Nyheter

SV om atom-rapport som ikkje får støtte: – Eg reagerer veldig sterkt

KONFLIKT: Norsk Folkehjelp har ikkje fått pengar til rapport om atomvåpen. Ingrid Fiskaa (SV) gjev klar beskjed: – Dette er ikkje i tråd med budsjettforliket.

Ein rapport om atomvåpen har vore eit stridstema mellom Utanriksdepartementet og Norsk Folkehjelp i over eit halvt år. UD har skildra rapporten som noko som kan gje «ytterlegare polarisering», og har ikkje betalt ut støtte til rapporten.

Nyleg gjekk den LO-starta bistandsorganisasjonen Norsk Folkehjelp ut i Vårt Land med eit frontalangrep på Støre-regjeringa. Regjeringa blir skulda av Folkehjelpa for forsøk på å overstyra sivilsamfunnet.

No kjem regjeringas budsjettpartnar SV på banen.

– Eg reagerer veldig sterkt på at Norsk Folkehjelp ikkje har fått desse pengane. Dette er ikkje i tråd med budsjettforliket med SV.

Det seier Ingrid Fiskaa, utanrikspolitisk talsperson for SV til Vårt Land.

Har ikkje sett noko til pengane

I juni vart regjeringa einige med SV om revidert budsjett for 2022. Her fekk SV inn 1,6 millionar kroner i øyremerka prosjektstøtte til Norsk Folkehjelp.

2022.10.28 Oslo. Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette Killi Westhrin er aktuell med sak om avslag på støtte til publisering av Nuclear Weapons Ban Monitor 2022.

Dei pengane har Folkehjelpa ikkje sett noko til. Organisasjonen vil bruka pengane på å laga rapporten «Nuclear Ban Monitor». Rapporten måler framgangen til FN-traktaten som forbyr atomvåpen, ein traktat Noreg ikkje støtter.

Generalsekretær i Folkehjelpa, Henriette Westhrin, har fortalt Vårt Land om eit møte med politisk leiing i Utanriksdepartementet (UD) i august.

Her seier ho at UD gav beskjed om at regjeringa ikkje vil støtta rapporten, og at Folkehjelpa vart eksplisitt oppfordra om å søka pengar til eit anna prosjekt.

Det reagerer SV-Fiskaa på.

– Desse 1,6 millionar kronene i budsjettforliket med SV var heilt klart meint til denne rapporten. Om Norsk Folkehjelp ikkje får pengar til denne rapporten, vil det vera eit brot på budsjettavtalen med SV, seier Ingrid Fiskaa.

Det vil ikkje vere positivt for noverande forhandlingar om me ikkje kan stola på at regjeringa gjennomfører tiltak me alt er einige om

—  Ingrid Fiskaa

Set av 2,8 millionar i nytt budsjett

I SVs nye alternative budsjett for neste år, ligg Norsk Folkehjelp inne med ein post som spesifiserer at støtta er til rapporten «Nuclear Ban Monitor».

– Vår erfaring frå førre budsjettforlik viser at me må ha alle detaljar ned på papiret. Det er eigentleg ikkje ein måte me ønsker å driva politikk på, men sånn er det, seier Ingrid Fiskaa.

Ho seier at SV set av 2,8 millionar kroner til Folkehjelpas rapport i 2023.

Samtalar på politisk nivå

Atomvåpen-rapporten er tema for samtalar mellom SV og regjeringa, fortel Fiskaa.

– Me diskuterer no denne saka på politisk nivå mellom SV og regjeringa. Det handlar om å oppfylla ein avtale som er inngått. Dette er ein av fleire saker der SV ikkje opplever at budsjettforliket er oppfylt.

2022.10.28 Oslo. Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette Killi Westhrin er aktuell med sak om avslag på støtte til publisering av Nuclear Weapons Ban Monitor 2022.

Måndag førre veke starta forhandlingane mellom SV og regjeringa om neste års statsbudsjett. Dei skal etter planen vera ferdige innan 25. november.

UD: Folkehjelpa kan publisera dei rapportane dei vil

Vårt Land har tidlegare spurt Utanriksdepartementet om budsjettavtalen med SV sikrar pengestøtte til rapporten, utan å få svar. UD har heller ikkje kommentert kva som vart sagt i møtet med Folkehjelpa i august.

– Me føretrekker å kommunisera direkte med Norsk Folkehjelp, ikkje gjennom media, skreiv statssekretær Eivind Vad Petersson i ein e-post til Vårt Land.

Han skreiv vidare at regjeringa ikkje berre støtter organisasjonar som er på linje med regjeringas politikk:

– Regjeringa forvaltar desse tilskotsmidlane i tråd med Noregs utanriks- og sikkerheitspolitiske interesser. UD har gjeve og vil fortsetta å gje støtte til fleire organisasjonar som ikkje støttar regjeringas politikk. Norsk Folkehjelp står sjølvsagt fritt til å publisera rapportane dei måtte ønska.

«Kan bidra til ein ytterlegare polarisering»

I mai avslo UD å gje støtte til rapporten og viste til at «prosjektet kan bidra til ein ytterlegare polarisering i nedrustingsdebatten».

Vårt Land har spurt UD korleis den kan bidra til polarisering, og Eivind Vad Petersson svarte:

– Eg registrerer at Norsk Folkehjelp sjølv i ein prosjektsøknad til UD omtalar polarisering av atomvåpendebatten som ønskeleg.

Vårt Land har fått tilgang til denne delen av søknaden. Slik omtalar Folkehjelpa polarisering:

Nokre analytikarar karakteriserer den noverande debatten om atomvåpen som polarisert. Dette er et uunngåeleg, og på nokre måtar til og med ønskeleg, resultat av forsøk på å sette normativt press og endra status quo. Ei meir hensiktsmessig skildring av dagens debatt er etter Norsk Folkehjelps syn at atomavskrekking har blitt meir omstridd, som ein konsekvens av større mangfald og inkludering i debatten.

Originalversjon på engelsk her:

Some analysts characterize the current debate on nuclear weapons as polarized. This is an inevitable, and in some respects even desirable, outcome of attempts at applying normative pressure and changing the status quo. A more appropriate description of the current debate is in NPA’s view that nuclear deterrence has become more contested, as a consequence of greater diversity and inclusivity in the debate.

---

Omstridd atomrapport

  • Rapporten «Nuclear Ban Monitor» måler framgangen til FN-traktaten som forbyr atomvåpen.
  • Noreg støtter ikkje atomvåpenforbodet, og viser til våre forpliktingar i Nato.
  • Norsk Folkehjelp har laga årlege versjonar av rapporten dei fire siste åra. I to av åra har rapporten fått støtte frå den norske regjeringa.
  • I mai i år avslo Utanriksdepartementet (UD) å gje støtte til rapporten og viste til at «prosjektet kan bidra til ein ytterlegare polarisering i nedrustingsdebatten».

---


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter