Frelsesarmeen pressar på for å få regjeringa til å føre ein djervare fattigdomspolitikk.

– Regjeringa lyttar, men burde gjort meir, seier Lindis Evja.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter