Nyheter

Livsfarleg å vere miljøaktivist – 1.733 drepne på ti år

MILJØKAMP: Kvar andre dag mistar ein miljøaktivist livet.

5. juni forsvann urfolkseksperten og aktivisten Bruno Araújo Pereira i Brasil. Han var på reise saman med den britiske journalisten Dom Phillips.

Dei var på veg mot den nordvestlege delen av Brasil, nær grensene til Peru og Colombia. Området er særleg herja av valdelege konfliktar mellom fiskarar, jegerar og styresmakter.

Pereira hadde tidlegare leia den lokale greina til den brasilianske urfolks-etaten Funai og deltatt i fleire operasjonar mot ulovleg fiske. Phillips arbeidde særleg for avisa The Guardian.

15. juni blei begge funne døde. Tre menn er sikta for drapa.

LES OGSÅ: «Klimadrap må på politisk dagsorden»

Ein mistar livet annakvar dag

Lista over aktivistar som blir drepne fordi dei kjempar for å verne natur og klima, er lang og brutal. 1.733 aktivistar er drepne i tiåret 2012-2021, melder organisasjonen Global Witness i ein fersk rapport.

Det betyr at annakvar dag kostar kampen ein aktivist livet.

Men, legg Global Witness til, der er mørketal, for fleire drap på aktivistar, særleg urfolk, går under radaren.

---

Global Witness

  • Etablert i 1993, ein internasjonal organisasjon som kartlegg samanhengane mellom utvinning av naturressursar og konfliktar, fattigdom, korrupsjon og brot på menneskerettar.
  • Har kontor i London og Washington.

---

Den høyreekstreme sittende presidenten Jair Bolsonaro håper på gjenvalg i Brasil. Foto: Andre Penner / AP / NTB

Skuldar på presidenten

Eit kontinent og eit land skil seg ut. Latin-Amerika er overrepresentert – og aller øvst på drapsoversikta ligg Brasil.

Etter at Bruno Araújo Pereira og Dom Phillips blei funne nedgravne i ein avsidesliggjande del av Amazonas juni, der narkotrafikk, uregistrerte gullgruver og ulovleg fiske er utbreidd, har brasilianske aktivistar lagt skulda for drapa på Brasils president Jair Bolsonaro, som har opna for kommersiell utnytting av regnskogen i Amazonas.

Vel å ta risikoen

– Tilhøva i Brasil er dramatisk forverra dei seinare åra, seier Ellen Hestnes Ribeiro til Vårt Land.

Ho leiar Brasil-programmet i Regnskogfondet, som arbeider med å redusere risikoen for aktivistane og organisasjonane dei samarbeider med i Brasil, og då særleg i Amazonas.

– Dei fleste har to alternativ, ta risikoen eller flytte derifrå. Mange vel å ta risikoen.

For skal det gode livet i regnskogen bli ført vidare, vel ein å stå opp mot dei som trengjer seg inn, forklarar Ribeiro.

Tilhøva i Brasil er dramatisk forverra dei seinare åra

—  Ellen Hestnes Ribeiro, Regnskogfondet

Byggjer ned statleg nærvær

Når Brasil-programleiaren skal forklare den dystre drapsstatistikken i landet, peikar ho på to ting: Ein sterkt fiendtleg retorikk frå styresmaktene mot urfolk og nedbygging av institusjonane som skal verne urfolk.

Difor vonar Regnskogfondet at Brasil får ei regjering som vil styrkje rettane til landets urfolk etter presidentvalet 30. oktober.

Då møter sitjande president Jair Bolsonaro utfordraren og ekspresident Luiz Inacio Lula da Silva til andre valrunde.

død

---

Dei ti dødelegaste landa

I det kartlagde tiåret er dette den dystre ti-på-topp-drapslista frå Global Witness:

  • Brasil 342 drepne.
  • Colombia 322.
  • Filippinane 270.
  • Mexico 154.
  • Honduras 117.
  • Guatemala 80.
  • India 79.
  • Kongo 70.
  • Nicaragua 57.
  • Peru 51.

---

Europa spør etter Brasil-produkt

Dei næringane som er skuld i flest drap på aktivistar, er gruvedrift, skoghogst og landbruk, ifølgje rapporten.

Global Witness peikar på at dei mange drapa på aktivistar heng saman med jakta på økonomisk vekst – og at særleg europeiske land importerer store mengder kjøt, trevare, råstoff til teknologi, frukt og grønsaker frå land i sør. Og særleg frå Amazonas.

Dødeleg jakt på energi

Krigen i Ukraina har skapt ei historisk energikrise i verda. Difor fryktar Global Witness at fleire aktivistar vil bøte med livet når dei står opp mot utvinning av særleg fossile råvarer.

Menneskerettsaktivisten Oscar Sampayo frå Colombia fortel BBC at jakta på olje og gass i sør blir intensivert, også i hans heimland. Dermed blir aktivistar som kjempar for natur- og miljøvern, langt meir utsette.

Sampayo mista tre vener i fjor.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter