Nyheter

Norsk Folkehjelp til frontalangrep på Støre-regjeringa

KONFLIKT: Norsk Folkehjelp meiner dei vart lova 1,6 millioner kroner til omstridd atomvåpen-rapport i juni. Dei har ikkje sett noko til pengane og meiner Utanriksdepartementet prøver å overstyra forsking.

– Eg synest det er ei djupt problematisk trend der regjeringa prøver å overstyra kva sivilsamfunnet skal halda på med, kva me skal forska på og kva som skal publiserast av fakta og dokumentasjon.

Henriette Westhrin møter Vårt Land i kontora til Norsk Folkehjelp i Oslo. På bordet framfor seg har generalsekretæren ein rapport på over 300 sider om verdas atomvåpen.

Prosjektet kan bidra til en ytterligere polarisering i nedrustningsdebatten.

—  Frå UDs avslag til Norsk Folkehjelp

Rapporten med namn «Nuclear Ban Monitor» har vore eit stridstema mellom Utanriksdepartementet og Norsk Folkehjelp i over eit halvt år.

Norsk Folkehjelp kallar seg «fagbevegelsens humanitære solidaritetsorganisasjon». No skuldar dei det Ap-leia Utanriksdepartementet for å feilinformera Stortinget og for forsøk på å overstyra sivilsamfunnet.

Fekk avslag frå UD

Rapporten «Nuclear Ban Monitor» måler framgangen til FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Den blir laga med statsstøtte frå land som New Zealand og Irland og har bidrag frå norske og internasjonale forskarar.

Norsk Folkehjelp har laga årlege versjonar av rapporten dei fire siste åra. I to av åra har rapporten fått støtte frå den norske regjeringa.

I mai i år avslo Utanriksdepartementet (UD) å gje støtte til rapporten og viste til at «prosjektet kan bidra til ein ytterlegare polarisering i nedrustingsdebatten». Saka blei då omtala i Dagsavisen.

2022.10.28 Oslo. Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette Killi Westhrin er aktuell med sak om avslag på støtte til publisering av Nuclear Weapons Ban Monitor 2022.

– Det er ikkje første gong me får avslag på ein søknad. Men det er første gong me får ei slik formulering. Me vart overraska, seier Westrin.

Me føretrekker å kommunisera direkte med Norsk Folkehjelp, ikkje gjennom media

—  Eivind Vad Petersson, statssekretær i UD

Har ikkje fått pengane etter budsjettforlik

Månaden etter avslaget, 14. juni, vart regjeringa einige med SV om revidert budsjett.

Her fekk SV inn fleire millionar i støtte til organisasjonar som jobbar mot atomvåpen. Blant dei var Norsk Folkehjelp, som fekk 1,6 mill. kroner øyremerka i prosjektstøtte.

– SV var i kontakt med oss på førehand, og spurte kva det vil kosta å gje ut denne rapporten. Me svara 1,6 millionar kroner, seier Westrin.

Ho meiner budsjettavtalen sikra Norsk Folkehjelp 1,6 millionar kroner til rapporten. Desse pengane har dei ikkje sett noko til.

2022.10.28 Oslo. Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette Killi Westhrin er aktuell med sak om avslag på støtte til publisering av Nuclear Weapons Ban Monitor 2022.

– Me vart oppfordra om å søka til anna prosjekt

Westrin seier ho vart invitert til møte av statssekretær i UD, Eivind Vad Petersson (Ap). Ho daterer møtet til 23. august.

– I møtet får me beskjed om at regjeringa ikkje vil støtta denne rapporten. Me blir eksplisitt oppfordra om å søka pengar til eit anna prosjekt.

– Får de noko grunngjeving for dette?

– Petersson sa at det er politisk bestemt og at regjeringa ikkje ønsker å støtta ein rapport på ein konvensjon som Noreg ikkje er tilslutta.

Noreg er mellom landa som ikkje vil underteikna FN-konvensjonen mot atomvåpen.

Regjeringa meiner denne ikkje er i samsvar med Nato-medlemskap og sikkerheitspolitisk samarbeid med atommaktene USA, Storbritannia og Frankrike.

Vårt Land har spurt Utanriksdepartementet om kva som vart sagt i dette møtet, og lagt fram Westrins versjon.

– Me føretrekker å kommunisera direkte med Norsk Folkehjelp, ikkje gjennom media, skriv Eivind Vad Petersson i ein e-post.

Det fulle svaret kjem lenger ned i artikkelen.

Det er djupt problematisk at regjeringa ønsker å styre kva slags forsking som skal bli offentleggjort.

—  Henriette Westhrin, Norsk Folkehjelp

Meiner UD har feilinformert Stortinget

I oktober legg så regjeringa fram statsbudsjettet. Her kvitterer Utanriksdepartementet ut forliket med SV, og skriv:

«Departementet er i dialog med Norsk Folkehjelp om innretning av prosjektstøtten. Departementet anser med dette at vedtaket er fulgt opp».

Dette meiner Norsk Folkehjelp er feil.

– Eg meiner Utanriksdepartementet har feilinformert Stortinget i denne saka. Det er frykteleg alvorleg. Den einaste dialogen dei har hatt med oss, er å seia at søknaden er avvist og invitert oss til å søka på eit anna prosjekt.

Westrin har sjølv bakgrunn som SV-statssekretær for ulike departement frå 2005 til 2013.

– Eg har ikkje opplevd liknande situasjonar. Som statssekretær var eg oppteken av at informasjon til Stortinget skal vera korrekt.

UD: Norsk Folkehjelp omtalar polarisering som ønskeleg

Vårt Land har lagt fram kritikken frå Norsk Folkehjelp til Utanriksdepartementet.

Statssekretær Eivind Vad Petersson skriv på e-post til Vårt Land:

t

– Eg registrerer at Norsk Folkehjelp sjølv i ein prosjektsøknad til UD omtalar polarisering av atomvåpendebatten som ønskeleg.

Han skriv vidare:

– Regjeringa forvaltar desse tilskotsmidlane i tråd med Noregs utanriks- og sikkerheitspolitiske interesser. UD har gjeve og vil fortsetta å gje støtte til fleire organisasjonar som ikkje støttar regjeringas politikk. Norsk Folkehjelp står sjølvsagt fritt til å publisera rapportane dei måtte ønska.

I e-posten skriv han at Noreg i sommar deltok som observatør på FN-konferansen om atomvåpenforbod.

Får støtte frå tidlegare NUPI-direktør

Rapporten det er strid om, gjev ei oversikt over fordelinga av atomvåpen rundt om i verda. Den lister opp korleis 197 land stiller seg til FNs atomvåpenforbod. Land som støttar forbodet er markert med fargen grøn, land som ikkje har bestemt seg får fargen gul.

Noreg er eit av 42 land som er markert i raudt. Noreg støtter ikkje atomvåpenforbodet, med tilvising til våre forpliktingar som Nato-land.

Sverre Lodgaard, professor emeritus og tidlegare NUPI-direktør, er mellom forskarane som har bidrege til kvalitetskontroll med tidlegare utgåver av rapporten.

f

– Det er ein faktabasert rapport. I sitt slag gjev den veldig nøyaktig og påliteleg informasjon. Den tek ikkje stilling i den polariserte debatten for eller mot forbodsavtalen.

Han seier debatten rundt atomvåpenforbod er vanskeleg for regjeringa.

– Forbodsavtalen seier nei til all bruk av kjernefysiske våpen og trugslar om bruk. Det står jo i strid med Nato-dokument som Noreg har vore med på.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter